Fødestillingar - sjå video

Når du skal føde kan det vere nyttig å prøve ut fleire ulike fødestillingar. Her har vi samla fleire videoar som viser korleis jordmor hjelper deg til å finne stilligar som vil hjelpe barnet lenger ned i bekkenet, samt stillingar som brukast når barnet skal pressast ut.

Gravid kvinne støttar seg på høg stol. Foto
 

Stillingar som hjelper barnet lenger ned i bekkenet

​​Før barnet skal pressast ut, er ei av våre viktigaste oppgåver å hjelpe deg med å finne stillingar som bidreg til å få barnet ditt til å bevege seg nedover i bekkenet / fødselskanalen. I denne fasen av fødselen vil vi at du prøver å bruke tyngdekrafta og at du er i bevegelse samtidig som du er avslappa og tung i kroppen.

 


Fødestillingar

I denne videoen viser vi elleve ulike fødestillingar, i tillegg til at vi forklarar kvifor dei kan vere gode. Her kan du sjå korleis du kan føde ved å stå på kne, sitte på huk, sitte på krakk, sitte i seng, ligge i seng, stå, ligge i fødeseng, stå på kne i fødeseng, sitte i fødeseng, sitte i fødeseng med beinhaldarar, ligge på sida i fødeseng, samt å føde i badekar.