Om nødprevensjon - angrepillen

Nødprevensjon er prevensjon som blir brukt etter samleie. Den eignar seg godt til bruk etter uhell med kondom og pessar og etter gløymde p-piller og minipiller, og ikkje minst etter eit samleie utan prevensjon. 

Portrett ung kvinne. Foto
 

​Den mest vanlege nødprevensjonen består av ein stor dose østrogen som må bli tatt innan 72 timar etter samleie. Jo før jo betre. Dette er 98 prosent sikkert dersom den blir tatt innan fyrste døgn.

Nødprevensjon av fleire ulike merker kan kjøpast reseptfritt på apoteket.

Uavhengig av kva merke ein vel må tablettane bli tatt med 12 timars mellomrom, og første dosen må bli tatt innan 72 timar.

Biverknadar

Kvalme, oppkast, hovudpine, svimmelheit, forskyving av menstruasjonen (frå nokre dagar til vel ei veke).

NB! Ved oppkast / diare innan 4 timar etter inntak av tablettane må nye tablettar bli tatt for å vere sikker på at dei får tid til å verke i kroppen.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.