Studien går hovudsakeleg ut på å studere ulike protein innanfor kreft i livmora.
Ved å identifisere og studere dei ulike proteina som er involvert i kreftutviklinga, kan ein seie noko om prognose og kva behandling som er optimal for pasienten. Målet er å gje kvar pasient ei skreddarsydd behandling ut frå sin kreftsjukdom.
MoMaTEC2 er starta opp ved Kvinneklinikken (KK) på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Det er fleire sjukehus både i Norge og utlandet, slik at dette er eit stort og omfattende prosjekt. Det blir samla inn både blod, urin- og vevsprøver i tillegg til opplysningar om livskvalitet. Målet er at dette skal gje oss mykje ny kunnskap som kan nyttast for vår pasienter.
Erica Werner, postdoktor i forskingsgruppa og overlege på gynekologisk kreftavdeling på KK, er ansvarleg for studien.