Namneskifter på Fødeavdelinga

Frå 1. februar 2021 heiter Fødeavdelinga på KK sine tre forløpsbaserte einingar Føde A, Føde B og Føde C Storken.  

illustrasjon fra til fødenavn

– Med nye namn ønskje vi å gi signal om utvikling, samtidig held vi fast ved gode namn som sikrar identifisering for pasientar, pårørande og medarbeidarar, seier Martha Vadset, seksjonsjordmor på det som no blir Føde A. 


Det har vore viktig for dei tilsette og brukarrepresentantane våre å ha med «føde»-ordet vidare, når Kvinneklinikken i 2023 flytter inn i nytt bygg.

– Kanskje særleg fordi Glasblokkene ikkje seier noko om innhaldet i bygget, i motsetning til Kvinneklinikken. Føde-ordet femner både svangerskap, fødsel og barseltid, og det er mellom anna eit kort, lett forståeleg ord også for dei som ikkje kjenner norsk kultur og språk like godt, fortel Vadset.

Namnevalet blei bestemt av leiargruppa på KK i 2020, etter ei samla anbefaling frå ein breitt samansett gruppe.

Å skifte namn er ein liten, men synleg del av dei omfattande førebuingane KK gjer før innflytting i Glasblokkene. 

– Det tek gjerne litt tid å bli vand med nye namn, men det trur eg vi gå seg til. Vi som jobbar her må i alle fall øve oss på det av omsyn til pasientane våre. Etter 1. februar er det dei nye namna som vil møte dei i alle kanalar, anten det er skilt på sjukehuset, nettsider, innkallingar, sms og liknande, seier klinikkdirektør Susanne Albrechtsen.