Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken dei første fem dagane etter fødsel. Nokre vil bli følgt opp i heimen med besøk av jordmor, andre vil få oppfølging ved Ammepoliklinikken eller Barselpoliklinikken.
Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.
Du kan ringe barseltelefonen dei første dagane etter du har komen heim; om du har spørsmål eller treng råd og rettleiing i forhold til barnet eller deg sjølv. Denne tenesta kan du bruke om du treng råd eller rettleiing straks – og ikkje kan vente til neste kontroll på Barselpoliklinikken eller helsestasjonen.
Barseltelefon 41 49 90 42
Blir du eller barnet ditt akutt sjuke – ta kontakt med legevakta. Om det hastar - ring 113.
Spør oss om alt!
Hos oss er ingen tema tabu: Bekkenløysing, ryggplager, hemoroidar, åreknutar og korleis komme i gang med sex igjen etter fødsel. Vi er klare til å svare på alt.
Vidare oppfølging
6-10 dagar etter fødsel vil ei helsesøster frå Bergen kommune overta oppfølginga av deg og barnet ditt.
Her vil du få vidare rettleiing og støtte rundt det du treng hjelp til og lurer på. Helsestasjonen tar sjølv kontakt, og har ofte første møte heime hos deg.