Søke assistert befruktning
Kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. Årsakane til infertilitet kan være mange. Grovt sett ser ein at årsakane til infertilitet fordeler seg med ein tredel kvar hos kvinna (f.eks. anovulasjon, tette eggleiarar) og mannen (f.eks. nedsett sædkvalitet), og ein tredel der ein ikkje finn ei klar årsak.
Søknadsskjema for assistert befruktning (pdf)
Assistert befruktning - informasjonsbrosjyre (pdf)
Assisted Reproduction - Information in English (pdf)
Fertilitetsbevaring - informasjonsbrosjyre (pdf)
- Vår ventetid er ca. 6 månadar
- Ver rask med tilbakemelding til seksjonen dersom de ikkje kan nytta tildelt time. Då unngår ein unødig forlenging av ventetida for øvrige pasientar.
- Vi frårådar våre pasientar å sende helse- og personopplysningar via e-post. Send oss kun ein kort melding via e-post, så ringer vi deg opp så snart vi får tid.
Kriterium for å bli akseptert
Her finn du oversikt over kriterier for å bli akseptert til behandling, og prioritering av par til behandling. Bioteknologiloven krev at det skal gjerast ei vurdering av paret med tanke på om dei er eigna medisinsk og psykososialt.
- Paret må vere gift eller sambuare i ekteskapsliknande forhold
- Kvinna bør ikkje være fyllt 39 år ved søknadstidspunkt, og mannen bør ikkje være eldre enn 55 år. I følgje Helsedirektoratet sin prioriteringsrettleiar for kvinnesjukdomar har ein ikkje rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta etter 40 år.
- Paret må vere psykososialt eigna til å ha barn
- Kvinner med kroniske sjukdommar som kan bli verre ved eit svangerskap, eller der svangerskap kan føre med seg alvorlege komplikasjonar, vil bli særskild vurdert
- Kvinna bør ved søknadstidspunkt ha Body Mass Index (BMI) <32. Ved behandlingsstart bør kvinna ha BMI <30.
- Ved påvist kromosomfeil eller arvelege tilstander hjå ein av partane, skal behandling berre aksepterast etter genetisk rettleiing og ubetydelig auka sjanse for at avkom vil få misdanningar på genetisk grunnlag.
- Par der ein eller begge har fått påvist at dei er smitteførande med HIV, Hepatitt B eller Hepatitt C, kan ikkje få tilbod om behandling
- Paret må væra pliktig medlem i norsk folketrygd.
Vi har ikkje donorsæd, og kan derfor ikkje tilby behandling der dette er nødvendig. I Helseregion Vest er det Helse Fonna som har dette tilbodet. Alle pasientar skal vere ferdig utgreia hos gynekolog eller lege, før søknaden blir sendt til oss.
Prioriteringar:
- Der både mann og kvinne er utan barn.
- Dersom ein av partane ikkje har born (uavhengig av kor mange born partnaren har).
- Dersom paret har eit felles barn frå før.
- Søskenforsøk hos par som tidlegare har fått eit barn ved assistert befruktning. Kvinna bør være < 40 år og ha FSH og AMH i normalområdet.
Kostnadar
Utgifter til klinikken
Før de startar sjølve behandlinga, møter de til forundersøking. Forundersøkinga reknast som vanleg spesialistpoliklinikktakst. Har du frikort, må du ta dette med og vise dette ved oppmøte. Dette gjeld begge parter.
Staten gir delvis refusjon for inntil tre forsøk med assistert befruktning per par. Pasientbetalinga er på kr 1500,- per forsøk. Rekning på dette blir send til pasienten etter kvar fullførte behandling. Beløpet kan ikkje delast opp på fleire rekningar.
Utgifter til medisinar
Når det gjeld medisinutgifter må du sjølv dekkje ein del av utgiftene. Dette gjeld IVF/ICSI, inseminasjon (AIH/AID) og hormonstimulering der befruktning skjer på vanleg måte. Utgifter utover dette beløpet vil bli refundert av HELFO.
For oppdatert informasjon om utgifter, sjå helsenorge.no.
Kriterium for refusjon
For å få refusjon, må du leggje fram detaljerte originalkvitteringar saman med stadfestinga frå oss som viser at vilkåra i bioteknologilova er oppfylt ved IVF eller ICSI behandling. Denne stadfestinga må du sjølv be oss om før du leverer kvitteringane til HELFO.
Krav om bidrag til utgifter ved infertilitetsbehandling må setjast fram innan seks månader etter at kravet tidlegast kunne ha vore sett fram, jfr. ftrl. §22-13. Kravet skal fremjast til HELFO i regionen du høyrer til. Ved søskenforsøk starter ein på nytt med eigendel for medisinutgifter.
Legemidla må vere kjøpt i Noreg, men det er ikkje av betyding om forsøka skjer i offentleg eller privat sjukehus eller om behandlinga skjer i utlandet.
Dersom det blir nytta uregistrerte preparat i behandlinga, må det søkast individuelt på eige skjema. Dette må gjerast av lege ved avdelinga.