Svangerskap

Dei aller fleste gravide kvinner gjennomfører eit svangerskap utan alvorlege problem og føder eit velskapt barn. Kvinner i Noreg føder i gjennomsnitt to born kvar, og det kjem om lag 55 000 barn til verda årleg i Noreg.

​​Det er frivillig å gå til kontroll under svangerskapet. Helsedirektoratet anbefaler at alle gravide går til svangerskapskontroll hos jordmor og lege.

Hovudmålet med svangerskapskontrollane er å gi oppfølging og rettleiing til deg som er gravid, samt bistå til at ditt svangerskap og fødsel går som normalt.

Det er ingen eigendeler på helsetenester til gravide. 

Helsedirektoratet sine retningslinjer for svangerskapsomsorg


Svangerskapstilbod ved KK

Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus har ikkje tilbod om svangerskapskontroll til friske gravide. Poliklinikk for gravide hos oss er ein spesialklinikk, og du må ha tilvising frå eigen lege eller jordmor for å få time hos oss.

Vi vurderer og behandlar sjuke gravide, gravide med komplikasjonar som oppstår i svangerskapet, samt gravide med komplikasjonar ved tidlegare svangerskap og fødslar.

Vaksinasjon og graviditet

På KK følgjer vi dei nasjonale retningslinjene for vaksinasjon i svangerskapet, men vi tilbyr ikkje vaksinering hos oss. ​Om du som gravid skal på reise utanom land i Nord-Europa, må du snakke med fastlegen din om behov for vaksinasjon. 

Medisinbruk når du er gravid

Fortell alltid legen din om medisinbruken din når du vert gravid. Snakk alltid med legen din før du sluttar med medisinar du tek, endrar dosane eller før du byrjar å bruke nye medisinar. 

Gravide skal som hovudregel bruke så lite medisin som mogleg. Dersom du brukar medisin som legen din har gitt deg, må du ikkje slutte med han utan å ha diskutert det med legen din fyrst. 

Endringar må skje i samråd med lege
Du bør heller ikkje endre på dosane / mengda medisin utan at dette skjer i samarbeid med legen din. Det kan vere større fare for barnet og deg å slutte eller endre på medisinar du tek for sjukdomen din, enn det er å utsetje seg for dei biverkader som nokre medisinar kan gje.

Informér legen om graviditeten
Om du vert sjuk og treng medisin du ikkje har brukt før, må du fortelje legen at du er gravid. Då kan legen velje type medisin ut ifrå det. Hugs at dette også gjeld kremar til huda, medikament som ikkje er på resept og naturmedisin.

Du kan også stille spørsmål angåande medisinbruk i svangerskap til Trygg mammamedisin.

Relaterte lenker for gravide

Helsedirektoratet - informasjon til gravide Folkehelseinstuttet - temaside om svangerskap, fødsel og spedbarns helse Norsk helseinformatikk - Informasjon om svangerskap Helsenorge.no - Gravid uke for uke Nav - permisjonsrettar under svangerskap, fødsel og barseltida Ung og gravid Trygg mammamedisin

  • 23.09.2016
    Ekstrem svangerskapskvalme

    Ekstrem svangerskapskvalme er vedvarande kvalme og oppkast som fører med seg uttørking, forstyrring i saltbalansen og tap i vekt på minst 5 % av kroppsvekta. Dette råkar omlag 0,1-0,2 % av alle gravide.

  • 25.09.2016
    Fostervatnet går

    Hos dei fleste vil det gå hol på fosterhinna spontant eller det blir tatt hol på hinna i løpet av fødselen, men hos nokre kan det gå hol på fosterhinna før fødselen startar. Av og til skjer dette lenge før fødselen er forventa.

  • 29.07.2014
    Fødselsangst

    Tone Schønberg (31) har vore redd for å føde så lenge ho kan hugse. Fødselsangsten var så sterk at ho vurderte å la vere å få barn. Så fekk ho vesle Njord, og han vart fødd på heilt naturleg vis.

  • 25.09.2016
    Snusbruk under graviditet er farleg for fosteret

    Snusing i svangerskapet kan føre til alvorlege komplikasjonar som lav fødselsvekt, for tidleg fødsel og i verste fall dødfødsel.