FORECEE-prosjektet

FORECEE er eit forskingsprosjekt som har som mål å kartleggje kva risiko kvinner har for å utvikle kreft i bryst, eggstokkar, livmor og livmorhals.

​Forskingsprosjektet er unikt i sitt slag ved at ein ser både på arvelege faktorar (mutasjonar i arvestoffet), faktorar som bakterie/virus infeksjonar i tillegg til miljø og livsstils faktorar. Denne informasjonen skal brukast til å utvikla testar slik at ein kan sei kva risiko kvar enkelt kvinne har for å utvikla dei ulike kvinnelige kreftsjukdomane.

Prosjektet som vert leia av professor Martin Widschwendter ved University College London, er finansiert med støtte frå Den Europeiske Union (EC’ Horizon 2020 Programme) og The Eve Appeal (eveappeal.org.uk) som er ein engelsk velgjerande organisasjon som arbeidar aktivt med å skaffe pengar til forsking på kvinnelege kreftformer.

Til sammen vil 7240 kvinner fra hele Europa delta. I Noreg er det Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus som deltar, og seksjonsoverlege Line Bjørge er ansvarleg for prosjektet.

Vi håpar å få med vel 540 kvinner - der omlag 200 skal vere friske kvinner frå befolkninga og 340 skal vere personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose (eggstokk eller livmor), eller at dei har fått påvist arveleg genetisk feil som gjer at dei har auka risiko for å utvikle utvalde krefttypar. Dei som deltar må svare på eit spørreskjema. Vidare vil det bli tatt blodprøve, celleprøve og spyttprøve.

Vil du delta?

Ønsker du å delta, eller har du spørsmål knytt til dette prosjektet, kan du ta kontakt med forskingssjukepleiar på Kvinneklinikken:

Grete Augestad - telefon 977 56 614



 Logo for samarbeidspartnere. Grafikk