Lurer du på noko om prevensjon?

Målet med prevensjon er å hindre svangerskap. Mange har i tillegg behov for å beskytte seg mot seksuelt overførbare sjukdommar.

Dette oppnår ein som regel ved å bruke både eit sikkert prevensjonsmiddel og kondom. Det er fleire prevensjonsmetodar å velje mellom i dag:

  • ​P-piller
  • Hormonspiral
  • Koparspiral
  • Minipiller
  • P-sprøyte
  • P-ring
  • P-stav
  • P-plaster
  • Kondom
  • Naudprevensjon/ Angrepille
  • Sterilisering
  • Pessar og sæddrepande midlar

Ulike typar prevensjon. Foto 

Det er viktig å finne fram til det middel som passar best for deg. Dette kan du finne ut i samråd med ein lege.

Alle allmennpraktiserande legar og gynekologar kan rettleie og skrive ut prevensjon. God og trygg informasjon er viktig for at prevensjonen som ein vel skal bli brukt rett.

Kvinner som er usikre eller skeptiske til prevensjonsmiddelet sitt, har større risiko for å bli gravide. Det er viktig at informasjonen blir tilpassa førehandskunnskap og behov for den einskilde.

Helsestasjon for ungdom

Det er helsestasjon for ungdom i dei fleste bydelar i Bergen.

Dette er eit godt og gratis tilbod til unge som ønskjer råd om for eksempel prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar eller ulike psykiske plager som for eksempel angst og depresjon. Her kan ungdom få snakke med både lege og helsesøster.

Jenter mellom 16 og 20 år får dekt delar av kostnader til prevensjon inntil 100 kr for tre månaders bruk. Dersom prevensjonen kostar meir, må jenta sjølv dekke resten.

Ulike metodar 

P–piller / P-ring / P-plaster

P-piller er eit godt prevensjonsval for dei fleste kvinner under 35 år, og er det billegaste og vanlegaste.

P-piller, p-ring og p-plaster er alle svært sikre og har mange positive effektar. I tillegg til å beskytte mot uønska graviditet vil dei fleste kvinner oppleve at dei får mindre menstruasjonsplager, blødingsmengda blir mindre, og menstruasjonssmertene blir mindre. Blødingane blir regelmessige og kan styrast av kvinna sjølv.

Kvinna kan starte med p-piller/ p-ring/ p-plaster når som helst, men ho er ikkje sikker før den åttande dagen dersom ho startar på andre tider enn ved start av menstruasjon. Dersom ho startar første dag i ein menstruasjon, eller etter eit abortinngrep, er ho sikker frå første dagen.

Dersom ei kvinne blir gravid mens ho bruker p-piller/ p-ring/ p-plaster skuldast dette ofte at medikamentet er brukt feil, eller at ho har gløymt å ta ei eller fleire piller, kasta opp, hatt diaré, eller har gløymt å skifte p-ring/ p-plaster når ho skal. Om lag 1 av 100 brukarar blir gravide kvart år.

Ved å bruke p-pillene/ p-plaster/ p-ring kontinuerleg, i tillegg til å få menstruasjonen ein gong kvar månad (det vil seie at ein ikkje tar pauser i nokon veker eller månader i bruken), kan kvinna oppnå ei større grad av sikkerheit.

Biverknadar
Kvalme, moderat vektauke, humørsvingingar og mellomblødingar.

Desse plagene skuldast p-pillehormonane sine effektar på ulike kroppsfunksjonar. Dei fleste av desse plagene går over etter to-tre månader. Biverknader er likevel ein viktig grunn til at kvinner sluttar med p-pillene.

Det er derfor viktig at førstegongsbrukaren veit at plagene truleg vil gå over av seg sjølv. Dersom plagene varer ved kan ho bytte merke/type prevensjon.

Det er ikkje nødvendig med gynekologisk undersøking før utskriving av resept, heller ikkje før ei kvinne byrjar på p-piller for første gong.

Minipillen

Minipiller kan vere eit alternativ for kvinner som ikkje kan bruke p-piller. Ulempene er uregelmessige blødingar og at pillene må bli tatt til same tid kvar dag.

Om lag 3 av 100 kvinner under 25 år som bruker minipiller vil bli gravide i løpet av eitt år. To tredelar av svikta skuldast brukarfeil.

Kvinna kan starte med minipillen når som helst, men ho er ikkje sikker før den åttande dagen dersom ho startar på andre tider enn ved start av menstruasjon. Dersom ho startar første dag i ein menstruasjon, eller etter eit abortinngrep, er ho sikker frå første pille.

Kvinna skal ta ei pille til same tid (ho har her berre tre timars slingringsmonn for å ha sikker prevensjon) kvar dag til brettet er tomt. Ho startar på eit nytt brett utan pause.

Ho kan slutte når som helst. Beskyttelsen er slutt dagen etter siste pille. Det kan ta noko tid før menstruasjonen blir regelmessig igjen.

Vanleg spiral

Den mest brukte typen koparspiral er T-spiralen (NOVA –T, GYNE – T). Det er eit godt prevensjonsval for kvinner som ikkje er plaga med mykje smerter eller store menstruasjonsblødingar. Den inneheld ingen hormon og er derfor godt egna til kvinner som ikkje kan eller ønskjer å bruke eit prevensjonsmiddel som inneheld dette.

Risikoen for infeksjon er knytt til seksuell åtferd. Dess fleire partnarar, dess større risiko. Det er særleg smitte med dei seksuelt overførbare sjukdommane klamydia og gonorè det her er snakk om.

Spiralen blir satt inn hos lege, helst på slutten av ein menstruasjon for å vere sikker på at kvinna ikkje er gravid. Det er vanleg å ha menstruasjonsliknande murringar i nedre del av magen og i underlivet den første veka etter innsetting.

Om lag 0,5 – 1 av 100 kvinner som bruker denne spiraltypen vil bli gravid i løpet av eitt år. Når spiralen blir fjerna er moglegheitene for å bli gravid tilstades med ein gong. Den bør skiftast kvart femte år. Regelmessige kontrollar anbefalast.

Hormonspiral

Hormonspiralen har høg sikkerheit samtidig som den gir minst muleg hormonmengd frå seg. Den er spesielt egna til kvinner som har brysame menstruasjonsblødingar.

Hormonspiralen verkar lokalt i livmora slik at menstruasjonane blir svake og kortvarige. Innsetting blir gjort av lege og er som regel utan særleg ubehag.

Det er best at spiralen blir satt inn når kvinna har ei menstruasjon, for å utelukke graviditet. Det er vanleg at det kjem mellomblødingar den første tida etter innsetting.

Biverknader
Brystspenningar, depresjon, hovudpine og urein hud kan finnast, men desse plagene blir redusert med tida. Det er vanleg å ha menstruasjonsliknande murringar i nedre del av magen og i underlivet den første veka etter innsetting.

Hormonspiralen skal skiftast kvart femte år. Regelmessige kontrollar er å tilrå. Sikkerheiten er som nemnt svært høg: om lag 1 av 1000 kvinner som bruker denne vil bli gravide i løpet av eitt år. Når spiralen fjernast er moglegheitene for å bli gravid til stades med ein gong.

P-sprøyte

Dette kan vere eit godt prevensjonsmiddel for mange kvinner, men det kan gi uregelmessige blødingar eller bortfall av blødingar og noko vektauke. Det kan ta fleire månader før menstruasjon og fruktbarheit er normal igjen etter at ein sluttar med p-sprøyten.

Første sprøyte kan settast når som helst dersom kvinna er sikker på at ho ikkje er gravid. Ei ny sprøyte settast innan tre månader. Inntil to vekers forseinking svekkar ikkje effektiviteten.

Kondom

Kondom er førebels det einaste prevensjonsmiddel som ikkje krev legebesøk og som menn kan bruke. Brukt riktig har kondomet ein svært høg grad av sikkerheit i tillegg til at det gir god beskyttelse mot sjukdom som overførast ved seksuell kontakt: klamydia, gonoré og herpes.

For auka sikkerheit mot graviditet kan det brukast saman med sæddrepande salve. Kondomet skal tas på før samleiet begynner og sitje på heile tida.

Kondom har ingen biverknader, er lett å skaffe og er rimeleg. Likevel vil om lag 10 av 100 kvinner under 25 år som bruker kondom bli gravide i løpet av eit år. Det meste av svikta skuldast brukarfeil, og dette viser at det krev litt trening og kunnskap for å oppnå ønska effektivitet.

Pessar og sæddrepande midlar

Pessar er ei tynn gummiskål som skal plasserast framfor livmoropninga inne i skjeden. Det hindrar sædcellene i å kome inn i livmora.

Pessar må tilpassast av lege eller jordmor. Pessaret skal alltid brukast saman med eit sæddrepande middel (krem). Kremen skal smørast på pessaret og det bør settast inn rett før samleie. Etter samleie skal pessaret sitte inne minst 8 timar, maks. 24 timar.

Etter fødsel eller abort må storleiken på pessaret bli kontrollert av lege. Pessaret skal skiftast ut ein gong per år.

Om lag 15 av 100 kvinner som bruker pessar vil bli gravide i løpet av eitt år. Sikkerheiten aukar med alderen både pga. meir kunnskap og fordi fruktbarheita minskar med åra. Pessar kan derfor vere eit alternativ for kvinner som ikkje treng høg beskyttelse mot svangerskap.

Det har ingen biverknader, men nokon kan reagere med svie og ubehag i underlivet fordi dei reagerer på lateks eller sæddrepande midlar.

Pessar er reseptfritt, men kvinna må vite storleiken.

Sæddrepande midlar brukt aleine er dårleg prevensjon. Dei bør brukast til å forsterke sikkerheiten av andre prevensjonsmidlar, særlig pessar og kondom. Sæddrepande midlar er reseptfrie, men ganske dyre.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.