Ofte stilte spørsmål

Gravide og partnarar på sjukehuset under koronapandemien

Her har vi samla ofte stilte spørsmål og svar knytta til korona, gravide, fødande og deira partnarar på sjukehuset.

Jordmor utførert ultralydundersøkelse av gravid kvinne. Foto

På grunn av koronapandemien har Kvinneklinikken innført tiltak for å beskytte pasientar og medarbeidarar best mogleg mot smitte. Tiltaka blir vurdert fortløpande utfrå smittesituasjonen til einkvar tid. 

Ved Kvinneklinikken (KK) kan partnar vere med frå den fødande blir lagt inn på sjukehuset med rier og fram til fødselen er over.

Vi som jobbar på Kvinneklinikken (KK) skulle gjerne ønske at vi kunne ha opna for at partnar til deg som ventar barn skal kunne vere med på meir av det som skjer på sjukehuset før og etter ein fødsel. Ein er stort sett to om å få barn, og vi forstår at det er viktig å kunne vere saman.

På klinikken diskuterer vi jamnleg med smittevernansvarlege på sjukehuset, og så fort det er smittevernmessig forsvarleg vil vi opne opp for at partnar kan vere med på for eksempel polikliniske undersøkingar.

Spørsmål og svar

Kvifor har KK så strenge besøksreglar? 

Vi følgjer nasjonale og lokale retningsliner for smittevern under pandemien. Desse endrast fortløpande, alt etter smittetrykk. Vi forstår at det er forvirrande og frustrerande for pasientane våre at retningslinene handterast ulikt frå sjukehus til sjukehus. Vi ønsker derfor å forklare kvifor vi gjer som vi gjer det på KK:

Vi veit at det er menneske som bringer smitte rundt, og jo fleire menneske som er samla, jo større er risikoen for å spreie smitte. Du kan føle deg frisk utan teikn på korona, du kan ha følgt alle råd om smittevern – og likevel vere smitta. Smitta kan òg spreie seg før du får symptom på sjukdom.

Våre restriksjonar er innført for å beskytte pasientane våre (og våre tilsette) mot smitte så godt vi kan. Gjennom over eit år med pandemi har vi heldigvis erfart at det fungerer.
Det kjem likevel ikkje utan ei pris. Vi veit at vi ikkje klarer å kome alle kvinnene/familiane våre i møte med deira behov for å vere saman når de er hos oss. 

Alle fødande får alltid ha med seg ein person i fødsel. Følgeperson får også kome i den avtalte visittida. Grunna pandemien har vi  dessverre vore naudsynt å bli  strengare i samband med ultralyd, igangsetjing av fødsel og på barsel. KK er i eit snart 100 år gammalt hus, og bygget er ikkje laga for eller utstyrt for å kunne praktisere godt smittevern med fleire til stades. Vi klarar ikkje å halde god nok avstand. 

For å gjennomføre ultralydundersøkingar må vi vere fysisk nærmare enn det som er anbefalingane. Frå ein kvinne får satt i gang fødselen fram til ho er i fødsel kan det gå lang tid. Av og til fleire dagar. I denne fasen når kvinner ikkje har rier, er ho anten heime eller ligg på rom saman med fleire andre kvinner. Når kvinna får fødselsrier blir ho flytta til fødestova, og då får partnar/støtteperson vere med. 

På dei aller fleste barselromma våre, må fleire kvinner og nyfødde dele rom og bad. På dei få familieromma vi har, må likevel partnar bruke fasilitetar utanfor rommet. Det er krevjande å overhalde avstandsreglane når partnar også er til stades her, men vi får det til innanfor rammene vi har laga. 

Å få smitte på ei eining hos oss kan raskt få store og alvorlege konsekvensar. Først og fremst at inneliggjande pasientar kan bli smitta, men òg at vi plutselig ikkje er nok fagfolk på jobb til å oppretthalde tilbodet vårt. Fødselshjelp kan ikkje utsettast. Pasientane våre er avhengige av at vi som jobbar her held oss friske. 

Om vi er vaksinerte eller ei, kan vi ikkje gå på jobb om vi får symptom som kan vere covid-19. Sjukefråveret har vore og er framleis høgt under pandemisituasjonen, difor er drifta vår ekstra sårbar dersom mange av våre tilsette i tillegg hamnar i karantene. Det er slik at risikoen for smitte er lågare med desse besøksreglane, sjølv om det er svært vanskeleg å ikkje få vere samla meir i ein så sårbar stund i livet det kan vere å bli foreldre. Vi ser fram til at dette er over.

Kvifor tilbyr ikkje KK hurtigtestar for partnar når Helsedirektoratet anbefalar bruk av dette?

Berre ved ultralyd poliklinikken er det meir enn 50 konsultasjonar om dagen, og vi har dessverre ikkje moglegheit for å gjennomføre eit slikt omfang hurtigtestar kvar dag. Vidare er jordmødrene på ultralyd poliklinikken spesialutdanna nøkkelpersonell, og vaksinasjon av desse er ikkje fullført. Eit smitteutbrot blant jordmødrene vil ha konsekvensar for drift og ein kan risikere at vi ikkje har nok folk til å yte forsvarleg behandling og tenester for gravide og fødande.

Kvifor kan ikkje partnaren min vere med på ultralyd?

Slik situasjonen er no, er det ikkje forsvarleg av ulike grunnar. Ved ultralyd er romma dessverre for små til at ein kan halde tilstrekkeleg avstand (to meter) til partnar. Vi veit at avstand reduserer smitten med om lag 80 prosent, mens munnbind reduserer med rundt 40 prosent. Munnbind er som ellers i samfunnet, eit smitteverntiltak ein tek i bruk når ein ikkje kan halde avstand.

Kvar dag blir det gjennomført rundt mange titalls ultralyd-undersøkingar ved Kvinneklinikken. Om partnar er med, så vil det bety dobbelt så stor risiko for smitte. Dette må vi ta omsyn til for å beskytte den gravide, andre pasientar og helsepersonell. 

Jordmødrene som jobbar ved ultralyd poliklinikken er spesialutdanna og blir rekna for nøkkelpersonell. Vi skal gi forsvarleg behandling til gravide og fødande, og vi er heilt avhengige av at det er nok friske medarbeidarar til einkvar tid. Mange av jordmødrene i poliklinikken jobbar også på fødeavdelinga, og eit smitteutbrot i poliklinikken vil i yttarste konsekvens kunne føre til at vi ikkje har nok folk til å ta imot fødande. Derfor må vi dessverre ha det så strengt. I tillegg har vi ei rekkje andre konsultasjonar ved poliklinikken. 

Kvifor kan ikkje partnar vere med når smitten minskar på landsbasis og i vår region?

Vi vil veldig gjerne opne så fort smittetrykke er lågt nok og situasjonen er under kontroll. Men sjølv om smittetrykket er lågt, så er vi bekymra for dei muterte virusa som er enno meir smittsamt.

Kvifor kan ikkje partnar vere med og bruke munnbind?

Vi veit at avstand på minst ein meter, aller helst to meter, reduserer smitten med om lag 80 prosent. Munnbind reduserer smitten med om lag 40 prosent. Munnbind er først og fremst eit smitteverntiltak som er i tillegg når ein ikkje kan halde tilstrekkeleg avstand. Sjølv om du bruker munnbind, så aukar likevel risikoen betydeleg når du ikkje kan halde god nok avstand. Med andre ord, munnbind kan ikkje erstatte andre tiltak som avstand.

Min partnar bur saman med meg som er gravid. Dersom partnaren min er smitta med noko, så er sannsynlegvis eg det også. Kvifor kan ikkje partnar like godt vere med?

Sjølv om de deler bustad og mest sannsynleg har dei same bakteriane og virusa i omgjevnadane, så utgjer likevel partnaren din ein ekstra risiko om vedkommande blir med inn på sjukehuset. Risikoen for å smitte helsepersonellet som deltar på undersøkinga aukar jo fleire personar som er i rommet. I tillegg har partnaren kan hende vore på butikken eller andre stader enn deg som er gravid - der det kan vere smitte.

Dersom eg blir tilvist til ultralyd fordi det er mistanke om at noko er galt med fosteret, kan partnar vere med då?

I spesielle tilfelle kan partnar vere med. Og om det er mistanke om at noko er galt med fosteret, så kan sjølvsagt partnaren vere med. Dette avtaler du direkte og individuelt med avdelingsjordmor.

Kvifor får eg ikke med lapp med barnets kjønn frå ultralydundersøkinga?

Å slå fast barnets kjønn er eigentleg ikkje ein del av den medisinske undersøkinga ved rutineultralyd i veke 17-19 på sjukehuset. Målet med denne undersøkinga er i hovudsak å fastsetje termin, sjå om det er fleire enn eitt foster, sjå korleis morkaka ligg samt å gjere ei undersøking av utviklinga og anatomien til fosteret. Vi veit like fullt at mange også ønskjer å vite barnets kjønn, og så langt det let seg gjere undersøkjer vi dette for dei som ber om det. 

Sidan det ikkje er mogleg for partnar å vere med på ultralydundersøkinga under koronapandemien, er det mange som ønskjer at vi skal skrive ned barnets kjønn på ein lapp slik at kvinne og partnar kan opne denne i fellesskap og dermed få vite barnets kjønn samtidig. Vi ønskjer ikkje å gjere dette, men vi vil gjerne leggje til rette for at du og din partnar kan få vite barnets kjønn samtidig på andre måter. Vi kan avtale at undervegs i ultralydundersøkinga, kan du ringe partnaren din (gjerne med videoanrop) som på den måten vere med når jordmor fortel og viser kjønnet til barnet. Då får de begge informasjonen samtidig og de kan i fellesskap stille spørsmål knytta til dette.

Når vi ikkje ønskjer å skrive ned kjønnet til barnet på ein lapp, så er det fordi vi ønskjer å ha moglegheiten til å vise på skjermen og forklare kva vi ser på bildet samtidig som de kan stille spørsmål til jordmor om det er noko de lurer på. For det er til dømes ikkje alltid vi kan sjå kjønnet til barnet, som oftast er dette fordi barnet ligg på ei måte som gjer det vanskeleg å sjå tydeleg nok. Andre gongar har vi motsett utfordring ved at det er vanskeleg å skjule barnets kjønnsorgan når vi undersøker nedre del av magen og måler lårbeinet til barnet. Mange vil då sjå kjønnet sjølv.

Fann du det du leita etter?