Gynekologisk kreft

Vår seksjon tar imot kvinner med kreft i underlivet. Hos oss får du tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og eventuell etterbehandling.

Les meir om Gynekologisk kreft

Gynekologisk kreft

Sykepleier på pasientrom. Foto 

Pasientane våre kjem frå heile landet, men dei aller fleste kjem frå Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar

  • Kreft i eggstokk eller eggleiar
  • Kreft i livmor
  • Celleforandringar i livmorhalsen
  • Kreft i livmorhalsen
  • Smertebehandling
  • Behandling og omsorg ved livets slutt (i samarbeid med smerteklinikken)

Pasientinformasjon ved operasjon

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege og anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. 

Undersøking i narkose (pdf)

Operasjon i narkose (pdf)

Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.

Overnatting

Seksjonen har eit godt samarbeid med Haukeland Hotell og fleire av pasientane som blir behandla hos oss bur der. Pårørande har også moglegheit til å overnatte på hotellet.

Daglege rutiner

På sengepost har vi legevisitt mellom kl. 09.00 og 12.00, og vaktskifte kl. 14.30-15.00. Vi har fleksibel besøkstid.

Mattilbod

På sengepost har vi bufféservering i spisesalen som vi deler med Seksjon for generell gynekologi:

Kl. 08.00-10.00 Frukost
Kl. 12.00-13.00 Lunsj
Kl. 16.00-17.00 Middag
Kl. 20.00-21.00 Kvelds 

Behandling hos oss kan og vere ikkje-operativ behandling. Døme på det er hormonbehandling, cellegift og strålebehandling. Strålebehandling blir gitt på Seksjon for stråleterapi ved Kreftavdelinga, etter du har vore gjennom ein utgreiing og har blitt undersøkt hos oss.  

Våre einingar

Sengepost

Våre pasientar er kvinner med kreft i underlivet. Nokon er ferdigbehandla etter opphaldet hos oss, medan nokon treng meir behandling. Vi tar imot kvinner som treng symptomlindring og lindrande behandling.

Vi har 14 sengeplassar.

Dagposten

Vi gir behandling med cellegift / cytostatika til kvinner med gynekologisk kreft. Vi har 6 behandlingsplassar.

Cytostatikapoliklinikken

Her kjem kvinner til poliklinisk undersøking i samband med cellegiftbehandling.

Studiesenter

Vi har eit eige studiesenter der vi i samarbeid med andre land forskar på best mogeleg cellegiftbehandling. Det kan hende at du som pasient vil få førespurnad om å vere med i ein studie. 

 

Vardesenteret

Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.  Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget (vegg i vegg med Sentralblokka i sjukehusparken).

Brukarorganisasjonar

Kontakt

Oppmøtestad
3. etasje, Kvinneklinikken

Logg inn for å endre time

Telefon
55 97 42 90
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

Informasjon om flybussen i jula 2017

​Flybussen mellom Flesland og Haukeland universitetssjukehus går som normalt (sjå tekst under) til og med 22. desember, men er innstilt i jul og romjul. Oppstart etter nyttår blir 2. januar 2018.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​

Celleforandringar i livmorhalsenhttps://helse-bergen.no/behandlinger/celleforandringar-i-livmorhalsenCelleforandringar i livmorhalsenCCelleforandringer i livmorhalsenCelleforandringer i livmorhalsenCelleforandringer i livmorhalsenCelleforandringer i livmorhalsen
Gynekologisk kreft, kikholskirurgihttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologisk-kreft-kikholskirurgiGynekologisk kreft, kikholskirurgiGGynekologisk kreft – kikkhullskirurgiGynekologisk kreft – kikkhullskirurgiGynekologisk kreft – kikkhullskirurgiGynekologisk kreft – kikkhullskirurgi
Gynekologisk kreft, open kirurgihttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologisk-kreft-open-kirurgiGynekologisk kreft, open kirurgiGGynekologisk kreft – åpen kirurgiGynekologisk kreft – åpen kirurgiGynekologisk kreft – åpen kirurgiGynekologisk kreft – åpen kirurgi
Livmorhalskrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/livmorhalskreftLivmorhalskreftLGoaŧŧočottaborasdávdaLivmorhalskreftLivmorhalskreftLivmorhalskreft
Livmorkrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/livmorkreftLivmorkreftLGoaŧŧoborasdávdaLivmorkreftLivmorkreftLivmorkreft

Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe - KKhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/gynekologisk-seksjon/gynekologisk-kreft/bergen-gynekologiske-kreftforskingsgruppeBergen gynekologiske kreftforskingsgruppe - KK


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.