Studiesjukepleiarar

Ellen Valen
Seksjonssjukepleiar
Telefon 55 97 42 37
ellen.valen@helse-bergen.no
Jobbar med praktisk og administrativ tilrettelegging for forskingsgruppa. Registrering av klinisk informasjon og samtykkje frå pasientar.

Elisabeth Leikvoll Enge
Studiesjukepleiar
Telefon 55 97 67
90
elisabeth.leikvoll.enge@helse-bergen.no
Har sidan år 2000 jobba med fleire forskjellige forskingsprosjekt som alle gjeld underlivskreft hos kvinner.

Grete Hamre Augestad
Studiesjukepleiar
Telefon 55 97 67 92
grete.hamre.augestad@helse-bergen.no
Eg jobbar hovudsakeleg med å følge opp pasientar og friske frivillige som deltar i ulike kreftforskingsstudier på Kvinneklinikken.
Camilla Krakstad

Leiar av forskingsgruppa
camilla.krakstad@k2.uib.no
Jone Trovik
Professor
jone.trovik@helse-bergen.no
Mari Kyllesø Halle

Phd-stipendiat
mari.halle@uib.no
Eg ser etter molekylære endringar i livmor- og livmorhalstumorar for å finna potenstielle nye biomarkørar som igjen kan leggje grunnlaget for ei meir målretta behandling for kvinner med desse kreftformane. Eg er også interessert i kva som skjer i kreftcellene når dei spreiar seg til andre organ, og korleis vi kan hjelpe kvinnene som er råka av metastatisk sjukdom.
Kathrine Woie
Ingvild Løberg Tangen

Postdoktor
ingvild.tangen@uib.no
Eg er utdanna farmasøyt. Eg forskar på endometriekreft, og ser spesielt på uttrykk av hormonreseptorar i ulike stadium av sjukdommen, og om dei kan forutseie prognose og respons på behandling.
Katharina Bischof

Gynekolog, MD, PhD-candidate
katharina.bischof@uib.no
Tar doktorgrad innanfor gynekologisk kreft. I prosjektet undersøkjer eg karaktertrekk ved eggstokksvulstane som kan seie noko om ein svulst kjem til å skrumpe etter cellegiftbehandlinga.
Ingfrid S. Haldorsen
Røntgenlege, professor i radiologi
ingfrid.haldorsen@helse-bergen.no
Jobbar med bruk av nyare, avanserte bildemetodar hos pasientar med gynekologisk kreft.
Erica Werner

Overlege og postdoktor
henrica.maria.johanna.werner@helse-bergen.no
Eg er ansvarleg for MoMaTEC2-studien som er starta opp ved KK i Bergen. Vi har fleire sjukehus i Norge og utlandet som tar del i studien slik at dette er eit stort og omfattande prosjekt. Det blir samla inn blod, urin og vevsprøvar i tillegg til opplysningar om livskvalitet. Målet er at dette skal gje oss mykje ny kunnskap som kan nyttast for vår pasientar. Mi forsking er hovudsakeleg å studere ulike protein innanfor kreft i livmora. Ulike protein gjer ulike oppgåvar i cellene, og ved kreftsjukdom har ofte eit eller fleire protein fått endra si oppgåve slik at celleveksten kjem ut av kontroll.
Ved å identifisere og studere dei ulike proteinasom er involvert i kreftutviklinga, kan ein seie noko om prognose og kva behandling som er optimal for pasienten. Målet er å kunne gje kvar pasient ei skreddarsydd behandling ut frå sin kreftsjukdom.
Sigmund Ytre-Hauge

Røntgenlege og PhD-kandidat
sigmund.ytre-hauge@helse-bergen.no
Doktorgradsstipendiat med tema nye bildeteknikkar i gynekologisk kreft.
Karen Klepsland Mauland

Lege og doktorgradsstipendiat
karen.mauland@uib.no
Forskar på vevsmarkørar hos pasientar med livmorkreft, med målsetting om betra diagnostikk og behandling i framtida. Hovudfokus for doktorgradsarbeidet er overvekt, og betydninga av overvekt for kreftutvikling, sjukdomsforløp og behandlingsval.
Erling A. Høvik

Forskar
erling.hoivik@uib.no
Arbeidar med å beskrive potensielle genetiske / molekylærbiologiske / epigenetiske mekanismar som kan vere drivande for metastaserande gynekologisk kreft, med særleg fokus på endometriekreft.
Therese Bredholt Onyango

Postdoktor
therese.bredholt@uib.no
Eg er molekylærbiolog som ønskar å sjå på funksjonar til ulike proteinar som er funne overuttrykt i endometriekreft og som vidare er knytta til utvikling og progresjon av sjukdommen. Eg arbeider på laboratoriet der eg mellom anna nyttar cellelinjer fra endometriekreft og ulike forbindingar som kan ha terapeutisk potensiale.
Anna Berg

Lege og PhD-stipendiat
anna.berg@uib.no
Mitt prosjekt er mest retta for forstadia (kompleks atypisk hyperplasi-KAH) til livmorkreft. Eg forsøkjer å finne biomarkørar som kan skilje KAH frå ondarta svulstar, og kva som gjer at nokon av desse celleforandringane går vidare til å bli kreft. Eg jobbar også med radiologiske metodar, som MRI og PET/CT, for å betre planlegginga av kreftbehandlinga forut for ein operasjon.
Tina Fonnes
Stipendiat
tina.fonnes@uib.no
Utdanna veterinær, og har vore stipendiat ved KK sidan 2014. I mitt doktorgradsprosjekt arbeider eg med utvikling av dyremodellar for livmorkreft. Ved å ta i bruk avanserte billeddiagnostiske metodar, nyttar eg desse dyremodellane til å forske på ulike kreftmarkørar og -behandlingar. Målet er å kunne bidra til betre og meir skreddarsydd behandling for pasientar med livmorkreft.
Britt Edvardsen

Overingeniør ved Kvinneklinikkens forskningslaboratorium
britt.edvardsen@uib.no
Har teknisk ansvar for dagleg drift av forskingslaboratoriet og alle forskingsprøver som kjem til laboratoriet, herunder blodprøver, vevsprøver frå operasjon og urinprøver. Prøvene blir behandla og lagra i ein forskingsbiobank, og blir brukt til analysar som seinare kan bidra til å gi betre behandling av gynekologisk kreft.
Kadri Madissoo

Avdelingsingeniør, MSc
kadri.madissoo@helse-bergen.no
Telefon 55 97 63 36
Kristine Eldevik Fasmer
.jpg?RenditionID=7)
Medisinsk fysikar og PhD-kandidat
kristine.eldvik.fasmer@helse-bergen.no
Jobbar innan bildediagnostikk med fokus på nye, avanserte bildeteknikkar ved gynekologisk kreft.
Hege Fredriksen Berg

Avdelingsingeniør
berg.hege.fredriksen@helse-bergen.no
Eg har i hovudsak dagleg ansvar for prosessering av mottekne forskingsprøvar, samt administrering og registrering i biobank.
Elin Strand
Forskar
elin.strand@uib.no
Eg er utdanna bioingeniør og cellebiolog. Mitt hovudfokus er arbeid med dyremodeller for endometriekreft og effekt av behandling på bakgrunn av dei genetiske egenskapane i tumorvevet.