Gynekologi og gynekologisk kreft

Ved Gynekologi og gynekologisk kreft gir vi behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Behandling og oppfølging blir tilrettelagt i samarbeid med den enkelte kvinne.

Vi tar imot kvinner med kreft i underlivet. Hos oss får du tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og eventuell etterbehandling.

Les meir om Gynekologi og gynekologisk kreft

Gynekologi og gynekologisk kreft

Generell gynekologi

Gruppebilde ansatte. Foto 

Vi tar imot deg som skal gjennomføre ein planlagt operasjon, eller om du treng akutt behandling. Hos oss vil du få individuell informasjon, oppfølging og behandling. Ein stor del av pasientutgreiinga skjer ved;

Andre tilknytta einingar:

Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar

  • Ulike komplikasjonar dei første 24 vekene av svangerskapet. For eksempel; svangerskapskvalme, spontanabort, planlagt abort og komplikasjonar knytt til assistert befruktning.
  • Ulike komplikasjonar etter fødsel
  • Utgreiing og behandling av blødingsforstyrringar
  • Underlivsinfeksjonar
  • Underlivssmerter
  • Operasjon grunna urinlekkasje
  • Operasjon grunna skjedeframfall og nedsunken livmor
  • Utgreiing av svulstar i bekkenet

Tilvising

Du må ha tilvising frå fastlege / legevakt / spesialist for å kome til oss. Det er lege ved Innleggingskontoret ved Kvinneklinikken som avgjer kor raskt du kjem til oss.


Planlagde operasjonar

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege, anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.


Dagkirurgi

På Kvinneklinikken er det ei dagkirurgisk eining med 8 senger. Her utfører vi mindre gynekologiske inngrep som til dømes urininkontinens, sterilisering og undersøking i narkose.

Informasjon om bedøving


Gynekologisk kreft

Sykepleier på pasientrom. Foto

Pasientane våre kjem frå heile landet, men dei aller fleste kjem frå Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.


Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar

  • Kreft i eggstokk eller eggleiar
  • Kreft i livmor
  • Celleforandringar i livmorhalsen
  • Kreft i livmorhalsen
  • Smertebehandling
  • Behandling og omsorg ved livets slutt (i samarbeid med smerteklinikken)


Pasientinformasjon ved operasjon

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege og anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. 

Undersøking i narkose (pdf)

Operasjon i narkose (pdf)

Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.

Besøkstid

På sengepost har vi fleksibel besøkstid.

Våre einingar

Sengepost

Våre pasientar er kvinner med kreft i underlivet. Nokon er ferdigbehandla etter opphaldet hos oss, medan nokon treng meir behandling. Vi tar imot kvinner som treng symptomlindring og lindrande behandling.

Vi har 14 sengeplassar.

Dagposten

Vi gir behandling med cellegift / cytostatika til kvinner med gynekologisk kreft. Vi har 6 behandlingsplassar.

Cytostatikapoliklinikken

Her kjem kvinner til poliklinisk undersøking i samband med cellegiftbehandling.

Studiesenter

Vi har eit eige studiesenter der vi i samarbeid med andre land forskar på best mogeleg cellegiftbehandling. Det kan hende at du som pasient vil få førespurnad om å vere med i ein studie. 

 

Vardesenteret

Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.  Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget (vegg i vegg med Sentralblokka i sjukehusparken).


Brukarorganisasjonar

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

3. etasje, Kvinneklinikken.

Har du spørsmål om innlegging, ta kontakt med Innleggingskontoret på telefon 55 97 42 46 mellom kl. 09.00-11.00.
 

Logg inn for å endre time

Telefon
55 97 42 00
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Kart)
5053 Bergen
Telefon
Resepsjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Flybussen mellom Flesland og Haukeland Universitetssjukehus er innstilt i jul og romjul (kjører til og med 21.des).
Oppstart etter nyttår blir 2.januar 2019.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Daglige rutiner på sengeposten

​Legevisitt skjer vanlegvis mellom kl. 09.00-12.00, og vi har vaktskifte mellom kl. 14.30 og 15.00.

Mattilbod

​På sengepost har vi bufféservering i spisesalen som vi deler med Seksjon for generell gynekologi:

Kl. 08.00-10.00 Frukost
Kl. 12.00-13.00 Lunsj
Kl. 16.00-17.00 Middag
Kl. 20.00-21.00 Kvelds 

Behandling hos oss kan og vere ikkje-operativ behandling. Døme på det er hormonbehandling, cellegift og strålebehandling. Strålebehandling blir gitt på Seksjon for stråleterapi ved Kreftavdelinga, etter du har vore gjennom ein utgreiing og har blitt undersøkt hos oss.  

Overnatting

​Seksjonen har eit godt samarbeid med Haukeland Hotell og fleire av pasientane som blir behandla hos oss bur der. Pårørande har også moglegheit til å overnatte på hotellet.

Sjå nettsida til Haukeland hotell

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Celleforandringar i livmorhalsenhttps://helse-bergen.no/behandlinger/celleforandringar-i-livmorhalsenCelleforandringar i livmorhalsenCCelleforandringer i livmorhalsenCelleforandringer i livmorhalsenCelleforandringer i livmorhalsenCelleforandringer i livmorhalsen
Fjerning av cyste på eggstokkhttps://helse-bergen.no/behandlinger/fjerning-av-cyste-pa-eggstokkFjerning av cyste på eggstokkFCyste på eggstokker - operasjonCyste på eggstokker - operasjonCyste på eggstokker - operasjonCyste på eggstokker - operasjon
Fjerning av livmor, ikkje kreft https://helse-bergen.no/behandlinger/fjerning-av-livmor-ikkje-kreft-Fjerning av livmor, ikkje kreft FFjerning av livmor, ikke kreft (Hysterektomi)Fjerning av livmor, ikke kreft (Hysterektomi)Fjerning av livmor, ikke kreft (Hysterektomi)Fjerning av livmor, ikke kreft (Hysterektomi)
Framfall av livmorhttps://helse-bergen.no/behandlinger/framfall-av-livmorFramfall av livmorFFramfall av livmorFramfall av livmorFramfall av livmorFramfall av livmor
Framfall av livmor, operasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/framfall-av-livmor-operasjonFramfall av livmor, operasjonFFramfall av skjede/livmor - operasjonFramfall av skjede/livmor - operasjonFramfall av skjede/livmor - operasjonFramfall av skjede/livmor - operasjon
Gynekologisk kreft, kikholskirurgihttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologisk-kreft-kikholskirurgiGynekologisk kreft, kikholskirurgiGGynekologisk kreft – kikkhullskirurgiGynekologisk kreft – kikkhullskirurgiGynekologisk kreft – kikkhullskirurgiGynekologisk kreft – kikkhullskirurgi
Gynekologisk kreft, open kirurgihttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologisk-kreft-open-kirurgiGynekologisk kreft, open kirurgiGGynekologisk kreft – åpen kirurgiGynekologisk kreft – åpen kirurgiGynekologisk kreft – åpen kirurgiGynekologisk kreft – åpen kirurgi
Gynekologisk undersøking i narkosehttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologisk-undersoking-i-narkose-Gynekologisk undersøking i narkoseGGynekologisk undersøkelse i narkoseGynekologisk undersøkelse i narkoseGynekologisk undersøkelse i narkoseGynekologisk undersøkelse i narkose
Gynekologiske fistlarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologiske-fistlarGynekologiske fistlarGGynekologiske fistlerGynekologiske fistlerGynekologiske fistlerGynekologiske fistler
Livmorhalskrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/livmorhalskreftLivmorhalskreftLGoaŧŧočottaborasdávdaLivmorhalskreftLivmorhalskreftLivmorhalskreft
Livmorkrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/livmorkreftLivmorkreftLGoaŧŧoborasdávdaLivmorkreftLivmorkreftLivmorkreft
Menstruasjonsblødingarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/menstruasjonsblodingarMenstruasjonsblødingarMMenstruasjonsblødningerMenstruasjonsblødningerMenstruasjonsblødningerMenstruasjonsblødninger
Muskelknutar på livmorahttps://helse-bergen.no/behandlinger/muskelknutar-pa-livmoraMuskelknutar på livmoraMMuskelknuter i livmorenMuskelknuter i livmorenMuskelknuter i livmorenMuskelknuter i livmoren
Operasjon ved anstrengelseslekkasje (TVT)https://helse-bergen.no/behandlinger/urinlekkasje-operasjon-ved-anstrengelseslekkasje-tvtOperasjon ved anstrengelseslekkasje (TVT)OUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasjeUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasjeUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasjeUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasje
Reduksjon av livmorslimhinnenhttps://helse-bergen.no/behandlinger/reduksjon-av-livmorslimhinnen-Reduksjon av livmorslimhinnenRReduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)Reduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)Reduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)Reduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)
Rekonstruksjon av større skade på skjede / endetarm etter tidlegare fødselhttps://helse-bergen.no/behandlinger/rekonstruksjon-av-storre-skade-pa-skjede-endetarm-etter-tidlegare-fodselRekonstruksjon av større skade på skjede / endetarm etter tidlegare fødselRFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskel
Urinlekkasje hos kvinnerhttps://helse-bergen.no/behandlinger/urinlekkasje-hos-kvinnerUrinlekkasje hos kvinnerUUrinlekkasje hos kvinnerUrinlekkasje hos kvinnerUrinlekkasje hos kvinnerUrinlekkasje hos kvinner

Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe - KKhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/gynekologisk-seksjon/gynekologi-og-gynekologisk-kreft/bergen-gynekologiske-kreftforskingsgruppeBergen gynekologiske kreftforskingsgruppe - KK
Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistlerhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/gynekologisk-seksjon/gynekologi-og-gynekologisk-kreft/nasjonal-behandlingstjeneste-for-gynekologiske-fistlerNasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler

Fann du det du leita etter?