Søskenforsøk - assistert befruktning

Har de barn etter prøverørsforsøk og ønsker søsken til barnet, kan de bli vurdert for søskenforsøk.

Smilende gutt og jente. Foto

Ta kontakt med seksjonen på telefon 55 97 42 76.  Det er ikkje nødvendig med ny tilvising / søknad, men kvinna bør vere yngre enn 40 år.

Har de embryo som er lagra hos oss​, bør desse nyttast før nytt egguttak.​

Etter ein fødsel må ein betale ny eigenandel ved ny behandling. HELFO gjer stønad til inntil tre forsøk per barn. De kan bli vurdert for søskenforsøk hos oss sjølv om de har fått barn ved hjelp frå ein annan klinikk.

Les meir om refusjon og reglar helsenorge.no  

Korleis går ein fram?

Søskenforsøket skal godkjennast av lege. Sjukepleiar vil kontakte dykk etter legen si vurdering og ny behandling / forsøk blir planlagt. Nytt forsøk kan tidlegast starte 2–3 månader etter avslutta amming.

Før søskenforsøk må de:

  • Ta nye blodprøvar. Desse blir rekvirert frå vår avdeling
  • Bekrefte at de framleis er gift / stabilt sambuande
  • Mannen må levere ny sædprøve
  • Fyll ut personopplysningsskjema
Fann du det du leita etter?