Mest vanlege spørsmål om assistert befruktning

Her finn du nyttig informasjon for deg / de som er i eller skal til behandling ved Seksjon for assistert befruktning.

Lege snakker med par. Foto
 

​Aktivitet i samband med OPU/ET

Du får tilbod om sjukemelding i tre dagar i samband med OPU (egguthenting).

Vi rådar at ein unngår trening som springing, aerobic, spinning og lange fjellturar siste uken før og dei første par vekene etter egguthenting, av omsyn til dei forstørra eggstokkane. Det viktigaste er å ikkje stresse, men roe ned og gjere noko hyggeleg.

Det anbefales ikke karbad, offentlege bad eller samleie dei første to vekene etter egguthenting på grunn av infeksjonsfare.

Vi anbefaler ikkje å planlegge ferier / turer under og like etter behandlinga.

Akupunktur

Ønskjer du å forsøke akupunktur i samband med behandlinga, er dette heilt greitt for oss. Du må sjølv ta kontakt med ein akupunktur-klinikk som tilbyr / har erfaring med behandling av personar som har vanskar med å få barn.

Alkohol

Under behandlinga bør inntak av alkohol vere så lågt som mogleg hos både kvinna og mannen. Etter egginnsettinga bør kvinna ikkje drikke alkohol i det heile tatt.

Befruktingsmetode

Prøveglass med egg og merket med navn. Foto
IVF - In Vitro Fertilisering

In vitro betyr utanfor kroppen og fertilisering betyr befruktning.
Denne metoden kan nyttast der ein har normal eller lett redusert sædprøve. Egget blir lagt i dråper saman med den preparerte sæden. Befruktninga skjer i laboratoriet på avdelinga. 

Mikroinjeksjon - IVF. Grafisk illustrasjon
ICSI - Microinjeksjon

Denne metoden nyttast ved nedsett sædkvalitet eller om ein ikkje har lukkast med fertilisering ved hjelp av IVF. På same måte som ved IVF, hentar vi ut egg frå eggstokkane, men ved ICSI tek vi ei sædcelle og
fører den direkte inn i egget ved hjelp av ei tynn glaspipette.

Behandlingsprotokoll

Det fins fleire alternativ for korleis kvinna må bli behandla før de får hjelp med assistert befruktning, men her skisserer vi dei to mest vanlege metodane.

  1. Lang protokoll, med nasespray
    Synarela nasespray blir brukt for å nedregulere eggstokkane sin hormonelle aktivitet slik at vi får kontroll over kor tid eggløysing skal skje. Kvinna startar med nasespray vanlegvis på sin 21. syklusdag/menstruasjonsdag.

    Nasesprayen skal nyttast i 2-3 veker før start med sprøytar/hormonstimulering og under heile stimuleringstida, til og med den dagen du skal sette eggløysingssprøyta.

    Ein spray i eine naseboret tilsvara ein dose og den skal du ta kvar åttande time for å sikre at du får den effekten som trengs.

    Etter start med nasespray vil du få ei menstruasjonsbløding etter ein til to veker. Blødinga kan vere annleis enn vanleg menstruasjon, for eksempel vere kraftigare, vare lenger og eventuelt vere meir smertefull. Blødninga kan stoppe opp nokre dagar, for så å starte opp att. Blødninga treng ikkje vere avslutta før du startar med stimulering/sprøyter.

    I nokre tilfelle kan nasesprayen gje biverknader som humørsvingingar, heitetokter og hovudpine. Biverknadene forsvinn raskt når østrogennivået i kroppen stig, det skjer etter at du startar med hormonstimulering.

    Hormonstimulering blir brukt for å auke sjansen for å bli gravid ved at vi ønskjer å stimulere fleire egg til modning enn i ein normal syklus. Hormonstimuleringa vil vere individuelt tilpassa der du får ein personleg stimuleringsplan som skal følgjast dag for dag. Her vil det gå fram kva dato som er bestemt for start av dei ulike medisinane, samt tidspunkt for time til ultralydundersøking.

    Dei ulike legemidlane som blir brukt til hormonstimulering heiter Puregon, Gonal F, Menopur, Bemfola og Pergoveris. Desse medikamenta består av hormonet FSH som stimulerer utvikling og modning av egga.

    Medisinen blir gitt ved hjelp av sprøyte / penn og skal bli sett i magen kvar morgon til same tid i ca. 10 dagar. Legen vurderer kor lenge behandlinga skal vare ut frå ultralydundersøkingar undervegs.

  2. Kort protokoll, utan nasespray
    Hormonstimuleringa startar andre til tredje syklusdag ved hjelp av sprøyter. Dei ulike legemidlane som blir brukt til hormonstimulering heiter Puregon, Gonal F, Menopur, Elonva, Bemfola og Pergoveris. Elonva blir gitt som ein dose og har verknad i ei veke. Ved behov kan ein supplere med Puregon dagleg etter det. Dei andre legemidlane blir nytta i om lang 10 dagar, som forklart ved lang protokoll.

    I staden for nasespray, bruker du her medikamentet Orgalutran eller Cetrotide. Då startar du femte stimuleringsdag og denne sprøyten skal settast på same måte og parallelt med hormonstimuleringssprøyta. Denne skal hindre for tidleg eggløysing.

 

Eggløysingstest

Det finst fleire ulike eggløysingstestar å få kjøpt. Nokon er digitale, mens andre har streker som skal tolkast. Les rettleiinga som ligg ved pakka, og følg denne nøye.

Vi anbefaler testen «Clearblue DIGITAL eggløsningstest». Denne testen måler kun tilstedeværelse av luteiniserende hormon – LH. Den plutselege stigninga av dette hormonet er det som fører til at eggløysinga skjer.
«Clearblue DIGITAL eggløsningstest» er lett å lese av og vi opplever få brukarfeil med denne typen test.

Vi er opptatt av LH-toppen (stigning av Luteiniserende Hormon), for å finne det rette tidspunktet for tilbakeføring av embryo. LH-topp er eit forvarsel på eggløysing og vi tilbakefører tinte embryo 3-5 dagar etter utslag på testen (= LH-topp). Start testinga på dag 10-11 i syklusen, dersom du har ein syklus på 28-30 dagar.

Det finst kombinasjonstestar som måler både østrogen og LH i ein og samme test. Desse blir ofte anbefalt av apoteket, då dei viser eit større antall dagar der befruktning kan skje. Desse opplever vi ein del brukarfeil og spørsmål ved, då dei kan vere vanskeleg å tolke.

Eitt eller to embryo

Tvillingsvangerskap er assosiert med auka risiko for fosterdød, for tidleg fødsel og låg fødselsvekt. Mange alvorlege komplikasjonar opptrer hyppigare i tvillingsvangerskap enn ved vanlege svangerskap, for eksempel svangerskapsforgifting og -diabetes.

Vårt mål er å gi barnlause par eit friskt barn til termin. Vi starta med vår «single embryo transfer»-politikk i 2005.

Det betyr at vi fortrinnsvis set inn eitt embryo per behandling. Graviditetsraten vår har holdt seg stabil, men tvillingraten har falt til under 10 prosent.

Folat

Kvinner som prøver å bli gravid blir anbefalt å ta tilskot av folat på 0,4 mg dagleg. Du skal også ta folat dei tre første månadene etter positiv graviditetstest.

Ny behandling / nytt forsøk

Det må gå 2-3 menstruasjoner / sykluser før vi kan starte eit nytt forsøk avhengig av kva type behandling du nettopp har gjennomgått, kva type behandling du no skal inn i og kapasiteten ved avdelinga.

Dersom du har hatt lang protokoll og skal inn i ein ny lang protokoll, kan vi bruke din 2. syklus. Dersom du går frå lang- eller kort protokoll til kort protokoll, kan vi bruke din 3. syklus. Dersom du har egg på frys, varierer tidspunktet for tilbakesetting  om du skal bruke din naturlege syklus (3. blødning), eller styre syklusen din med østrogen-tablettar (2. blødning). Kva type behandling vi vel avheng av om du har regelmessig syklus med eggløysning eller ikkje.

Det er ikkje noko i vegen for å ta ein lengre pause mellom behandlingane dersom ikkje alder eller hormonprøver tilseier noko anna. Det er viktig for resultatet at de er motivert og mentalt klar for ei ny behandling.

Medisinar i samband med forsøket

Faste medisinar og prøverørsbehandling
Mange kvinner og menn har sjukdommar som gjer at dei bruker eitt eller fleire medikament fast. Dei fleste kan og skal halde fram med å bruke sine faste medisinar.

Dersom mannen eller kvinna står på medikament som vil kunne gi skadar på kjønnscellene og påverke fosterutviklinga, vil legane ved seksjonen vår i samråd med pasientane sine faste legar endre, skifte eller redusere dosen på medikamentet(a). Dette vil bli avtalt spesielt for kvar enkelt pasient.

Andre medikament i bruk under prøverørsbehandling
Hos nokre pasientar kan det vere aktuelt å gi behandling med blodfortynnande medisinar (Albyl-E®, Fragmin®/ Klexane®) og / eller diabetesmedikasjon (Metformin®). Dette vil bli avtalt spesielt for spesielle risikopasientar.

Kan kvinna bruke antibiotika før uthenting av egg?
Det er som oftast greitt. Enkelte typar skal ikkje brukast i graviditet, bl.a. tetracyclinar. Behandling med slike antibiotika må avsluttast før innsetting av egg. Spør dersom du er i tvil.

Eg har fått soppinfeksjon. Korleis kan eg behandle det?
Dette kan bli behandla lokalt med Ekovag eller Canesten, vagitoriar eller krem (mjølkesyrebakteriar). Du kan ikkje bruke Diflucan tablettar samtidig med IVF-forsøket.

Melde frå om menstruasjon

Om du skal melde frå om at du har fått menstruasjon, kan du kontakte sjukepleiar i telefontida på telefon 55 97 42 79.

Du kan også sende ein e-post til assistert.befruktning@helse-bergen.no.

Unngå å sende personopplysingar per e-post. Send kun informasjon om menstruasjon og eit telefonnummer vi kan kontakte deg på.

Moglege komplikasjonar

Biverknader forårsaka av medisinar
Alle medisinar har omtale av moglege biverknader i pakningsvedlegget.
Medisinar som brukast i behandling med assistert befruktning gir ei kontrollert overstimulering av eggstokkane og overstyrer din eigen syklus.

Vi kjenner til at dei mest vanlege biverknadene er:

  • Synarela nasespray - hovudverk, heitetokter, nattesveitte, humørsvingingar
  • Hormonstimuleringa - smerter, kvalme, oppblåst mage, tyngdefornemming og stikking i underlivet, lett vektauke, auka mengde utflod.

Overstimuleringssyndrom
Overstimuleringssyndrom kan skje som følgje av hormonbehandlinga. I dei mest alvorlege tilfella, krev det innlegging på sjukehuset.

Nokon kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og det blir danna for mange folliklar. Då kan det vere at behandlinga må
avbrytast. Det inneber at vi anten kansellerer egguthentinga eller at vi frys ned alle dei befrukta egga og gjennomfører egginnsetting i ein seinare syklus.

Overstimulering kan skje frå du sett eggløysingssprøyta og innan ei veke etter egginnsetting. Ta kontakt med oss dersom du får symptom som: oppblåst og smerte i underlivet, kvalme, oppkast, diare og evt. tungpust.

Ring 55 97 42 21 / 25 dersom vår avdeling er stengd, eller ring nærmaste sjukehus.

Allergiske reaksjonar
I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medisin som blir gitt i behandlinga. Kontakt avdelinga dersom det skjer.

Infeksjon etter egguthenting
Ein sjeldan gang kan det oppstå infeksjon etter egguthentinga. Symptom på infeksjon kjem innan tre dagar etter egguthenting og vil vere vedvarande og aukande magesmerte, i tillegg til feber. Då skal du ta
kontakt med lege snarast.

Blødning
Blødning i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne tilfelle, og det er derfor vi vil ha deg til observasjon på avdelinga i ½-1 time etter egguthentinga.

Risiko for kreft
Det fins ingen dokumentasjon på at hormonstimulering i behandling med assistert befruktning gir auka risiko for å utvikle eggstokkreft eller brystkreft.

Oppstart med sprøyter
Skal eg ringe avdelinga og fortelje at eg har fått blødning før eg startar med sprøyter?

  • Ved lang protokoll -> Nei
  • Ved kort protokoll -> Ja, men om du får menstruasjon i helgen, start som avtalt og gje oss tilbakemelding måndag.


Kva gjer eg dersom eg har lang protokoll og ikkje har fått bløding før eg skal starte med sprøyter?
Ring oss. Vi tar blodprøver av deg for å utelukke at du er blitt spontant gravid, og for å sjå om du kan starte med sprøyter sjølv om du ikkje har fått blødning (at du er «nedregulert»).

Vi ringer deg når vi har fått svar på blodprøvane. Om du er blitt spontant gravid, avsluttes behandlinga. Om du ikkje er «nedregulert», må du fortsetje med Synarela nasespray i 1 veke til. Oppstart med sprøyter forskyves tilsvarende.

Progesteronstøtte

Vi gir etterbehandling med progesteron etter egguthentinga og etter innsetting av tinte egg. Progesteron er eit hormon som byggjer opp livmorslimhinna og førebur livmora på å ta imot eit befrukta egg.

Vi bruker medikanmentene Crinone og Lutinus. Les pakningsvedlegget til medikamentet du har fått foreskrevet nøye. Lutinus settes dypt i skjeden morgen, middag og kveld. Det er ikke så nøye med nøyaktig klokkeslett. 

Crinone settes dypt i skjeden om morgenen. Det anbefales å sette den om morgenen da aktivitet fremmer oppsugingsevne og reduserer sjansene for opphopning av gel i skjeden som igjen kan medføre gnaging og ubehag.

Begge medikamentene kan settes minimum 1 time før ET, eventuelt vente til etterpå. Biverknader av progesteronbahandlinga kan vere auka utflod, kløe nadantil, ømme bryst og trøttheit.

Smertestillande etter uthenting av egg

Når effekten blir mindre av dei smertestillande medikamenta du har fått hos oss i samband med uthentinga, kan du gjerne ta Paracet-tablettar dersom du treng det. Det er normalt å ha litt smerter i magen også dagen etter uthentinga.

Synarela nasespray

Eg er blitt gravid etter at eg starta med Synarela nasespray. Er dette skadeleg for fosteret?

Det hender iblant at nokon oppdagar at dei er blitt gravide etter at dei har brukt nasespray i 1-2 veker. Har du mistanke om at du kan vere gravid bør du ta graviditetstest for å få bekrefta eller avkrefta dette. Det er ikkje rapportert nokon skadeleg effekt på fosteret etter bruk av Synarela, som vi kjenner til.

Kva er normal bløding når eg har brukt Synarela nasespray i 1-2 veker?
Blødninga kan være annleis enn en vanleg menstruasjon. Den kan være kraftigare, vare lengre og eventuelt være meir smertefull.
Blødninga kan og stoppe opp nokre dagar, for så å starte opp att. Blødninga treng ikkje å være avslutta før du startar med stimulering/sprøyter.

Om eg får blødinga etter nokre dagar med nasespray, skal eg då starte tidlegare med sprøyter enn den datoen som står på stimuleringsplanen?
Nei, du skal starte den dagen du har fått oppgitt på stimuleringsplanen. 

Eg er forkjøla / har tett nase. Korleis går det saman med behandling med nasespray?
Bruk gjerne ein nasespray som opnar opp ca. ein halv time før du skal spraye deg med Synarela. Du kan eventuelt også skylje nasen med fysiologisk saltvatn (0,9 %) før du sprayar deg.

Sædprøve

Kan sjukdom påverke sædkvaliteten?
Ja, i enkelte tilfelle. I forbindelse med sjukdom med høg feber kan sædkvaliteten bli affektert i inntil tre månader. Om de er i behandling bør mannen derfor ta kontakt med avdelinga for råd, om han får sjukdom med høg feber. Han kan eventuelt levere sædprøve til kontroll.

Kor får ein glas til avlegging av sædprøve?
Hos par der kvinna går til ultralydmonitorering her ved avdelinga, vil ho få med seg eit prøveglas ved siste ultralydkontroll.  De kan og velje å kjøpe urinprøveglas på apoteket. Desse er godt egna til dette formålet. Husk å merke glaset godt med namn og fødselsnummer.

Kan sædprøven avleggast ved avdelinga?
Ja, prøven kan avleggast ved avdeling. Vi rådar likevel alle som kan, å avleggja sædprøven heime. Dette gjer vi både for at prøvetakinga skal skje under minst mogleg stressande tilhøve og for å unngå lang ventetid.

Det er viktig at ein held prøven temperert under transport, gjerne inntil kroppen i ei innerlomme og at prøven er hos oss innan cirka ein time etter at den er avlagt. Dei som har lengre reisetid enn ein time bør avlegge prøven ved avdelinga. 

Eg har redusert sædkvalitet. Kva tyder det?
Redusert sædkvalitet kan vere alt frå lett redusert bevegelighet til at det nesten ikkje er sædceller i prøven. Viss det berre føreligg eit redusert resultat frå ein prøve, kan det vere tilfeldigheter som gjer dette. Ein bør derfor kontrollere unormale prøvesvar.

Vanlege feilkjelder som kan føre til redusert prøve er at ein ikkje fekk fullstendig sædavgang, at prøven er blitt nedkjølt, at det er for lang tid mellom sædavgangane (det ideelle er at det er ein til tre dagar mellom sædavgangane), at ein har nytta sæddrepande kremer eller glidemiddel under prøvetakinga eller nytta ukurant prøveglas som f.eks. gamle medisinglas.

Når paret skal til behandling, nytter me blant anna svara frå sædprøvane til å planleggje kva befruktningsmetode vi skal nytta. Så lenge det er levande sædceller kan vi tilby behandling.

Kva kan eg gjere for å betre sæd kvaliteten?
Ha eit variert og sunt kosthold. Røyking og snus kan redusere sædkvaliteten. Oppvarming av testiklane ved for eksempel varme bad eller varme i bilsetet er heller ikkje gunstig.

TESA

Kva er TESA?
TESA er ei forkorting for TEsticular Sperm Aspiration, eller uttrekk av testikkelvev. Hos nokre menn utan sædceller i spermaprøven, kan det vere levande celler lokalisert anten i bitestikkelen eller testikkelen. Ein kan i desse tilfella ta ut sædceller ved eit lite kirurgisk inngrep under lokalbedøving.

Kven får tilbod om TESA?
Dersom det under utgreiing av mannen kjem fram at det er få eller ingen spermier i ejakulat, kan det gis tilbod om ein test-TESA. Det vil alltid bli gjort eit diagnostisk inngrep for å sjå om det finns sædceller før ei IVF-behandling kan planleggast.

Om vi finn sædceller etter TESA-inngrep, vil paret bli godkjent for behandling, forutsett at anna utgreiing er gjort. Det kan då planleggast eit forsøk på vanleg vis. Resultatet av test-TESA vil avgjøre om det er aktuelt å utføre TESA same dag eller dagen før egguthenting.

Kva om det ikkje blir funnet sædceller?
Om det ikkje er spermier, kan ikkje vi tilby behandling ved vår seksjon. Ønskar paret donorsæd, må dei tilvisast vidare til dei klinikkane som har eit slikt tilbod. 

Utskrift av journal

Om de ynskjer utskrift av journalen i samband med behandling ved anna klinikk, må de kontakte dokumentavdelinga ved sjukehuset.
Følg linken under for beskriving av korleis de går fram.

Innsyn i pasientjournal

Vekt

Både overvekt og undervekt kan gi ubalanse i hormonsystemet. Dette kan verke inn på menstruasjonssyklusen, den naturlege utviklinga av egg og eggløysing. Det er godt dokumentert at overvekt hos både kvinner og menn reduserer sjansen for å bli gravid. Det er vist at eit vekttap på 5-10% av totalvekta kan vere tilstrekkeleg for å få eggløysinga i gong. 

Risiko for spontanabort er større hos overvektige kvinner, særleg tidlege abortar. Årsaka til dette er ukjent, men eit vekttap på 10% har vist seg å kunne normalisere risikoen.

Overvekt aukar også risiko for komplikasjonar under graviditet og i samband med fødsel.

Ventetid

Både overvekt og undervekt kan gi ubalanse i hormonsystemet. Dette kan verke inn på menstruasjonssyklusen, den naturlege utviklinga av egg og eggløysing. Det er godt dokumentert at overvekt hos både kvinner og menn reduserer sjansen for å bli gravid. Det er vist at eit vekttap på 5-10% av totalvekta kan vere tilstrekkeleg for å få eggløysinga i gong. 

Risiko for spontanabort er større hos overvektige kvinner, særleg tidlege abortar. Årsaka til dette er ukjent, men eit vekttap på 10% har vist seg å kunne normalisere risikoen.

Overvekt aukar også risiko for komplikasjonar under graviditet og i samband med fødsel.