Har du født ved hjelp av keisarsnitt?

Her finn du gode råd frå fysioterapeutane, og elles andre ting du må passe på etter operasjonen.
Nyfødd i babyseng på sjukehus. Foto
 

Etter keisarsnittet har du fått ein gjennomsiktig bandasje som dekkjer operasjonssåret. Denne toler at du dusjar utan å skifte bandasjen. Sju dagar etter fødselen kan du fjerne bandasjen, og då vil du sjå at det er strips / tape over såret.

Desse kan du velje å ha nokre dagar lengre etter at du har fjerna bandasjen, dersom du ønskjer det.Det er viktig at du følgjer med på om det er teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er:

  • raudflamma og irritert hud rundt såret
  • hevelse
  • væske frå såret

Om du observerer nokre av desse symptoma, bør du ta kontakt dersom det er under sju dagar sidan du fødde. Kvinner som har født ved Kvinneklinikken i Bergen kan kontakte oss på Barseltelefonen 414 99 042, og kvinner som har fødd på Voss kan ta kontakt med Fødeavdelinga på telefon 56 53 35 70. 

Har det gått meir enn sju dagar, skal du ta kontakt med din fastlege for ein vurdering.

Smertestillande

Reiser du heim tidleg etter fødselen (innan andre dag), kan du fortsett ha behov for smertestillande dei første dagane etter at du kjem heim.

Då kan du ta tablettar i form av Diclofenac 50 mg. og Paracet 1 g. inntil tre gongar i døgnet. Har du framleis smerter etter fjerde dag etter fødsel, kan du gjerne ta kontakt med oss.

Spørreundersøking for kvinner som har født på KK

Om lag ein månad etter keisarsnittet, vil du få eit skriv med spørsmål frå Senter for pasientsikkerheit ved Forsking og utviklingsavdelinga (FOU) på Haukeland universitetssjukehus.

Dette er eit ledd i vårt arbeid for å førebyggje infeksjonar etter operasjonar, og vi håper du vil ta deg tid til å svare på spørsmåla uavhengig om du har hatt infeksjon i såret eller ikkje.



Råd frå fysioterapeutane

Pusten

Eit operativt inngrep vil nokon gonger påverke korleis du pustar i perioden etterpå. Mellom anna vil du kanskje merke at du får meir slim i lungene enn elles. Dette kan bli betre dersom du utfører pusteøvingane under:

  1. Legg henda dine nedst på magen og kjenn at magen beveger seg utover når du pustar djupt inn. Slepp pusten og kjenn at magen beveger seg innover. Denne øvinga kan og få deg til å oppnå god avspenning i kroppen. Gjenta 5-10 gonger.
  2. Pust djupt inn medan du strekkjer ein arm godt opp over hovudet, og senk roleg ned igjen. Kvil litt og gjer det same med motsett arm. Gjenta 5-10 gonger.
  3. Du vil kunne puste betre dersom du skiftar stilling i senga ofte. Etter operasjonen kan du veksle mellom å liggje på ryggen eller på begge sidene. Om du ønskjer det, kan du liggje på magen med 1-2 puter under magen. Putene avlastar både byste, rygg og operasjonssåret på magen.
  4. Be personalet om hjelp dersom du synes det er vanskeleg å finne gode kvilestillingar. 

Blodomløpet

For å auke blodsirkulasjonen og dermed redusere faren for blodpropp, er det lurt å begynne å bevege seg raskast mogleg etter operasjonen. Dei første døgna etter inngrepet der du ligg meir i ro enn du elles brukar, bør du gjere øvingar i senga.

  1. Bøy og strekk i anklane.
  2. Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein medan hælen har kontakt med underlaget.
  3. Knip saman baken, strekk beina, hald eit sekund og slepp ned.

Gjør kvar øving 5-10 gonger, helst fleire gonger for dagen.

Korleis kome seg ut av senga

Allereie dagen etter operasjonen er det fint om du kan sitje litt på sengekanten, og gjerne ta nokre skritt. For å unngå kraftig bruk av magemusklane, anbefaler vi følgjande måte å komme seg ut og inn av senga – utan å belaste operasjonssåret:

  1. Bøy knea
  2. Rull over på sida
  3. Bruk armane til å skyve deg opp sidelengs, samstundes som beina blir ført utanfor sengekanten.

Etter ein operasjon, er det ikkje uvanleg å bli svimmel dei første gongane du skal reise deg opp. Det gjer at du kanskje treng litt hjelp i starten. Då vil du bli vist metoden forklart overfor.

Vis omsyn i seks veker etter operasjonen

Operasjonssåret bør ikkje bli belasta i seks veker etter inngrepet. Det er viktig at du:

  • kjem deg ut og inn av senga som forklart overfor
  • unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask
  • unngår tunge løft, til dømes av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og liknande
  • du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker
  • hald på operasjonssåret når du hostar og nys  

Aktivitet og kvile i barseltida

I barseltida er det viktig at ein ligg til rette for at kroppen får henta seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt å ta seg fleire gode kvilestundar kvar dag. Spør oss gjerne om tips for gode kvilestillingar.

Det er flott at du beveger deg. Gå gjerne tur, start då med korte turar så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.

Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har fødd ved hjelp av keisarsnitt, som for dei som har fødd på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.