Bløding seint i svangerskapet

Blødingar som oppstår seint i svangerskapet, kan ha ulike årsaker. Blødinga treng ikkje å ha betyding for den vidare utviklinga av svangerskapet eller fødselen. Som oftast er blod i utfloda eit første teikn på at fødselen er nær.

Dersom du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt, som vil vurdere vidare behandling.

Om du begynner å blø etter 22 veker, kan du ta kontakt direkte med Kvinneklinikken ved å ringe Innleggingstelefonen for fødande på 55 97 22 00. På denne telefonen møter du ei erfaren jordmor som vil kunne gi deg råd og rettleiing. 

Spørsmål du må svare på

Når du tek kontakt med Innleggingstelefonen, eller når du eventuelt kjem til Kvinneklinikken på grunn av bløding seint i svangerskapet, er det ei rekkje ting du vil bli spurt om. Vi ber deg om å lese gjennom følgjande slik at du er meir førebudd på å svare:

Bløding

  • Kor mykje og kva farge (friskt raudt blod eller mørkt raudt/brunt blod)
  • Er blødinga aukande eller mindre no?
  • Dersom blødinga aukar eller tilstanden din endrast etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken, må du ta kontakt igjen.

Kvifor blør du

  • Gjorde du noko spesielt like før du begynte å blø?
  • Mot slutten av svangerskapet er det vanleg at støt mot den blodrike delen av livmorhalsen fører med seg ufarleg, sparsam bløding. Dette kan til dømes skje etter samleie eller etter ei underlivsundersøking.

Fostervatn

  • Kan blødinga vere blodblanda fostervatn?
  • Om det er rikeleg med tyntflytande rosa væske, kan det vere teikn på at du mister fostervatn, noko som kan bli forveksla med ei større bløding.

Smerte

  • Har du rier? Rier er smerte som kjem og går i nedre del av magen og/eller ryggen. Magen blir stram og hard under riene, og mjukare og smertefri i pausane.
  • Har du andre typar smerte?
  • Dersom smerten aukar etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken, må du ta kontakt igjen.

Barnet

  • Kjenner du at barnet sparkar og rører seg som før?
  • Om det ikkje er noko endring i mønster eller styrke i spark/rørsler hos barnet, er dette eit teikn på at den vesle har det bra.  

Årsaker til bløding seint i svangerskapet

Det kan vere fleire årsaker til at du begynner å blø seint i svangerskapet, og det hender ofte at det ikkje er nokon klar årsak til at ei bløding oppstår.

Teikningsbløding

Teikningsbløding er ei sparsam bløding, utflod/slim blanda med friskt blod. Vi kallar det for teikningsbløding  fordi blødinga er eit signal om at livmorhalsen / mormunnen er i ferd med å opne seg, og at fødselen er nær - eller alt i gang.

Kontaktbløding

I løpet av svangerskapet er livmorhalsen/mormunnen meir blodfylt enn elles. Kontakt eller støt mot livmorhalsen/mormunnen kan derfor føre til ei lita bløding. Bløding etter samleie eller etter ei gynekologisk undersøking, kan derfor skje - særleg mot slutten av svangerskapet.

Ei sparsam bløding som resultat av støt eller berøring av livmorhalsen / mormunnen er ufarleg og går raskt over. 

Bløding frå morkaka

Staden der morkaka er festa i livmorveggen, blir alltid kontrollert ved den vanlege ultralydundersøkinga etter 18 veker. Den gravide blir då alltid informert dersom morkaka har festa seg slik at det er fare for bløding.

Når morkaka heilt eller delvis dekker den indre mormunnen, kallast dette forliggande morkake.

Ettersom livmora veks, kan morkaka trekkje seg opp og bort frå mormunnen. Hos dei dette gjeld, vil du bli kontrollert med ny ultralydundersøking seinare i svangerskapet. Dersom morkaka dekker opninga til mormunnen ved termin, må fødselen skje ved hjelp av keisarsnitt.

Ultralydundersøking før 20 svangerskapsveke viser at 5–6 prosent av dei gravide har forliggande morkake, mens knapt 1 prosent har forliggande morkake ved termin.

Når morkaka ligg over eller like ved mormunnen, vil dette medføre auka blødingsfare. Det kan blø frå kanten av morkaka når livmora veks og strekkast, samtidig som barnet pressar mot mormunnen. Innlegging til observasjon eller fleire kontrollar kan då bli aktuelt. 

For tidleg løysing av morkaka

Den mest alvorlege, men svært sjeldne årsaka til bløding, skuldast at morkaka heilt eller delvis har løyst seg frå livmorveggen. Kvinna får då samtidig svært vondt i magen. 


Behandling

Avhengig av kva som er årsak til blødinga, vil det bli satt i verk behandling. Rettleiing og rådgjeving per telefon er av og til nok. I andre tilfelle er vidare undersøking og behandling nødvendig.

Etter samtale med jordmor eller lege vil du få orientering om kva du bør gjere vidare. Dersom tilstanden din oppfattast som stabil, kan du bli bedd om å sjå situasjonen an – eller om å kontakte fastlegen din, jordmor eller legevakt for avklaring og eventuell kontroll.

Du kan òg bli bedd om å komme til Kvinneklinikken for ei vurdering. I så tilfelle må du vere førebudd på at du kan bli lagt inn til observasjon eller behandling. Dersom situasjonen din blir oppfatta som uklar eller alvorleg, kan rask transport til sjukehus vere avgjerande. Då blir det rekvirert sjukebil.

Dersom tilstanden din endrast etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken, må du ta kontakt igjen!