Rede på Fødeseksjonen

Nokon gonger kjem fødande til oss såpass tidleg i fødselsforløpet at dei blir oppfordra til å reise heim igjen. Dei kvinnene som ikkje ønskjer det, kan få tilbod om å bli hos oss i «Rede».

Gravid kvinne holder seg på magen. Foto
 

«Rede» er eit rom på Kvinneklinikken med plass til tre fødande kvinner med følge. Her kan du få ro og moglegheit for kvile. Rommet kan brukast av alle fødande uavhengig av kor langt unna du bur sjukehuset.

Den første delen av fødselen er også vanlegvis den lengste delen av fødselen. Om du og barnet ditt er friske er det ingen medisinsk grunn til at du må vere på Fødeavdelinga i denne fasen. 

Du skal føle deg trygg

Nokon ønskjer å bli på sjukehuset i denne fasen fordi det blir opplevd som tryggast. Vi håper «Rede» kan vere eit godt tilbod for deg som treng det.

Du møter alltid ei jordmor når du kjem til Kvinneklinikken for å føde. Ho kontrollerer deg og barnet ditt og vurderer i lag med deg om «Rede» kan vere eit godt alternativ for deg.

I «Rede» jobbar det berre erfarne barne/hjelpepleiarar, som vil ha ansvar for deg den tida du er der.

– Ikkje ei fødeavdeling

Vår erfaring er at dei fleste blir i «Rede» nokre timar. Om fødselen ikkje går over i ein ny fase, vel mange likevel å reise heim. Om riene aukar på, eller situasjonen endrar seg, blir du flytta over på ei av fødestovene våre. Det er viktig å vere klar over at «Rede» ikkje er ei fødeavdeling, men skulle fødselen starte når du er her vil både jordmor og nødvendig utstyr stå klart raskt​​​​​.