Jordmor i heimen

Kvinneklinikken

Alle kvinner som er busett i Bergen kommune, og som har hatt eit normalt svangerskap og normal fødsel til termin, kan reise heim med barnet sitt allereie 8-24 timar etter fødsel.

Jordmor på heimebesøk hos kvinne med nyfødt barn. Foto
 

I løpet av to heimebesøk vil ei jordmor frå Kvinneklinikken gi mor individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.

Det vil alltid vere mogeleg med open retur til Kvinneklinikken dersom det er behov for det. Ein kan heile tida kontakte barseltelefonen viss ein er usikker. Første besøk skjer andre eller tredje dag etter fødselen. Andre besøk skjer etter avtale.

Spør oss om alt!

Hos oss er ingen tema tabu: Bekkenløysing, ryggplager, hemoroidar, åreknutar og korleis komme i gang med sex igjen etter fødsel. Vi er klare til å svare på alt.

Du må for all del ikkje vaske huset, rydde eller lage kaffi fordi vi kjem. Vi er vande med rot og kjem for å treffe deg og barnet. Vi gler oss til å komme på besøk!

Jordmødre med vekt og øretermometer. Foto.   

Vidare oppfølging

6-10 dagar etter fødsel vil ei helsesøster frå Bergen kommune overta oppfølginga av deg og barnet ditt.

Her vil du få vidare rettleiing og støtte rundt det du treng hjelp til og lurer på. Helsestasjonen tar sjølv kontakt, og har ofte første møte heime hos deg.​