Omvising på Fødeseksjonen på KK

Fødeseksjonen på Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen er den nest største føde / barseleininga i Noreg med over 5000 fødslar i året.

Eksteriør Kvinneklinikken. Foto
 

​Her kan du lese om og sjå informasjonsfilmar om fødetilbodet vårt - og kva som møter deg som fødande her hos oss.

Mottak og innlegging

Når du skal føde, ønsker vi at du ringer før du kjem til oss. Dette for at vi skal kunne ta imot deg på best mogleg måte. 

Jordmor i telefonen. Foto 

​​​​​​​​​Ring Innleggelsestelefonen for fødande for å melde frå om at du kjem til KK når du trur fødselen nærmar seg. Her får du rettleiing, råd og informasjon av jordmor om kva du skal gjere, og kor og når de skal møte.

Innleggingstelefonen for fødande

Kor skal eg føde?
Vi har to fødeavdelingar hos oss - Storken og Fødeavdelinga. Når du kjem til oss, tar du kontakt med ekspedisjonen til høgre like innanfor inngangsdøra. Dei vil gi beskjed til avdelinga om at du har komme, og ei jordmor vil komme og hente deg. Kjem du utanom opningstida,  må du ringe på klokka på høgre side for hovuddøra.

Storken Føde 1 Føde 2 

Kven møter du på Fødeavdelinga?

  • Jordmor er spesialist på det normale svangerskap, fødsel og barseltid. Ho har også eit stort ansvar og ein viktig rolle saman med legen, i å følgje opp gravide, fødande og barselkvinner som treng ekstra oppfølging, overvaking og behandling. Du vil alltid ha ei jordmor tilgjengeleg under heile fødselen og i barseltida.
  • Barnepleiarar / hjelpepleiarar er ei viktig yrkesgruppe. Dei vil saman med jordmor vere tilgjengeleg og følgje deg opp før, under og etter fødselen.
  • På KK er det alltid fleire erfarne gynekologar på vakt. Gynekologane og jordmødrene på kvart vaktskift samarbeider tett om å gjere svangerskapet, fødselen og barseltida for deg og barnet ditt best og tryggast mulig.
  • Anestesi- og operasjonspersonale og pediater / barnelege er alltid på vakt. Desse er i beredskap og kjem raskt til om det skulle bli bruk for deira tenester.
  • Studentar. Det at vi er eit universitetssjukehus betyr at ein av våre viktigaste oppgåver er å utdanne nye helsearbeidarar. Som ein del av arbeidsteamet vårt vil vi ha studentar.
    Studentane er alltid saman med ei erfaren jordmor eller lege, som er den ansvarlege for at oppfølging, pleie og behandling til deg og barnet ditt blir optimal. Dei fleste av våre fødande opplever at det å ha ein student med seg, betyr at ein ekstra fagperson er tilgjengeleg, følgjer opp og bidrar positivt.

​Les meir om fødsel - førebuingar og kva skjer før-under-etter fødsel

Observasjonsposten

Observasjonspost for gravide er ein sengepost for sjuke gravide eller gravide med komplikasjonar i svangerskapet. 

CTG-overvaking (sparketest) av barnet i mors mage. Foto 

​​​​​​Avdelinga vår er delt i to med ein poliklinikk og ei sengeavdeling.

Poliklinikk for gravide Observasjonspost for gravide

I poliklinikken tar vi imot dei som blir tilvist til terminkontroll og øyeblikkeleg hjelp. Sidan talet på pasientar kan variere frå dag til dag, kan det av og til bli litt ventetid hos oss. Derfor anbefaler vi å ta med noko å lese på, og gjerne litt mat og drikke.

Om ein finn grunn til meir overvaking eller behandling i forbindelse med graviditeten, kan ein bli innlagt på sengepost.

SJÅ VIDEO - Informasjonsfilm frå Observasjonspost for gravide:

 

Storken

Du som har hatt eit normalt svangerskap og som ventar eit friskt barn til termin kan føde på Storken. 

Fødande kvinne i badekar med jordmor ved sida av. Foto​​​​​​​​​​​​​​​​​​Avdelinga​ er ei kombinert føde- og barseleining. Vår hovudoppgåve er å legge forholda til rette for ein normal og god fødsel, og ein god start for det nyfødde barnet og familien.

På Storken har vi fire fødestover, fem familierom og fem tomannsrom.

Nokre gonger kan du og barnet ditt få ligge eitt døgn på rom med far til stades, for så å bli flytta over til eit tomannsrom, eller de får tilbod om familierom heile tida. 

Likevel er det viktig å vite at dersom det er fullt, får dessverre ikkje far overnatte, anna enn på dei romma som utelukkande kan brukast til enkeltrom. Det er til ei kvar tid kapasitet og behov som legg føringar for kor de skal ligge. ​​​ 

SJÅ VIDEO - Informasjonsfilm frå Storken:​​​​

 Les meir om fødsel, smertelindring utan medikament og akupunktur

Føde 1 og Føde 2

Jordmor undersøker gravid kvinne i sjukehusseng. FotoPå fødeavdelingane gir vi fødselshjelp ved ukompliserte fødslar og ved fødslar som krev ekstra oppfølging, overvaking og behandling. 

SJÅ VIDEO - Informasjonsfilm frå fødeavdelingane:

 Informasjon om fødsel; førebuingar,kva som skjer før, under og etter fødselen og smertelindringSjå video - Ulike fødestillingar

Barsel

Vår hovudoppgåve er å bidra til at de får ein god start på barseltida. Hos oss har vi fleire ulike barseltilbod. Vi har ei rein barselavdeling, og to kombinerte føde- / barselavdelingar.​​

Sjå vår informasjonsfilm frå Barsel:​



Jordmor på heimebesøk
Vi har òg eit barseltilbod som heiter «Jordmor heim». Alle kvinner som er busett i Bergen kommune, og som har hatt eit normalt svangerskap og normal fødsel til termin, kan reise heim med barnet sitt allereie 8-24 timar e​tter fødsel. Då vil all oppfølginga skje heime og ei jordmor kjem heim til deg og barnet.​​​

Gruppebilde jordmødrer. Foto 

Er du busett utanfor Bergen kommune?
Gjennom samhandling med sjukehuset har kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Os og Askøy  etablert lokale barseltenester, der jordmor følger opp mor og barn etter heimreise.

Les meir om barseltilbod etter heimreise til kvinner utanfor Bergen kommune