Malawi-prosjektet

Mor/barn-samarbeidet med Malawi starta opp i 2007 og er eit klinisk samarbeidsprosjekt mellom kvinneklinikkane ved Haukeland universitetssjukehus (HUS), Oslo universitetssykehus (OUS) og Universitetssykehuset i Nord-Norge (UNN) og Kamuzu Central Hospital (KCH) og Bwaila Hospital i Lilongwe, Malawi.

I tillegg har Kvinneklinikken på Haukeland eit «klassisk» utvekslingsprogram med dei same sjukehusa i regi av Fredskorpset, der jordmødrer frå Malawi har utvekslingsopphald (6-12 månader) hos oss og jordmødrer frå Haukeland har utvekslingsopphald i Malawi.

Kvinneklinikken har den faglege leiinga av prosjektet, og administrasjonen går ut frå Avdeling for internasjonalt samarbeid (AIS) ved Haukeland universitetssjukehus.

Manglar helsepersonell

Malawi er eit av dei fattigaste landa i verda og har ein tilsvarande høg mor- og spedbarnsdødelegheit. Blant anna er mangelen på kompetent helsepersonell – mellom dei jordmødrer og fødselslegar - svært stor. 

Prosjektet blei sett i gong etter ein førespurnad om hjelp frå dåverande sjukehusdirektør ved KCH og avdelingssjef ved Obstetric/Gynae Dept. ved Kamuzu Central Hospital (KCH) / Bwaila i 2007. Prosjektet er finansiert av den norske ambassaden i Lilongwe.

T​ryggare svangerskap og fødslar

Overordna mål for prosjektet er «To increase the safety of pregnancy and delivery at Bwaila/Kamuzu Central Hospital by instituting the implementation of effective interventions in the management of pregnant women at the hospital».

Prosjektet består blant anna av:

  • ​Klinisk arbeid – ei norsk jordmor og ein norsk gynekolog arbeider til ei kvar tid ved KCH/Bwaila
  • Utdanning og kompetansebygging – utdanning av jordmødrer er i gong og spesialistutdanning startar opp i 2012
  • Internundervisning
  • Prosedyreutveksling
  • Infrastruktur og leiing
  • Medisinsk teknikk
  • IKT-utvikling

Legar og jordmødre frå Noreg

Frå 2007 fram til utgangen av 2011 har i alt ni legar og åtte jordmødrer frå dei tre norske sjukehusa vore stasjonert i Malawi, i periodar frå 9 veker til to år. Av desse er det fem jordmødrer og tre legar frå Kvinneklinikken på Haukeland.

Det blei gjort ein ekstern evaluering av prosjektet i 2010 etter første prosjektperiode, og dei positive resultata gjorde at prosjektet skal fortsetje ein del år framover, for så og fasast ut i 2018.