Ekstrem svangerskapskvalme

Ekstrem svangerskapskvalme (inntil 16. svangerskapsveke) er vedvarande kvalme og oppkast som fører med seg uttørking, forstyrring i saltbalansen og tap i vekt på minst 5 % av kroppsvekta. Dette råkar omlag 0,1-0,2 % av alle gravide.

Ung kvinne ligger på seng. Foto
 

Vi veit ikkje sikkert kva som er årsaka til ekstrem svangerskapskvalme. Ein teori går ut på at produksjonen av graviditetshormon (HCG) gir kvalme. Andre teoriar peiker på psykisk faktor.

Undersøking

  • Ultralyd, gynekologisk undersøking og urinprøve for ketoner blir utført av lege ved frammøte
  • Blodprøver blir tatt, og eventuelt gjentatt dagleg under opphaldet
  • Daglege urinprøver, test for å sjå om det blir skilt ut ketonar (feittsyrer) i urinen
  • Registrering av vekta før graviditeten, når kvinna kjem til KK, og under opphaldet.

Behandling

Behandlingsform blir valt i kvart enkelt tilfelle: 

  • ​Ro og fred
  • Kvalmestillande medikament
  • Registrering av inntak av mat og drikke dagleg
  • Intravenøs væsketilførsel og av og til intravenøs næring
  • Små, hyppige måltid, rike på karbohydrat
  • Måling av urinmengde (til den er over 1 liter i døgnet)
  • Vektkontroll (2-3 gongar i veka)
  • Folinsyretablett blir anbefalt til alle gravide dei tre første månadane
  • Tilskot av B-vitamin (Tiamin) dagleg
  • Kontakt med ernæringsfysiolog etter eige ønskje
  • Nedlegging av sonde kan bli aktuelt, viss tilstoda ikkje blir betre etter 3-4 dagar. Sonden blir lagt ned til tolvfingertarmen, forbi magesekken, slik at flytande næringsløysing (sondemat) kan gjevast kontinuerleg og ikkje kastast opp. Ein kan ete og drikke ved sida av sondematen.

Etter behandling

Nokon reiser heim etter 1-4 dagar, medan andre treng eit lengre opphald. Det er mogeleg å få sondemat med heim. Vi vil då gi opplæring i bruken av det utstyret som er nødvendig.

Det er viktig å trekkje inn dei pårørande, slik at dei kan hjelpe på best mogeleg når ein kjem heim.