Gynekologi generell

Ved Seksjon for generell gynekologi gir vi behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Behandling og oppfølging blir tilrettelagt i samarbeid med den enkelte kvinne.

Les meir om Gynekologi generell

Gynekologi generell

Gruppebilde ansatte. Foto 

Vi tar imot deg som skal gjennomføre ein planlagt operasjon, eller om du treng akutt behandling. Hos oss vil du få individuell informasjon, oppfølging og behandling. Ein stor del av pasientutgreiinga skjer ved;

Andre tilknytta einingar:

Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar

  • Ulike komplikasjonar dei første 24 vekene av svangerskapet. For eksempel; svangerskapskvalme, spontanabort, planlagt abort og komplikasjonar knytt til assistert befruktning.
  • Ulike komplikasjonar etter fødsel
  • Utgreiing og behandling av blødingsforstyrringar
  • Underlivsinfeksjonar
  • Underlivssmerter
  • Operasjon grunna urinlekkasje
  • Operasjon grunna skjedeframfall og nedsunken livmor
  • Utgreiing av svulstar i bekkenet

Tilvising

Du må ha tilvising frå fastlege / legevakt / spesialist for å kome til oss. Det er lege ved Innleggingskontoret ved Kvinneklinikken som avgjer kor raskt du kjem til oss.

Planlagde operasjonar

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege, anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.

Dagkirurgi

På Kvinneklinikken er det ei dagkirurgisk eining med 8 senger. Her utfører vi mindre gynekologiske inngrep som til dømes urininkontinens, sterilisering og undersøking i narkose.

Informasjon om bedøving

Overnatting ved behandling

Seksjonen har eit godt samarbeid med Haukeland Hotell og fleire av pasientane som blir behandla hos oss bur der. Pårørande har også moglegheit til å overnatte på hotellet.

Sjå nettsida til Haukeland hotell

Daglege rutinar på sengepost

Legevisitt skjer vanlegvis mellom kl. 09.00-12.00, og vi har vaktskifte mellom kl. 14.30 og 15.00.

Visittid

Vi har visittid mellom kl. 17.00-20.00.

Måltid og servering

Det er bufféservering i spisesalen som vi deler med Seksjon for gynekologisk kreft.

Kl. 08.00-10.00 Frukost
Kl. 12.00-13.00 Lunsj
Kl. 16.00-17.00 Middag
Kl. 20.00-21.00 Kvelds

Les meir om «Trygg kirurgi»

Kontakt

Oppmøtestad

3. etasje, Kvinneklinikken.

Har du spørsmål om innlegging, ta kontakt med Innleggingskontoret på telefon 55 97 42 46 mellom kl. 09.00-11.00.
 

Logg inn for å endre time

Telefon
55 97 42 25
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​

Fjerning av cyste på eggstokkhttps://helse-bergen.no/behandlinger/fjerning-av-cyste-pa-eggstokkFjerning av cyste på eggstokkFFjerning av cyste på eggstokkerFjerning av cyste på eggstokkerFjerning av cyste på eggstokkerFjerning av cyste på eggstokker
Fjerning av livmor, ikkje kreft https://helse-bergen.no/behandlinger/fjerning-av-livmor-ikkje-kreft-Fjerning av livmor, ikkje kreft FHysterektomi - fjerning av livmor - ikke kreftHysterektomi - fjerning av livmor - ikke kreftHysterektomi - fjerning av livmor - ikke kreftHysterektomi - fjerning av livmor - ikke kreft
Framfall av livmorhttps://helse-bergen.no/behandlinger/framfall-av-livmorFramfall av livmorFFramfall av livmorFramfall av livmorFramfall av livmorFramfall av livmor
Framfall av livmor, operasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/framfall-av-livmor-operasjonFramfall av livmor, operasjonFFramfall av livmor - operasjonFramfall av livmor - operasjonFramfall av livmor - operasjonFramfall av livmor - operasjon
Gynekologisk undersøking i narkosehttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologisk-undersoking-i-narkose-Gynekologisk undersøking i narkoseGGynekologisk undersøkelse i narkoseGynekologisk undersøkelse i narkoseGynekologisk undersøkelse i narkoseGynekologisk undersøkelse i narkose
Gynekologiske fistlarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/gynekologiske-fistlarGynekologiske fistlarGGynekologiske fistlerGynekologiske fistlerGynekologiske fistlerGynekologiske fistler
Menstruasjonsblødingarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/menstruasjonsblodingarMenstruasjonsblødingarMMenstruasjonsblødningerMenstruasjonsblødningerMenstruasjonsblødningerMenstruasjonsblødninger
Muskelknutar på livmorahttps://helse-bergen.no/behandlinger/muskelknutar-pa-livmoraMuskelknutar på livmoraMMuskelknuter i livmorenMuskelknuter i livmorenMuskelknuter i livmorenMuskelknuter i livmoren
Operasjon ved anstrengelseslekkasje (TVT)https://helse-bergen.no/behandlinger/urinlekkasjon-operasjon-ved-anstrengelseslekkasje-tvtOperasjon ved anstrengelseslekkasje (TVT)OUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasjeUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasjeUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasjeUrinlekkasje - operasjon ved anstrengelseslekkasje
Reduksjon av livmorslimhinnenhttps://helse-bergen.no/behandlinger/reduksjon-av-livmorslimhinnen-Reduksjon av livmorslimhinnenRReduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)Reduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)Reduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)Reduksjon av livmorslimhinnen (endometriereseksjon)
Rekonstruksjon av større skade på skjede / endetarm etter tidlegare fødselhttps://helse-bergen.no/behandlinger/rekonstruksjon-av-storre-skade-pa-skjede-endetarm-etter-tidlegare-fodselRekonstruksjon av større skade på skjede / endetarm etter tidlegare fødselRFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskel
Urinlekkasje hos kvinnerhttps://helse-bergen.no/behandlinger/urinlekkasje-hos-kvinnerUrinlekkasje hos kvinnerUUrinlekkasje hos kvinnerUrinlekkasje hos kvinnerUrinlekkasje hos kvinnerUrinlekkasje hos kvinner

Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistlerhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/gynekologisk-seksjon/gynekologi-generell/nasjonal-behandlingstjeneste-for-gynekologiske-fistlerNasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.