Til alle nybakte og ammande mødrer

I løpet av oktober 2016 vil Nasjonalt kompetansesenter for amming (NKA) reevaluere Kvinneklinikken for å sjå om dei oppfyller krava som skal til for å vere eit mor-barn-vennleg sjukehus. 

 

Kva er eit mor-barn-vennleg sjukehus?

Èit mor-barn-vennleg sjukehus er eit kvalitetsstempel som blir gitt til sjukehus der dei er flinke til å fremje amming og tidleg nærkontakt mellom mor og barn. KK har vore mor-barn-vennleg sjukehus stort sett samanhengande sidan det blei innført i 1995. Prosjektet er ein del av kvalitetssikringa av rutinane ved norske fødeavdelingar.

Korleis bidra?

No er det tid for ei reevaluering, og alle nybakte og ammande mødrer med barn fødd frå og med 37 veker, kan bidra ved å svare på eit spørjeskjema frå NKA. Det er frivillig å delta i undersøkinga: