HELSENORGE
Diabetes i svangerskapet

DiaDoppler-studien

Ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus ønskjer vi å lære meir om diabetes og graviditet. Derfor har vi starta eit forskingsprosjekt som heiter DiaDoppler. I studien vil vi undersøke fosterutviklinga ved hjelp av ultralydteknikken Doppler.

 

Om du har diabetes og er gravid, er risikoen for komplikasjonar i svangerskapet og under fødsel, større enn elles. Gjennom DiaDopplerstudien kan vi få ny innsikt i kvifor det er slik.

Målet med studien er å utvikle betre tilpassa kontroll og behandling, slik kan vi gjere risikoen for deg og fosteret så liten som mogleg.

Kven kan delta?

Vi inviterer deg som hadde diabetes før du blei gravid eller fekk påvist diabetes undervegs i svangerskapet, til å delta i DiaDopplerstudien.

Kva skjer under studien?

Når du er gravid og har diabetes tilrår vi i utgangspunktet eit tett kontrollopplegg både ved Medisinsk avdeling og Kvinneklinikken.

Ekstra ultralydundersøkingar
Om du deltek i DiaDoppler vil det bli gjennomført grundigare ultralyd i svangerskapsveke 20, 24, 28, 32 og 36. Undersøkinga vil ta om lag ein time kvar gong. Ultralyd er ikkje farleg for verken deg eller barnet ditt.

Overlege Agnethe Lund er ansvarleg for studien og det er ho som gjennomfører alle undersøkingane.​

Andre undersøkingar
I tillegg vil vi ta blodprøve (i hovudsak samstundes med rutineblodprøve), der nokre prøvar vil bli fryst ned for analyse på eit seinare tidspunkt.

Under studien vil vi kartleggje kroppssamansettinga di (vekt, høgde, muskelmasse) og undersøke hjartefrekvensen til fosteret ved hjelp av ein sparketest (CTG).

Ved fødsel blir det tatt ekstra blodprøve av deg, samt prøve frå navlesnor og morkake.

Frivillig deltaking
Sjølv om du har sagt ja til å vere med i DiaDopplerstudien, kan du trekke deg undervegs, utan at det får konsekvensar for vidare behandlinga eller oppfølging frå sjukehuset.

Kva skjer med informasjonen?

All informasjon og prøvar som blir samla inn under studien, blir oppbevarte etter eigne retningsliner. Resultata blir anonymiserte og kan ikkje bli knytt til den enkelte deltakar. Alle legar i DiaDopplerstudien har teieplikt.


Vil du delta?

Alle undersøkingane skjer på Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus. Gå inn inngangen i den sidefløya som ligg nærast Årstad kyrkje. Inngangen er merka med skiltet "Poliklinikk for gravide. Ultralydlaboratorium"​. Vi held til i 4. etasje.

Kontakt

Leiar for studien er overlege Agnethe Lund. 
E-post diadopplerstudien@helse-bergen.no

Meir informasjon

Brosjyre - Diabetes i svangerskapet / DiaDopplerstudien (pdf)Samtykkeerklæring (pdf)Oversikt over kva svangerskapsveke du skal til kontroll (pdf)Spyttprøver (pdf)Ultralyd og sikkerheit (pdf)Samtykke til biobank (pdf)
Fann du det du leita etter?