Stell og bading av den nyfødde

Vask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk tynn klut eller berre hendene dine.

Nyfødd på stellebordet. Foto
 

Hald gjerne barnet under springen, men kjenn først på vatnet med innsida av handleddet. Tørk godt i alle hudfaldar og smør gjerne huda til barnet med brystmjølk, eventuelt lufttørk dersom huda er litt sår. Viss huda til barnet er tørr, kan du eventuelt massere det tørre området inn med litt babyolje. Barnet treng vanlegvis ingen salve eller krem.

Jenter
Vask underlivet først framme og dra kluten bakover. Dette for å unngå å tilføre bakteriar fram mot urinrøyret. Det er ikkje nødvendig å vaske innanfor kjønnsleppene med mindre det er tilgrisa med avføring.

Hos jentebabyar kan det kome ein del slim frå skjeden – nokre gonger blanda med blod. Dette er vanleg og skjer som følgje av hormonpåverknad frå mor.

Gutar
Hos gutar treng ein ikkje trekkje forhuda tilbake for å halde det reint.

Badestell

Dersom du er førstegongsfødande vil vi gjerne hjelpe deg med å bade barnet ditt første gong. Nokon gonger er det dessverre ikkje mogleg for oss å prioritere dette før du og barnet reiser heim. Det er ikkje nødvendig å bade barnet kvar dag og eit godt alternativ til bad er ein grundig kroppsvask dagleg.​ ​

  • ​​​Rommet skal vere behageleg varmt, slik at barnet ikkje frys når det kjem opp av vatnet
  • Finn fram alt utstyr du treng på førehand: klede, bleier, handklede m.m.
  • Gå aldri frå barnet på stellebordet. Har du gløymt noko, så ta barnet med deg for å hente det. Eventuelt kan du leggje barnet i eit handklede på golvet.
  • Vask av eventuell avføring før badet startar
  • Start med å vaske dine eigne hender. Pass på riktig arbeidsstilling for deg sjølv.
  • Fyll i badekaret til barnet med passe varmt vatn, om lag 37 grader. Kontroller med underarmen din for å kjenne at vatnet er behageleg varmt.

Sjå video - Korleis halde ein baby under bading

  • La skuldra / nakken til barnet kvile på den venstre underarmen din, og hald med eit fast grep slik:
  • Tommel, peikefinger og langfinger rundt barnet sin venstre overarm.
  • Ta den høgre handa di under rumpa til barnet og senk det rolig ned i vatnet slik at det når barnet til halsen.
  • Hald barnet godt med venstre hand under heile badet, og vask med høgre hand, eventuelt med en mjuk klut.
  • Dersom barnet sklir på underarmen under badet, må du ta eit fastare grep. 
 

Sjå video - Korleis badar du ein baby

  • Start ovanfrå med å vaske andletet med ein mjuk klut. Unngå å la vatn renne ned i auga. Vask så håret til barnet med få dråpar sjampo utan parfyme. Skyll forsiktig med handa.
  • Du treng ikkje snu barnet – vask med handa eller ein mjuk klut ovanfrå og ned. Hugs å vaske alle foldane på huda; under haka, bak øyra, under armane og i lysken.
  • Hald barnet under rumpa med høgre hand igjen og løft det opp av vatnet. Legg barnet på handduken godt innpå stellebordet eller på golvet. Tørk forsiktig med eit mjukt handklede eller ei tøybleie. Hugs alle foldane. Tørk eventuelt gammalt fosterfeitt utover, ikkje lat det bli liggjande feitt i klumpar på kroppen til barnet. Eventuelt størkna blod kan vaskast varsamt vekk med bomullsdottar. Kjenn etter med tørr hand i alle foldane på huda.
  • Navlen skal lufttørkast før du kler på barnet igjen.
  • Hugs at øving gjer meister og at barnet liker dine kjærlege hender!