Fostervatnet går

Fostervatnet beskyttar fosteret / barnet i svangerskapet. Det er normalt mellom 0,5 og 1,5 liter fostervatn. Fostervatn er viktig for fosterutviklinga og har ein viktig funksjon som støytdempar og for temperaturregulering. Det blir produsert fostervatn gjennom heile svangerskapet.

Gravid kvinne held på magen. Foto
 

Fostervatnet kan begynne å renne utan forvarsel, og det kan vere det første teiknet på at fødselen er i gong. Når vatnet begynner å renne seier vi at «vatnet har gått», det har gått hol på fosterhinnene og vatn renn ut via skjeden. Det er aldri alt fostervatnet som renn ut, resten kjem når barnet blir fødd.

Om holet i fosterhinnene er stort, renn det rikeleg med blakka væske frå skjeden. Er holet i fosterhinnene lite, vil berre ein liten mengde fostervatn komme ut. Mange opplever dette som at dei er fuktig nedantil heile tida.

Kva gjer du når vatnet går?

Uavhengig av mengde fostervatn, så skal du alltid ta kontakt med sjukehuset eller lege/jordmor om du føler at du lekker og at lekkasjen ikkje er urin eller utflod. Mot slutten av svangerskapet har gravide kvinner auka mengde med utflod, og nokon lekker litt urin fordi livmora er stor og pressar mot urinblæra. Dette kan lett bli forveksla med fostervatn. Hugs at fostervatn og urin luktar ulikt, og utflod har ei anna konsistens enn fostervatnet som liknar på vatn.

Hos dei fleste fødande vil det gå hol på fosterhinna etter at riene har starta. Men det er og vanleg at fødselen startar ved at fostervatnet går. Av og til skjer dette lenge før fødselen er forventa, noko som krev ekstra undersøking, oppfølging og behandling.

Vannblære og livmorhals. Illustrasjon
Før vatnet går. Vatnblære med lang livmorhals. Illustrasjon: Eline Skirnisdottir Vik

Fostervannsavgang. Illustrasjon
Vatnet går. Illustrasjon: Eline Skirnisdottir Vik


Fostervatnet går - frå og med veke 34

Fødselen vil bli sett i gong i løpet av ca. 24-36 timar avhengig av dei opplysningane om svangerskapet som du gir oss.

Les meir om korleis vi set i gong fødselen - induksjon av fødsel

Du kan som regel vere heime og vente på at riene skal starte, men du vil få tilbod om å komme på kontroll ved Kvinneklinikken nokre timar etter at fostervatnet har gått. Kor tid denne kontrollen blir, er avhengig av tida på døgnet fostervatnet går.

Når det er sikkert at fostervatnet har gått og jordmor seier du kan vere heime skal du ta kontakt dersom:

  • Fostervatnet endrar seg enten i farge eller lukt
  • Temperaturen er over 37.8 grader eller du føler du får feber. Temperaturen skal du måle i endetarmen både morgon og kveld
  • Du startar med rier/magesmerter
  • Du får bløding
  • Du kjenner mindre fosterbevegelser

Fostervatnet går - før veke 34

Om fostervatnet går før veke 34 er det ulike tiltak alt etter kor langt du har kome i svangerskapet.

Veke 23 – 33/34

Individuell vurdering med omsyn til innlegging på sjukehus. Vi tar alltid medisinske, geografiske og sosiale omsyn.

Du vil bli innlagt på Observasjonsposten for gravide dei første dagane. Det vil då bli tatt prøve frå skjeden for å undersøkje om du har bakteriar av mellom anna gruppe B-streptokokkar. Når fostervatnet har gått vil du få antibiotika intravenøst inntil svar på dyrkingsprøven er klart.

Når du blir utskriven frå sjukehuset, får du time til vidare kontroll ved Obstetrisk poliklinikk ein gong i veka der følgjande undersøkingar blir gjort:

  • Prøve frå skjeden for å undersøkje om du har bakteriar. Denne blir teke kvar veke heilt fram til fødselen.
  • Blodprøve for å avdekke infeksjon
  • Ultralyd for å sjå på fostervekst og mengde fostervatn. Fostervekst blir gjort ein gong kvar 14. dag.
  • Urinprøve
  • CTG (sparketest) frå veke 28 og ein gong pr. veke.  

Kva du skal observere:

  • Temperatur - kontroll morgon og kveld. Skriv ned resultat. Det er ikkje normalt med feber.
  • Observere farge og lukt på fostervatnet. Normal farge er klar eller svakt krittfarga, og skal ikkje lukte vondt.
  • Barnets rørslemønster. Er det slik det brukar å vere, eller er det færre / fleire rørsler?
  • Ha god hygiene og skift bind ofte. Ikkje karbad eller offentlege bad.
  • Ikkje ha samleie
  • Lev mest mogeleg som du brukar, normal aktivitet.
  • Smerter eller rier er ikkje normalt

Kontakt innleggingstelefonen for fødande dersom det skjer endringar i dei daglege observasjonane du gjer heime - telefon 55 97 22 00.

Veke 20 – 22/23

Individuell vurdering med omsyn til behandling og innlegging på sjukehus. Hovudregelen er at du blir kontrollert på Obstetrisk poliklinikk (ikkje innlegging på sjukehus) dersom det ikkje er teikn til infeksjon. 

Før svangerskapsveke 20

Prognosen for svangerskapet er i dette tilfelle dårleg.

Les meir om spontanabort

Er du usikker på om det lekker fostervatn?

Om du er usikker på om det lekker fostervatn eller ikkje, kan du ta på deg ein truse med farge som er tørr og rein. Du kan sjå vatn meir tydeleg på farga tøy enn på kvitt tøy. Hugs at bind absorberer godt, slik at det kan kjennast tørt ved små lekkasjar av fostervatn.

Om du mistenker at fostervatnet har gått, ta alltid kontakt med fødeavdelinga eller jordmora/legen din. Om alt ligg til rette for ei normal fødsel, treng du ikkje alltid dra til sjukehuset med ei gong - men du må få råd og forklaring om kva du skal gjere. Du må få avtale om når du skal komme til sjukehuset, og om det er særlege omsyn du må ta under transport til sjukehuset.

Korleis ser fostervatn ut?

Fostervatn er ei fargelaus, blakka væske som kan sjå ut som vatn med litt mjølk i. Nokre ganger kan du sjå små kvite flak i vatnet. Dette er deler av feittlaget som huda til barnet er dekt med for å beskytte huda i fostervatnet.

Dersom du har hatt kynnarar eller rier er det vanleg at fostervatn kan vere lett rosa på farge. Fostervatn er då tilblanda litt blod frå livmorhalsen / mormunnen.

Har fostervatnet ei grønleg eller anna farge, kan det vere teikn på at barnet si avføring har kome ut i fostervatnet. Om det renner grønleg eller brunleg vatn, skal du kontakte fødeavdelinga straks du ser dette.

Kontrollér farge på fostervatn kvar gong du er på toalettet. Endrar det farge, ta kontakt med fødeavdelinga igjen. Det skal du også gjere om du får rier eller kjenner at din eller barnets tilstand endrast. Når fostervatnet har gått vil du kjenne spark og bevegelser på ei anna måte enn tidlegare i svangerskapet, men du skal kjenne jamnleg aktivitet hos barnet. 

Kva skjer på fødeavdelinga?

Når du kjem til fødeavdelingen vil jordmor kontrollere farge på fostervatnet og mengde. Jordmor vil kontrollere fostervatnet ved å sjå på bind, truseinnlegg eller ved å inspisere om og kor mykje vatn som renner ut frå skjeden når du for eksempel «hostar» eller når jordmor trykker deg lett på magen. Om det fortsatt er tvil om fostervatnet har gått eller ikkje, kan det vere aktuelt at ein lege gjer ei gynekologisk undersøking.

Les meir om gynekologisk undersøking

Når fostervatn går nær opp til terminen din, vil riene starte innan eit døgn hos dei fleste. Om du ikkje har fått rier innan ca. eit døgn vil fødselen bli sett i gang. Korleis din fødsel blir sett i gang, vil lege avgjere etter å ha undersøkt deg og barnet .

Les meir om igangsetting av fødsel