Samtale og samvalsverktøy ved førebuing til fødsel

Ventar du ditt første barn og vil vere med i eit prosjekt på Kvinneklinikken? Vi ønskjer å finne ut om bruk av samvalsverktøy og samtale om smertelindring hos jordmor er nyttig for deg som skal føde.

Gravid kvinne holder hendene på magen. Foto
 

Samvalsverktøy er ei skriftleg oversikt over fordelar og ulemper ved ulike smertelindringsmetodar som du kan bruke i fødsel. Det gir deg også ei moglegheit til å gjere eigne vurderingar om kva som er rett eller viktig for deg.

Jordmor ved Kvinneklinikken vil følgje dette opp med ein samtale med deg i svangerskapsveke 37. Samtalen vil vare i ca. 30. minutt.

Du kan bestille time på 55 97 43 26. Telefontid frå måndag-fredag kl. 08.00-15.00.

Samval betyr at du får hjelp av helsepersonell til å vurdere dei ulike alternativa for å kunne ta eit informert val. Målet er å få fram alle fordelane og ulempene, slik at de saman kjem fram til det alternativet som er mest i tråd med det som er viktig for deg.

Kjelde: Helsenorge.no

Prosjekt ved Kvinneklinikken i 2018

Dette er eit prosjekt ved Kvinneklinikken i 2018. For at vi skal vite noko om korleis samtalen og verktøyet fungerer vil vi gjerne stille deg spørsmål etter samtalen og igjen cirka 4 veker etter fødselen. Det er frivillig om du vil gi oss dine tilbakemeldingar.

Prosjektleiar

Lene Alfstad Haugen
Jordmor ved Kvinneklinikken

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.