Fødselsangst

Om frykta for å føde

Tone Schønberg (31) har vore redd for å føde så lenge ho kan hugse. Fødselsangsten var så sterk at ho vurderte å la vere å få barn. Så fekk ho vesle Njord, og han vart fødd på heilt naturleg vis.

 

​​​​​​​​​– Det har betydd utruleg mykje for meg at eg fekk tilbod om samtalar med Inger Sofie i forkant av fødselen, seier den nybakte mora, medan Njord ligg og sprellar nøgd på fanget hennar.

Mor og barn. Foto
Tone med vesle Njord på Kvinneklinikken.

Ei sårbar tid

Inger Sofie Stensland er avdelingsjordmor og rådgivar ved Rådgivingssenteret for mor og barn på Kvinneklinikken. I litt over to år har ho teke i mot kvinner med fødselsangst på Samtalepoliklinikken, og talet på tilvisingar aukar stadig.

– Vi jobbar for at kvinna skal føle seg trygg når ho skal føde hos oss. Det er ikkje mange hendingar i livet som rokkar så grunnleggjande i ei kvinne sin psyke som svangerskap, fødsel og barseltid. Denne tida er nok blant det sterkaste og mest sårbare eit menneske går gjennom, fortel den rutinerte jordmora med snart 30 års fartstid, både klinisk og som leiar.

Kvar sin historie​

Til Samtalepoliklinikken kjem både førstegangs, - og fleirgangsfødande kvinner i alle aldrar. Alle med kvar si historie, men med det til felles at dei har behov for hjelp til å meistre situasjonen dei er i.

– Dei aller fleste gravide kvinner – særleg første gang dei skal føde - gruer seg til sjølve fødselen, noko som sjølvsagt er heilt normalt. Men for nokon blir tanken på fødselen eit problem, og det skal bli tatt på alvor, seier Stensland. Ho meiner det vil vere vanskeleg å ha ei trygg oppleving, dersom ein går inn i eit svangerskap med reell fødselsangst utan å få hjelp.

Andre kjem til Samtalepoliklinikken fordi dei har opplevd ei tøff tid i samband med førre svangerskap, fødsel eller barseltid. Nokon ventar barn, andre har fødd. Problemstillingane er høgst individuelle, men Inger Sofie sitt mål er å få tak i kjernen til kva det er som gjer så vondt.

–  Ingen bør gå gjennom livet med slike opplevingar utan å få ei oppklaring, eller utan å få mogelegheita til å jobbe seg gjennom det som har skjedd.

Redd for å miste kontroll

– For min del handla det mykje om redselen for å ikkje ha kontroll over situasjonen, seier Tone.

Ho snakka ope om frykta si med venner og familie, og det var via kjende som jobbar på Haukeland at ho fekk vite om Samtalepoliklinikken for eit par år sidan. Då ho vart gravid halvtanna år seinare ville Tone gjerne føde naturleg.

– Fastlegen min sendte ei tilvising til Kvinneklinikken om at eg ønskte å kome til samtalar under svangerskapet. Hovudsakleg fordi eg var så bekymra for sjølve fødselen, fortel ho.

Kort tid etter kom beskjeden om at ho hadde fått time i fjerde månad av svangerskapet. Sidan gjekk ho til Inger Sofie ein gang i månaden fram til fødselen.

– Dei siste gongane var også mannen min med. Det var bra for oss begge, seier Tone.

Blir tatt på alvor

– Noko av det beste med samtalane med Inger Sofie var å få snakke med ein utanforståande. Som attpåtil hadde masse kunnskap og erfaring.

– Eg kunne vere meg sjølv. Eg torde å seie ting som eg ikkje sa til venner og familie. Og ho lytta. Eigentleg trur eg det viktigaste for mange er å bli høyrt og bli tatt på alvor. Det er så lett for at frykta blir bagatellisert. I tillegg lærte eg ei rekkje meistringsteknikkar, smiler Tone og vekslar blikk med Inger Sofie.

– Ein stor del av jobben er å gje kvinna kjensla av å meistre. Då vil ein oppdage at det faktisk er ei rekkje ting som kan kontrollerast, seier jordmora.

Barneklede

Tone nikkar og gir eit lite – men ikkje uvesentleg døme;

– Eg klarte ikkje å kjøpe ting til barnet under svangerskapet, for det fekk meg til å tenkje på fødselen. For å øve på å ta kontroll over frykta, gjekk eg ein dag ut og kjøpte litt barnetøy. Då eg kom heim la eg det rett i skuffa, og kunne krysse av at eg faktisk hadde gjort ei kontrollert handling. Det var ei god kjensle. Etter kvart klarte eg å setje pris på dei fine kleda som låg i skuffa, seier ho.

–  Utgangspunktet mitt var at eg frykta sjølve fødselen. Eg fekk hjelp til å endre fokus ved å snakke om alle slags tankar eg hadde omkring den. Fødselen er ein liten del av det heile, kva med alt etterpå?, seier Tone og ser ned på prakteksemplaret på fanget sitt, når Inger Sofie bryt inn;

– Skjønner du at eg blir glad i desse kvinnene? Eg kallar dei «Damene mine», ler ho.