Til deg som skal til Kvinneklinikken under Sykkel-VM

Sykkel-VM 16.-24. september fører til store endringar i trafikkavviklinga i Bergen.
Det er lurt om du set deg inn i disse endringane før du skal føde, men hugs det går fint å komme seg til Kvinneklinikken sjølv om trafikkbildet er endra.

SykkelVM
 

​Løypene i Bergen blir stengt for vanleg biltrafikk kvar dag mellom 08.30 og 19.00. Delar av sentrum er stengt heile døgnet.

Jonas Lies vei som går forbi Kvinneklinikken er open heile tida. For å køyre til Kvinneklinikken nyttar du vegen under VM opp Hunstadsvingen frå Ibsens gate, og så inn i Jonas Lies vei og inn til Kvinneklinikken.


 
Du finn all informasjon om trafikksituasjonen på nettsidene til Sykkel-VM

Det er laga ei sms-løysing som gjer at fødane lett skal komme seg til sjukehuset i drosje eller eigen bil. Om du treng å komme til KK, ring oss som vanleg (55 97 22 00), oppgi namn og telefonnummer. Då vil du få ein sms som du kan vise til politiet eller andre vaktar ved sperringar slik at du kan nytte vegar som eigentlig er forbeholdt drosje, kollektivtrafikk og ambulansar.

Utanom stengeperioden mellom 08.30 og 19.00 er trafikksituasjonen normal. Du kan køyre som vanleg.

Ambulansar har tilgang til alle områder heile tida. Det er fleire ambulansar stasjonert i og rundt Bergen sentrum enn vanleg. Desse kan sjølvsagt og frakte fødande om nødvendig.


Eller bør du følgje desse råda:

Planlegg kor du skal køyre i god tid før fødselen.

Du finn kart som viser kva område som er stengt på trafikksidene til Sykkel-VM

Tenk over at det kan ta lengre tid å køyre til Kvinneklinikken enn vanleg.

Hugs at før 08.30 og etter kl 19.00 er alle vegar opne.

Om du er usikker eller nervøs, ring oss, 55 97 22 00

Sjå elles

Det vil bli oppretta ei eiga rute med avgang litt oftare en kvart tiande minutt frå Bergen bystasjon til Haukeland.

Oppdatert informasjon om kollektivtilbudet blir lagt ut på Skyss sine nettsider etterkvart som den er klar.Her finn du eit kart som viser trafikksituasjonen i Bergen sentrum dag for dag under Sykkel-VMDu kan og lese meir om trafikksituasjonen på nettsidene til Sykkel-VM. Bergen kommune har og eigne sider om Sykkel-VM