Forskingsbiobank ved Kvinneklinikken

Ein biobank er i samling av humant biologisk materiale. Materialet vil vera blod, urin, buk væske, bitar frå vev og heile organ.

Blodprøver. Foto
 

​Det finst fleire ulike typar biobankar:

  • Diagnostisk biobank - materiale samla inn for å kunne stille diagnose
  • Behandlingsbiobank - materiale samla inn for bruk i behandling
  • Forskingsbiobank - materiale samla inn for forsking

Kva er føremålet med ein forskingsbiobank?

Biobankar har til føremål å maksimalt nytte bruken av biologisk materiale for å ein betre forståing av helse, årsaker til sjukdom og korleis ein kan betre behandlinga.

Forskingsbiobankar må godkjennast av regional komité for medisinsk og helsefagleg forskningsetikk (REK). Berre prøvar frå personer som har gitt samtykke vil bli inkludert i forskingsbiobanken.

Tilsett med forskingsmateriale og nitrogenfrysar. Foto 

Forskingsbiobanken ved Kvinneklinikken

I 2001 vart det oppretta ein forskingsbiobank ved Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Her har vi samla inn blodprøvar og bitar frå vev frå over 4000 pasientar med gynekologisk kreft. Det meste av materialet er samla på Kvinneklinikken, men vi har også fått prøver frå fleire andre sjukehus i både Noreg og Europa.

Dette er ein unik og stor samling av materiale frå pasientar med gynekologisk kreft, både i nasjonal og internasjonal målestokk. Forsking på dette unike materialet har resultert i svært mange publikasjonar i internasjonale anerkjente tidsskrift. Det har og ført til endringar i klinikken for korleis ein stiller diagnose og kva behandling pasientar får.

Forskingsprøvane

Blodprøvar vert tatt samtidig med dei ordinære blodprøvane. Bitar frå vev, urin og buk væske vert samla inn under operasjonen. Alle prøvar vert merka med eit unikt ID-nummer og oppbevart i store fryseskap på minus 80 gradar Celsius for seinare bruk.

I løpet av 2016 vert det oppretta ein stor, heilautomatisert biobank ved Haukeland universitetssjukehus. Her vert prøvane handtert av ein robot og eit elektronisk sporingssystem ved innsetting/uttak frå biobanken.

Forskingsprøver i biobank. Foto