Vonde bryst ved amming

Etter fødselen kan kvinna oppleve ulike brystplagar i samband med mjølkeproduksjon og amming.

Baby på skulder til kvinne. Foto
 

Brystspreng

Hormonpåverknad hos deg medfører auka blodtilførsel, væskeansamlig samtidig som mjølkeproduksjonen settes i gang. Dette er mest vanleg mellom andre til femte døgn etter fødselen, og varer som regel frå eitt til to døgn, for nokon lenger. Dette er årsaka til at mange kvinner kjenner at brysta er hovne og ømme etter fødselen. Denne fasen kalles brystspreng.

Ein kan lindre brystspreng ved å ta varme omslag på brystet, som for eksempel barnebleie med godt varmt vann eller ta ein varm dusj. Pass på at vannet ikkje er for varmt, slik at du ikkje brenner deg.

Når brystet er hardt og sprengt, kan det vere vanskeleg for barnet å ta tak i brystknoppen. Eit førebyggande tiltak for såre brystknoppar og for å lette påkoblingen for barnet er å håndmelke i 1-2 minutter før barnet skal die. Det brune feltet (areola) vil då bli mjukare, som gjere det lettere for barnet å få nok bryst inn i munnen. Spør om å få rettleiing i handmjølking før du reiser frå sjukehuset.

Sjå video frå Ammehjelpen om handmjølking
 

Mjølkespreng

Når hormonane synk slik at væskeansamlinga og den ekstra blodtilførselen gradvis trekk seg tilbake, ofte rundt 14 dagar etter fødsel oppstår melkespreng. Det betyr at det «kun» er mjølk som gjer sprengfølelsen. Etter amming kjennast brysta då «tomme» og sprengfølelsen er borte. Mjølkespreng oppstår gjerne når mjølkeproduksjonen startar for fullt, men kan førekomme gjennom heile ammeperioden.

Meir om brystspreng på ammehjelpen.no 
Brystspreng - mye melk og overproduksjon - ammehjelpen.no

Tette mjølkegongar

Blir ei mjølkegang tett, vil brystet ditt bli ømt og raudflamma. Du kan få feber og føle deg på same måte som når du har influensa.  Då er det viktig å tilføre brystet varme og å amme hyppig, helst kvar andre time. Det kan vere lurt å late barnet ha ei slik ammestilling at haka vender mot det ømme området av brystet. 

Brystbetennelse

Nokon gonger går denne tilstanden over til å bli brystbetennelse. Brystet blir verre og du kan få høg feber (over 39,5 grader), og dårleg allmenntilstand. Du må då ta kontakt med fastlegen din, eller den lokale legevakta. Sjølv om dette skulle skje, er det framleis viktig å amme hyppig - for det er like viktig at brystet blir tømt for mjølk no.
 

Såre brystknoppar

Det er lettare å førebyggje såre brystknoppar enn å behandle dei. Her er nokre gode råd for å unngå såre brystknoppar: 

  • Ver nøye med handhygienen
  • Stimuler med reine fingertuppar på det brune området rundt brystknoppen. Det stimulerer utdrivingsrefleksen. Unngå å ta på sjølve brystknoppen. Få mjølka til å piple ut av brystknoppen før du legg barnet til.
  • Hugs at det er viktig med riktig sugetak. Barnet skal ha mest mogleg bryst inne i munnen, og barnet må ikkje bli liggjande og smatte på brystknoppen.
  • Varier mellom ulike ammestillingar.
  • Når barnet skal bli fjerna frå brystet, kan du oppheve undertrykket ved å stikke veslefingeren din inn i barnet sin munnvik mellom gommane, og så løfte brystkoppen ut av munnen. Då unngår du å slite barnet av brystet.
  • La morsmjølka lufttørke på brystknoppen kvar gong du har amma. Når du har amma vil det vere litt mjølk igjen på brystknoppen, og dette let du tørke inn før du tar på deg klede igjen.
  • Fuktige sår kan bli påført litt nøytral brystsalve. Saltvannsbad kan og vere aktuelt. Det er ikkje nødvendig med salve på heil, frisk hud. Eit viktig prinsipp å hugse på her er: «Tørt på tørt, vått på vått».
  • Dusj dagleg og ha på deg mjukt tøy nærmast brystet. Unngå tøy som gnissar og irriterer brystknoppen. Unngå ammeinnlegg av papir den første tida. Unngå bruk av såpe på brysta, det tørkar ut huda.
  • Unngå stram BH som gjer at brystknoppen blir klemt innover i brystet. Dette kan lage fuktige groper rundt brystknoppen, noko som aukar førekomsten av bakteriar og dermed gir større risiko for infeksjon.

Det er normalt at brystknoppane er ømme dei første fjorten dagane etter ein fødsel. Om du har sår eller sprekker på brysta dine, kan du reinse såra med saltvatn / natriumklorid etter å ha amma. Dette får du kjøpt på apoteket. Ta litt på ein kompress, hald ei lita stund mot brystknoppen, mjølk ut morsmjølk og lat det lufttørke.

Meir informasjon om såre brystknoppar på ammehjelpen.no

Ammeinnlegg av ull

Ammeinnlegg av ull er med på å halde brysta dine varme. Det kan vere lurt å kjøpe to par slik at du alltid har eit reint par tilgjengeleg.

I tillegg bør du tenkje over kor du legg frå deg innlegga, med tanke på hygiene.

For å unngå at hud eller skorper følgjer med når du tar av deg ullinnlegg eller BH, kan du bruke små bomullslappar inne i ammeinnlegga og skifte desse kvar gong du ammar.

Ammeinnlegg som sit fast i brystet kan lett gi sår. Er du blitt litt sår og innlegget heng fast, skal du ikkje rive det av, men bløyte det godt med vatn, eller mjølk ut litt morsmjølk slik at det blir fuktig før du fjernar det.   

Ammeinnlegg av papir har lett for å gnisse på huda og hengje fast utan at du ser det. Legg derfor små bomullslappar inni innlegget og bløyt med vatn eller morsmjølk om det heng fast.