Sjå vår informasjonsvideo frå Fødeavdelinga:
Alle typar fødslar
Avdelinga har òg regionalt ansvar for risikofødslar som premature, fleirlingefødslar, vaginale setefødslar og for gravide med medisinske eller sosiale faktorar som kan påverke fødsel og / eller barseltida. Derfor er vi utstyrt, organisert og bemanna til å ta vare på deg som skal gjennom ein fødsel med auka risiko. Avdelinga har også ansvar for dei gravide som har komplikasjonar i svangerskapet som gjer at dei treng å vere innlagt på sjukehus.
Føde 1 har ei eiga operasjonsstove på avdelinga. I tillegg har vi åtte fødestover med avansert medisinsk-teknisk utstyr.
Etter fødselen
Når du har født hos oss, blir du verande på Føde 1 i nokre timar og du kan ha den som følgjer deg hos deg heile tida. Deretter blir du overført til Barsel.
Har du født ved hjelp av keisarsnitt, blir du overflytta til oppvakningsavdelinga i 2. etasje etter operasjonen. Om du føler deg i form til det, kan barnet ditt vere med deg deler av tida du ligg her. Då kan du også prøve å komme i gang med å amme den vesle. På oppvakningsavdelinga blir du liggjande nokre timar til observasjon, før du blir flytta vidare til Barsel.
Visittid kun for dei næraste
Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at mor og barn får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og ha nok tid og ro til å komme i gong med bl.a. amminga. Vi ser at kvinnene som har fødd, blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken og den første tida heim bør avgrensast til dei aller næraste.
Visittida på KK er derfor kun open for partnar til den fødande og eigne barn. (Dersom partnaren din er forhindra eller du er åleine av andre årsaker, står du fritt til å velge ein annan person som står deg nær).
Visittid for fedre/partnar og søsken er kl. 17.00-20.00.