Fertilitetsbevarande tiltak

Ved Seksjon for assistert befruktning under Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er det oppretta ein spermbiobank der sæd / spermiar kan lagrast i frosen tilstand.

Cryotank. Foto
 
Spermbiobanken kan fryse ned og lagra sæd/spermiar frå pasientar som har sjukdom eller som skal gjennomgå behandling som kan redusere eller heilt øydeleggje pasienten sin fertilitet, og pasientar med fråverande eller betydeleg nedsett evne til å levere fersk sædprøve av tilstrekkeleg kvalitet. 

Nedfrysing av sæd

Materialet kan berre nyttast til framtidig behandling med assistert befruktning av ektefelle / sambuar av menn som behandlast for kreft eller menn som av ulike medisinske årsaker har fråverande eller betydeleg nedsett evne til å levere fersk sædprøve av tilstrekkeleg kvalitet.

Det må vera spermiar til stades i prøvematerialet for at frysing skal verta utført.

Oppbevaring

Normal lagringstid er 10 år med høve til ytterlegare 10 års forlenging. Prøvemateriale vil automatisk bli destruert ved fylte 55 år, utgått lagringstid, ved død eller ved skriftleg tilbakekalling av samtykke.

Ved tilbakekalling av samtykke vil pasienten få kvittering på at prøvematerialet er destruert.

Ved tidspunktet for avlevering av prøve skal analyse av HIV, Hepatitt B (HBs-antistoff, HBs-antigen og HBc-antistoff IgG) og Hepatitt C vere utført.  Materialet blir halde i karantene til virusstatus er avklart.

Lagra sæd/spermiar kan berre nyttast til behandling av mannen sin ektefelle eller sambuar i ekteskapsliknande forhold.

Assistert befruktning

Det er behandlande lege ved verksemda som utfører assistert befruktning som avgjer om eit par skal få tilbod om behandling. Dette vert gjort etter gjevne retningslinjer i bioteknologiloven og i samråd med naudsynt spesialkompetanse. Hos menn som har fått kreftbehandling vil prognostiske faktorar være eit av fleire moment som inngår i vurderinga.

Tilbod om lagring av sæd/spermiar gjev ingen automatisk rett til behandling med assistert befruktning. 

Lagra sæd / spermiar kan berre nyttast til behandling av mannen sin ektefelle eller sambuar. Sæd skal ikkje leverast ut for bruk til assistert befruktning etter gjevar sin død. 

Informasjon om prøvetaking

Prøven kan avleggast her på avdelinga, men vi anbefaler alle som har moglegheit til det å avlegge prøven heime, då det kan bli noko ventetid.

Sædprøven blir tatt ved masturbasjon / onani direkte i sterilt plastbeger. Eigna prøveglas kan utleverast ved avdelinga eller ein kan kjøpa eit urinprøveglas på apoteket.

Prøveglaset må merkast godt med pasienten sitt namn og personnummer. Kondom må ikkje nyttast då dei inneheld sæddrepande stoff. For å få best mogeleg prøveresultat:

  • Få heile sædmengda på glaset
  • Hald prøven varm under transport ved å oppbevare den nær kroppen
  • Levér prøven innan om lag ein time etter at den er avlagt
  • Ein ideell prøve er avlagt 1-3 dagar etter siste sædavgang

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.