MoMaTEC2 - ulike protein innanfor kreft i livmora

Ulike protein utfører ulike oppgåver i cellene, og ved kreftsjukdom har ofte eit eller fleire protein fått endra si oppgåve slik at celleveksten kjem ut av kontroll.

Forskingsmateriale, prøver. Foto
 

​Studien går hovudsakeleg ut på å studere ulike protein innanfor kreft i livmora.

Ved å identifisere og studere dei ulike proteina som er involvert i kreftutviklinga, kan ein seie noko om prognose og kva behandling som er optimal for pasienten. Målet er å gje kvar pasient ei skreddarsydd behandling ut frå sin kreftsjukdom.

MoMaTEC2 er starta opp ved Kvinneklinikken (KK) på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Det er fleire sjukehus både i Norge og utlandet, slik at dette er eit stort og omfattende prosjekt. Det blir samla inn både blod, urin- og vevsprøver i tillegg til opplysningar om livskvalitet. Målet er at dette skal gje oss mykje ny kunnskap som kan nyttast for vår pasienter.

Erica Werner, postdoktor i forskingsgruppa og overlege på gynekologisk kreftavdeling på KK, er ansvarleg for studien.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.