Poliklinikk for gravide, mor og barn

På Poliklinikk for gravide, mor og barn vurderer og behandlar vi sjuke gravide, gravide med komplikasjonar som oppstår i svangerskapet og gravide med komplikasjonar frå tidlegare svangerskap / fødslar. Vi gir råd og rettleiing til kvinner som ventar eller nett har fått barn.

Vi kan hjelpe deg med fødselsangst, ammeproblem eller andre ting som kvinner kan oppleve under svangerskap, fødsel og i barseltida. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og timebestilling.

jordmor snakker med mor og nyfødt
 
Les meir om Poliklinikk for gravide, mor og barn

Poliklinikk for gravide, mor og barn

For gravide

Kva skjer på kontrollane?

Om du har time på poliklinikken, vil du bli undersøkt av lege / gynekolog eller jordmor. Kva slags undersøkingar og eventuell behandling som blir sett i gong, vil bli bestemt ut frå årsaka til at du blei tilvist til oss. Du vil få informasjon og rettleiing av lege eller jordmor.

Poliklinikk for gravide tek også i mot kvinner som treng hjelp straks, derfor kan det til tider bli ekstra ventetid for dei som har fast timeavtale.

Poliklinikken har tett samarbeid med:

Kva skal du ha med deg når du kjem til kontroll?

  • Tilvising (dersom denne ikkje er sendt på førehand)
  • Helsekort for gravide
  • Skjema frå ultralydundersøkinga
  • Blodtypeskjema (kvitt ark frå Blodbanken)
  • Morgonurinprøve – dersom du har fått melding om å ta med det. Prøven skal leverast på reint glas og bør bli tatt etter at du har vaska deg nedantil. Urinprøveglas får du kjøpt på apoteket.
  • Notathefte med blodsukkermålingar. Dette gjeld berre dersom du har diabetes eller svangerskapsdiabetes.
  • Hugseliste over spørsmål du vil ha svar på hos legen

Kven møter du hos oss?

På poliklinikken jobbar legar, jordmødrer og barnepleiarar. Vi har ikkje lege som er fast tilsett hos oss, men prøver å leggje til rette for at du møter same lege dersom du må tilbake på kontroll.

Samtalepoliklinikken

Har du angst for å føde? Mange har ulike grunnar til at dei fryktar å føde.

På Samtalepoliklinikken hjelper vi deg med å legge alt til rette for at du skal føle deg trygg og teken vare på når du skal føde. Det gjer vi ved individuell planlegging som tek sikte på å gjere fødselen mindre skremmande og lettare å planlegge. Tildeling av time skjer etter tilvising frå fastlege, jordmor eller psykolog. Alle som får time, får innkallingsbrev i posten med kontaktinformasjon til Samtalepoliklinikken.

Etter fødselen

Barselpoliklinikken

Nybakte mødrer og nyfødde kan ha behov for oppfølging på barselpoliklinikken etter heimreise. Er du usikker eller har spørsmål som ikkje kan vente til neste avtale om kontroll i løpet av dei første dagane etter du har reist heim etter fødselen, kan du ta kontakt med barselpoliklinikken på telefon 41 49 90 42.

I tida etter desse første dagane skal du kontakte helsesøster på Helsestasjonen i heimkommunen din.

Dersom du opplever problem med rift og/eller sting, kan du ta kontakt med barselpoliklinikken inntil 6 veker etter fødsel.

Blir du eller barnet ditt akutt sjuke - ta kontakt med legevakta.

Ammepoliklinikken

På Ammepoliklinikken arbeider det barnepleiarar og jordmødrer med spesialkompetanse på amming. Ammepoliklinikken er open tre dagar i veka, i hovudsak for barselkvinner som akkurat har reist heim frå sjukehuset. Om du har problem med amminga og ønskjer time hos oss, vil vi at du ringer Barseltelefonen 414 99 042, så får du rettleiing om kva du skal gjere.  

Til deg som reiser tidleg heim etter fødsel

Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken dei første fem dagane etter fødsel. Nokre vil bli følgt opp i heimen med besøk av jordmor.

Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

1. etasje, Kvinneklinikken. Gå inn via hovudinngangen, og ta kontakt i resepsjonen. Om natta er inngangsdøren låst, og du må ringe på klokka til høgre for inngangsdøra.

Opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30.


Logg inn for å endre time

Telefon
55 97 43 26 - Sekretær
55 97 43 27 - Jordmor
Ammepoliklinikken - barseltelefonen 414 99 042
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Kart)
5053 Bergen
Telefon
Resepsjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Flybussen mellom Flesland og Haukeland Universitetssjukehus er innstilt i jul og romjul (kjører til og med 21.des).
Oppstart etter nyttår blir 2.januar 2019.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Amminghttps://helse-bergen.no/behandlinger/ammingAmmingAAmmingAmmingAmmingAmming
Diabetes og svangerskaphttps://helse-bergen.no/behandlinger/diabetes-og-svangerskapDiabetes og svangerskapDDiabetes og svangerskapDiabetes og svangerskapDiabetes og svangerskapDiabetes og svangerskap
Glukosebelastningstesthttps://helse-bergen.no/behandlinger/glukosebelastningstestGlukosebelastningstestGGlukosebelastningstestGlukosebelastningstestGlukosebelastningstestGlukosebelastningstest
Graviditet - blodpropp før eller i svangerskapethttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-blodpropp-for-eller-i-svangerskapetGraviditet - blodpropp før eller i svangerskapetGGraviditet - Blodpropp før eller i svangerskapetGraviditet - Blodpropp før eller i svangerskapetGraviditet - Blodpropp før eller i svangerskapetGraviditet - Blodpropp før eller i svangerskapet
Graviditet - overvekt https://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-overvekt-Graviditet - overvekt GGraviditet - OvervektGraviditet - OvervektGraviditet - OvervektGraviditet - Overvekt
Graviditet - svangerskapsforgiftinghttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-svangerskapsforgiftingGraviditet - svangerskapsforgiftingGGraviditet - SvangerskapsforgiftningGraviditet - SvangerskapsforgiftningGraviditet - SvangerskapsforgiftningGraviditet - Svangerskapsforgiftning
Graviditet - svangerskapskløehttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-svangerskapskloeGraviditet - svangerskapskløeGGraviditet - SvangerskapskløeGraviditet - SvangerskapskløeGraviditet - SvangerskapskløeGraviditet - Svangerskapskløe
Graviditet - tilvekstkontrollhttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-tilvekstkontrollGraviditet - tilvekstkontrollGGraviditet - TilvekstkontrollGraviditet - TilvekstkontrollGraviditet - TilvekstkontrollGraviditet - Tilvekstkontroll
Svangerskaphttps://helse-bergen.no/behandlinger/svangerskapSvangerskapSGraviditet og svangerskapGraviditet og svangerskapGraviditet og svangerskapGraviditet og svangerskap
Svangerskapsdiabeteshttps://helse-bergen.no/behandlinger/svangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetesSSvangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetes
Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barnhttps://helse-bergen.no/behandlinger/vaksinering-av-rhd-negative-gravide-som-ber-eit-rhd-positivt-barnVaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barnVVaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.Vaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.Vaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.Vaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.