Dagkirurgi, KK

Dagkirurgi betyr at du vert operert / behandla på dagtid og at du reiser heim same dag / kveld. Dei som får tilbod om dette er pasientar som skal gjennom relativt små inngrep og som blir vurderte som så friske at dei ikkje treng innlegging på sjukehus.

Les meir om Dagkirurgi, KK

Dagkirurgi, KK

Bestilling av time

Det er Innleggingskontoret ved Kvinneklinikken som tildeler timar til operasjon ved Dagkirurgisk eining. Timebestilling og eventuelt endring av time vert gjort ved Innleggingskontoret.

Du er også velkomen til å ringje oss på telefon 55 97 42 92 eller 55 97 42 21 om det er noko anna du treng meir informasjon om.

Før operasjon

Pårørande kan gjerne følgje deg til avdelinga. Dersom dei ønskjer det, har dei høve til å vente / opphalde seg i 1. etasje. Når du er klar til å reise heim etter inngrepet, må nokon hente deg. Du må òg ha nokon hos deg det første døgnet etter at du er operert. Er dette eit problem, må du informere om det til sjukepleiar på Innleggingskontoret før operasjonen.

Hugs å fylle ut pasientopplysningsskjemaet - og ta dette med deg på operasjonsdagen.
 

 

Faste

Du må faste frå klokka 24.00 kvelden før operasjonen. Det betyr at du ikkje kan ete, røykje, bruke snus, drops eller tyggjegummi. Du kan gjerne drikke vatn og saft inntil klokka 06.00 på operasjonsdagen.

Medisinar

Ta med alle dine faste medisinar på operasjonsdagen. Du får beskjed av legen om kva medisinar du kan ta, og kva medisinar du ikkje bør ta. Bruker du Marevan eller annan blodfortynnande medisin må du kontakte oss to veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping.

Hygiene

For å redusere infeksjonsfare, er det viktig at du dusjar same morgon som du møter til dagkirurgi. Unngå å bruke bodylotion, feit ansiktskrem eller sminke, og ikkje ta på deg neglelakk

Du bør ikkje ha på deg smykke / piercing eller klokke. Vi ber deg også om ikkje å bruke kontaktlinser denne dagen - bruk heller briller.

Helse

Om du er forkjøla eller har blitt sjuk av andre grunnar når avtala nærmar seg, må du gi beskjed.

Har du vore innlagt på sjukehus i utlandet dei siste 12 månadene, må du gi beskjed til Inntakskontoret på telefon 55 97 42 46.

Verdisakar

Sjukehuset kan ikkje ta på seg ansvar for verdisakar. Vi rådar deg derfor til ikke å ta med det annet enn det du har bruk for.

Transport

Du kan ikke køyre bil sjølv heim frå sjukehuset. Nokon må hente deg, og vere saman med deg fram til neste morgon. Treng du drosje heim, kan sjukehuset bestille. Du må sjølv dekkje beløpet.

Ventetid

Oppmøtetid er ikkje det same som operasjonstid. Du må derfor vere forberedt på at det kan bli venting. Ta gjerne med deg lesestoff eller anna tidsfordriv.

Betaling

Du kan betale med kort eller få med deg ein giro heim.

Våre ønske og mål

  • Pasienten først. Dagkirurgisk eining skal vere ei pasientorientert verksemd som gjennom engasjerte medarbeidarar og effektive helsetenester gir pasientane ein betre kvardag.
  • Kvalitet. Vår avdeling skal vera det føretrekte valet hos pasientar, så vel som hos medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
  • Effektivitet. Vi ønsker å vere kjende for ein samanhengande pasientgang som medverkar til betre ”flyt” for pasientane våre.
  • Mindre etterverknader. Våre tenester skal betre helsa, auke livskvaliteten og fremme eiga meistring hos pasientane. Nye operasjonsmetodar saman med førebuande anestesimetodar(bedøving) gjev mykje mindre etterverknader, som gjer at pasientane blir fortare friske og at dei får meir ansvar for si eiga helse etter operasjonen. 
  • Tryggleik. Den einskilde pasient blir tatt godt hand om. Ho blir tett følgt opp av same sjukepleiar både før og etter operasjonen. Ein sjukepleiar ringjer pasienten neste dag for å høyre korleis ho har det.
  • Tilfredsheit. Avdelinga vil også gjennomføre pasienttilfredsheitundersøkingar. Formålet med slike undersøkingar er å få vite meir om pasientane sine erfaringar med behandlinga. Målet er å stadig bli betre, og pasientar sine erfaringar og tilbakemeldingar er gull verd. 

Kontakt

Oppmøtestad

2. etasje i Kvinneklinikken, like ved Årstad kirke og Augebygget.

Har du spørsmål om innlegging eller time, ring Innleggingskontoret på telefon 55 97 42 46 mellom kl. 09.00-11.00.

Telefon
55 97 42 92 | 55 97 42 21
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

Informasjon om flybussen i jula 2017

​Flybussen mellom Flesland og Haukeland universitetssjukehus går som normalt (sjå tekst under) til og med 22. desember, men er innstilt i jul og romjul. Oppstart etter nyttår blir 2. januar 2018.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.