Om behandlinga

Assistert befruktning

Alle pasientar skal vere ferdig med utgreiing hos ein gynekolog eller lege før søknaden blir sendt oss.

Laboratorieskål under mikroskop. Foto
 

Søknaden blir vurdert av lege. Dersom kriteria er oppfylt og alle undersøkingar er utført, sender vi time til forundersøking til pasienten.

Forundersøkinga inneber:

  • samtale med lege og sjukepleiar
  • ultralydundersøking
  • sædprøve
  • blodprøvar

Dersom alt er greitt, får pasienten time til sjølve prøverørsbehandlinga.

Sædprøve

Sædceller i forskjellige farger. Grafisk illustrasjonVed utgreiing av ufrivillig barnløyse, er sædprøve den viktigaste undersøkinga av mannen.

Utgreiing hos eiga lege
Ved utgreiing av ufrivillig barnløyse hos fastlege/gynekolog blir mannen tilvist til eit laboratorium for å få undersøkt sædkvaliteten. Sædprøven blir undersøkt på mengde (volum), tal (konsentrasjon), rørsle (motilitet) og korleis sædcellene ser ut (morfologi). Ved eventuell tilvising til infertilitetsbehandling, må svaret på sædprøven leggast ved.

Varierande kvalitet
Kvaliteten på sædprøven kan variere ein del, derfor kan vi ikkje konkludere med mannleg infertilitetsårsak på grunnlag av ein einskild redusert sædprøve. Sædkvaliteten kan for eksempel bli svært redusert etter ein feberinfeksjon, men den er normal igjen etter 1-3 månader. Er prøven redusert må det derfor vere tatt to prøvar før tilvising.

Tilvising til Seksjon for assistert befruktning
Er det ingen sædceller i prøven, kan det tilvisast til TESA (Testicular Sperm Aspiration) hjå oss. Om det ikkje blir funne sædceller etter TESA kan vi ikkje tilby behandling, sidan me ikkje har tilbod om donorsæd. Paret kan visast vidare til klinikkar som har det tilbodet.

Forundersøking
Når paret kjem til forundersøking her på avdelinga, må mannen levere ny sædprøve. Då informerer vi om sædkvalitet og eventuelt kva befruktningsmetode som sannsynleg vil bli valgt ved eventuell behandling.

Behandling
Om morgonen på egguthentingsdagen må mannen også levere ein sædprøve. Kvaliteten på prøven denne dagen avgjer endelig kva befruktningsmetode som blir valgt.Tilsett med sædprøve. Foto

Prøvetaking
Ved sædundersøking i forbindelse med utgreiing av infertilitet, vil din fastlege / gynekolog gi deg ein rekvisisjon samt kontakt-informasjon til næraste laboratorium som utfører analysane. De må ta direkte kontakt med oppgitt laboratorium for å avtale tid for undersøking.

Par som skal til forundersøking eller behandling hos Seksjon for assistert befruktning, skal levere prøven direkte til avdelinga.

Prøven kan avleggast på avdelinga, men vi anbefaler alle som har mogelegheit til det å avlegge prøven heime, då det ellers kan bli noko ventetid.

Prøveglas
For par i behandling hos oss, får kvinna eit prøveglas med paret sitt namn den siste dagen ho er til ultralydmonitorering. Alternativt kan ein kjøpe eit urinprøveglas på apoteket. Hugs å merke glaset godt med kvinna og mannen sitt namn og fødselsnummer.

For å få best mogeleg prøveresultat

  • Få heile sædmengda på glaset
  • Hald prøven varm under transport ved å oppbevare den nær kroppen
  • Lever prøven innan om lag ein time etter at den er avlagt
  • Ein ideell prøve er avlagt 1-3 dagar etter forrige sædavgang

Hormonbehandling

Føremålet med hormonbehandlinga er å stimulere eggstokkane til å utvikle og modne fleire egg. Metoden går ut på å gi ei kontrollert overstimulering av eggstokkane.

Vi får i gjennomsnitt 8-10 egg pr. egguthenting. Talet varierer frå kvinne til kvinne, avhengig av den enkelte si reaksjon på hormonbehandlinga, infertilitetsårsak, alder og eggstokkreservar.  

Vi skil mellom kort og lang protokoll:

  • Kort protokoll
    • Puregon/GonalF/Menopur/Elonva (FSH): Stimulerer eggposane (folliklane) til modning og vekst. Nyttast i ca. 10 dagar.
    • Orgalutran/Cetrotide (antagonist): Hindrar for tidleg eggløysing.
    • Ovitrelle (hCG): Fullfører eggmodninga og stimulerer til eggløysing.
    • Lutinus/Crinone (Progesteron): Etterbehandling.
  • Lang protokoll
    • Synarela nesespray (Agonist): Reduserer kroppens eigenproduksjon av kjønnshormon og nullstiller eggstokkane. Total bruk i 3-4 veker.
    • Puregon/GonalF/Menopur (FSH): Stimulerer eggposane (folliklene) til modning og vekst. Nyttast i ca. 10 dagar.
    • Ovitrelle (hCG): Fullfører eggmodninga og stimulerer til eggløysing.
    • Lutinus/Crinone (Progesteron): Etterbehandling.

Sprøytene (FSH, antagonist og Ovitrelle) set kvinna sjølv. Kvinna blir fulgt opp med ultralydkontroll av behandlande lege. Behandlingsprotokoll blir vurdert individuelt.

Nedfrysing av embryo / CRYO

Dersom det er overskot av befrukta egg av god kvalitet, tilbyr vi nedfrysing. Det blir sendt brev til paret etter egginnsetjing med informasjon om tal på embryo som er frose ned. Embryoa kan oppbevarast nedfrosen i 5 år.

Embryoa blir tint og sett inn i livmora på eit seinare tidspunkt. Vanlegvis trengst det då inga hormonstimulering på førehand.

Befruktningsmetodar

Befruktninga kan skje ved to metodar:

  • In Vitro fertilisering IVF
    IVF betyr at ein tar ut modne eggceller frå eggstokkane. Eggene blir befrukta med sæd utanfor kroppen i laboratoriet. Befrukta egg som har begynt å dele seg, blir deretter ført tilbake til livmora.
  • Mikroinjeksjon / ICSI
    Denne metoden blir brukt ved nedsett sædkvalitet. Etter egguthenting skjer befruktning ved at ei sædcelle blir ført direkte inn i egget ved hjelp av ei tynn nål.
  • TESA (Testicular Sperm Aspiration)
    Dette er eit inngrep som blir utført dersom ein ikkje finn sædceller i sædvæska. Legen aspirerer ut sædceller direkte frå testikkelen. Inngrepet blir utført i lokalbedøving. Befruktningsmetoden blir i dette tilfelle mikroinjeksjon.

Komplikasjonar

Risikoen for alvorlege komplikasjonar ved assistert befruktning er liten. Nokon kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og danne altfor mange eggsekkar (folliklar).

Dei fleste overstimuleringar er lette til moderate og utviklar seg udramatisk, trass i ubehag for kvinna. I enkelte tilfelle må behandlinga avbrytast, og i alvorlege tilfelle krev overstimuleringssyndrom sjukehusinnlegging.

Symptom på overstimulering dukkar opp innan ei veke etter egginnsetjing. Desse kan vere smerter i underlivet, kjenne seg utilpass, kvalme, oppkast, diaré og å vere tungpusta.

Har du nokre av desse symptoma, må du kontakte avdelinga. Utanom opningstidene våre kontaktar du Gynekologisk avdeling post 2 på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 21.

Allergiske reaksjonar
I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medikamenta som blir gitt i samband med behandlinga.

Infeksjon etter egguthenting
Dette skjer sjeldan. Symptom på infeksjon er vedvarande og aukande magesmerter, og feber (innan tre dagar etter egguthenting). Ta kontakt med lege snarast.

Bløding
Bløding i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne tilfelle. Derfor blir kvinna til observasjon i avdeling opp mot 1 time etter inngrepet.

Andre nettsider relatert til ufrivillig barnløyse

 Ufrivillig barnløyse er ein gruppe som søkjer mye informasjon. Her vil vi forsøke å ha gode lenker som kan hjelpe dykk å finne nyttig informasjon om behandlinga, diagnosar og medisiner.

ØnskebarnBarnløshet.noOrd og uttrykkFamilieterapeut Tone BråtenHelsenorge - refusjon av kostnader til medisinerEndometrioseforeningenBioteknologilovenBioteknologirådet- Om assistert befruktningFelleskatalogen