Vi som jobbar ved Operasjonsavdelinga gjer vårt yttarste for at inngrepet skal gi ønska resultat. Vi vil ta godt vare på deg i ein sårbar situasjon, både før, under og etter ein operasjon.
Oppvaking
På KK har vi vår eigen oppvakningsavdeling. Her kjem du direkte frå Operasjonsavdelinga etter eit inngrep. Hos oss blir du overvaka, observert og sett til - fram til du er vaken og klar til å bli overført vidare til den avdelinga du skal vere på.
Kor lenge du må vere på Oppvakingsavdelinga, kjem an på kva slags inngrep du har vore gjennom.
Nokon blir liggande nokre timar, medan andre blir liggande hos oss til neste dag.
Relaterte lenker
Trygg kirurgi
Bedøving