Innleggingstelefonen for fødande

Alle fødande bør ringje innleggingstelefonen for fødande, før dei drar til Kvinneklinikken - telefonnummer 55 97 22 00.

Om du ikkje får kontakt med jordmor på denne telefonen, og du ikkje kan vente og ringe tilbake - ring 113.

Jordmor i telefonen. Foto
 

​Det er berre erfarne jordmødrer som svarer når du ringjer Innleggingstelefon for fødande. Dei vil høyre på det du fortel, gi deg råd og saman med deg planlegge kva som skal skje vidare.

Innleggingstelefonen er for akutte problemstillingar (tilsvarande nødtelefon 113).

Du kan dessverre ikkje bruke denne tenesta til rådgiving som ikkje hastar og kan vente til du tar kontakt med eigen lege, jordmor eller legevakt. Når vi vurderer det slik at problemstillinga kan bli løyst der, vil vi be deg om å ta kontakt med ein av desse.

Admissions Line for women in labour - Information in English and other languages

Admissions Line for women in labourNuméro d’admission pour accouchement à la Maternité (pdf)Telefon dla kobiet rodzących do izby przyjęć w Kvinneklinikken (pdf)​Teléfono de ingreso en la Clínicade Maternidad para parturientas (pdf)Telefoonka dumarka dhalaya ​ee la dhigayo Isbataal ​yaraha dumarka (Kvinneklinikken) (pdf)Russian translation - Admissions Line for women in labour​ (pdf)Arabic translation - Admissions Line for women in labour​ (pdf)


Når ringjer eg Innleggingstelefonen for fødande?

Innleggingstelefonen skal primært bli brukt for å melde frå om at fødselen er i gang og at du er på veg til Kvinneklinikken.

Då kan avdelinga du skal føde på planlegge mottakinga av deg, ved å gjere klar fødestove og avklare kven som skal ha ansvar for og ta i mot deg, i tillegg til å ha ansvar for å følgje deg opp.

Er du usikker på om fødselen er i gang, eller det oppstår endringar hos deg eller barnet som uroar deg, kan du også kontakte jordmor via Innleggingstelefonen.

Teikn på at fødselen er i gang


Fødselsrier

Fødselsrier er definert som smertefulle samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10. minutt – og som er så effektive at dei påverkar livmorhalsen / mormunnen. 

Mot slutten av svangerskapet vil alle gravide få samantrekningar i livmora, såkalla kynnarar / Braxton Hicks contractions. Desse kan kome regelmessig, vere ubehagelege, bli utløyst spesielt ved aktivitet og roe seg om du senkar aktivitetsnivået.

Ta kontakt med Innleggingstelefonen når du syns riene er etablert, eller kjem med ein intervall på ca. 5–6 minutt.

Har du lang veg til Kvinneklinikken, har fødd raskt tidlegare, har hatt komplikasjonar i tidlegare svangerskap eller fødslar – eller er usikker, ta kontakt når riene startar.

Magesmerter

Får du akutte magesmerter bør du kontakte Innleggingstelefonen for fødande.

Avgang av fostervatn

Om fostervatnet går (begynner å renne ut),  kan dette vere det første teiknet på at fødselen er i gang. Om holet i hinnene er stort, renn det rikeleg med blakka væske frå skjeden. Er holet i fosterhinnene lite, vil berre ei lita mengde fostervatn komme ut. Mange opplever dette som at dei berre er fuktig nedantil.

Uavhengig av mengde fostervatn skal du alltid ta kontakt med Innleggingstelefonen om du føler at du lek og du meiner at lekkasjen ikkje er urin eller utflod.

Bløding

Blodtilblanda utflod er oftast eit teikn på at fødselen er i gang. Etter kvart som mormunnen/cervix opnar seg vil det alltid komme blodspor, blodtilblanda utflod eller sparsam bløding.