Terminkontroll på KK

Før blei det som no heiter terminkontroll kalla overtidskontroll, men vi understrekar at ein ikkje er på overtid i svangerskapet før tolv dagar etter ultralydtermindato.

Eksteriør Kvinneklinikken. Foto
 

Første terminkontroll

Denne kontrollen finn stad syv til ni dagar etter ultralydtermindato, det vil seie den termindatoen du får ved ordinær ultralyd hos oss i uke 17-19. Det betyr i svangerskapsveke 41 + 2 til 41 + 4. Svangerskapet er altså framleis ikkje på overtid.

Dei aller fleste drar heim etter den første terminkontrollen med avtale om ny time til andre terminkontroll. Hos dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før andre terminkontroll.

Andre terminkontroll

Denne kontrollen skjer i hovudsak ved 12 dagar etter ultralydtermindato, det vil seie i svangerskapsveke 42. Då er du i eit overtidig svangerskap og for dei som ønsker det, blir fødselen sett i gang.

Kva skjer på terminkontrollen?

Du møter til avtalt tid på Observasjonspost for gravide i 1. etasje på Kvinneklinikken. Når du kjem til avdelinga må du melde deg til sekretæren. Då blir du skriven inn og det er derfor viktig at vi får korrekte opplysningar om adresse, telefonnummer, næraste pårørande og fastlege / jordmor.

Elles må du må rekne med at det er ventetid. Normalt vil det ta om lag to til tre timar før du kan reise heim. På travle dagar kan dessverre ventetida bli lengre enn dette. Ta gjerne med deg lesestoff.

Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll og du kan velje sjølv om du vil ha med deg partnaren din.

Undersøkingar

  • Ta med deg «Helsekort for gravide», slik at vi kan få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane vi gjer på terminkontrollen, førar vi på helsekortet.
  • Jordmor vil vurdere om du treng å ta ein sparketest (CTG) som er ei registrering av hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt, før legen skal undersøkje deg. Sparketesten tek om lag ein halv time.
  • Blodtrykk og urin blir nokre gonger kontrollert. Ta derfor med deg urinprøve.
  • Legen vil ta ultralyd for å vurdere mengde av fostervatn, fosterbevegelsar og fosterstørrelse.
Overvaking av barn i mors mage Kva skjer før, under og etter fødselen

Overtidig svangerskap

Overtid i svangerskap er definert som at svangerskapet varer meir enn 42 veker, eller 12 dagar over den termindato som er fastsett ved ultralyd. Dei aller fleste føder innan utgangen av veke 41, men om lag fem prosent av dei gravide går over denne tida.

Det er ikkje alltid klart kva som er årsaka til at fødselen ikkje startar innan dei 42 vekene hos nokon kvinner.

Hos nokon kvinner er funksjonen til morkaka litt redusert etter 42 vekers svangerskap, og dette kan gi barnet mindre gunstige forhold i form av at barnet ikkje legg på seg, eller ikkje produserer normalt med fostervatn. Derfor skal overtidige svangerskap bli kontrollert nøye.

Fødeseksjonen på Kvinneklinikken har faste rutinar i tråd med nasjonale anbefalingar for korleis vi følgjer opp overtidige svangerskap.

Igangsetting av fødsel

Før vi avgjer kva metode vi skal bruke for igangsetting av fødselen (også kalla induksjon/indusering av fødselen), vil du bli undersøkt vaginalt.

I enkelte tilfelle blir fødselen sett i gang etter første terminkontroll. Dersom legen finn at det er mindre fostervatn enn normalt, eller at barnet er lite, blir det vurdert å sette i gang fødselen.

Eit stort foster er som hovudregel ikkje grunn nok for igangsetting av fødselen. Om det er helg kan kontroller og igangsettingar bli utsett ein til to dagar.

Les meir om igangsetting av fødsel

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.