Sterilisering for kvinner

Sterilisering for kvinner blir utført på sjukehus og privatklinikkar. Dette er eit inngrep som kvinna sjølv betaler for.

Kvinne og mann i profil. Foto
 

Inngrepet er ei alvorleg avgjerd og gir for alltid tap av fruktbarheit.

Dette eigner seg for kvinner som er hundre prosent sikre på at dei ikkje ønskjer seg fleire barn, og som har problem med anna form for prevensjon.

Inngrepet er sikkert og har ingen biverknader utover dei ein finn for einkvar kikholsoperasjon. Inngrepet er rekna som hundre prosent sikkert, men også ved denne metoden kan det i sjeldne tilfelle skje svikt. Menstruasjon og hormonproduksjon blir ikkje påverka av eit steriliseringsinngrep.

Korleis går ein fram?

Kvinna må ta kontakt med lege for å få sendt inn søknad om å få utført sterilisering, og ho vil deretter bli satt på ei venteliste.

Før inngrepet kan bli gjort, må ho skrive under på eit krav om sterilisering. Dette kan bli gjort hos fastlegen, eller ved oppmøte på Gynekologisk poliklinikk, Kvinneklinikken, for journalopptak.

Søknad - Begjæring om sterilisering (pdf)

Om inngrepet

Som regel får kvinna time til journalopptak og undersøking nokre veker før inngrepet skal gjennomførast, og deretter får ho tid til sjølve operasjonen som blir gjennomført som dagkirurgisk inngrep.

Det betyr at ho kan møte fastande om morgonen, bli operert, og deretter reise heim om ettermiddagen / kvelden same dag.

Etter operasjonen

Alvorlege komplikasjonar (skade på indre organ som blodkar / tarm og urinblære) er svært sjeldne. Nokre får sårinfeksjon i hud.

Kvinna kan forvente seg litt smerter i nokre dagar etter operasjonen, minkande for kvar dag som går. Dette er som regel skuldersmerter og smerter i mellomgolvet, forårsaka av CO2-gassen som blir brukt under operasjonen. Nokon får ei forbigåande temperaturstigning første kvelden og natta.

Ved spesielle medisinske tilstander kan inngrepet bli dekka av sjukehuset, elles koster det ca. 4000 kroner å få inngrepet utført.​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.