RS-virus og vasskoppar

Informasjon til foreldre og andre besøkande på Storken, Føde 2 og Barsel ved Kvinneklinikken.

Gruppebilde mor, far, storebror og nyfødt baby. Foto
 

RS-virus

Kvar vinter kjem det utbrot av RS-virus, som er eitt av fleire virus som fører til infeksjon i luftvegane. Infeksjon med RS-virus er mest vanleg dei første leveåra hos barn (0-5 år).

Viruset kan føre til såkalla bronchiolitt, ei form for bronkitt som minner om astma. For nyfødde barn kan dette vere farleg fordi deira immunsystem ikkje er ferdig utvikla, og fordi dei har små og tronge luftvegar.

Alle kan vere berarar av RS-virus, men vi veit at barn under 5 år spreier smitte lettare enn større barn og vaksne. For at babyane på Kvinneklinikken skal vere best mogeleg beskytta, ber vi de ta visse omsyn:

  1. Smitteoverføring skjer via dråper frå hoste og nysing.
    Derfor ønskjer vi at personar som er forkjølte eller sjuke, ikkje kjem på besøk til avdelinga.
    Vi anbefaler også at den nyfødde ikkje blir utsett for direkte kontakt med personar som har smittsame sjukdommar når de kjem heim frå sjukehuset.
  2. Små barn som er forkjøla, kan ha virus i kroppen og smittar lett andre. Unngå derfor helst besøk av små barn den første tida etter heimreise frå sjukehuset. Dersom de har andre barn som er forkjølt, bør de unngå at dei har nærkontakt med den nyfødde.
  3. Dersom de som foreldre er forkjølte, er det svært viktig med god handvask før nærkontakt med barnet.
  4. Den første månaden etter fødselen, bør ein unngå stader med mykje folk, til dømes kjøpesenter.
  5. Tobakksrøyk aukar risikoen for luftvegsinfeksjon betydeleg hos den nyfødde. Unngå røyking inne! I tillegg anbefaler vi å skifte klede dersom ein har røyka og skal ha nærkontakt med babyen.  

Vasskoppar

Infeksjon med vasskoppar skuldast også eit virus. Vasskoppar er ein svært smittsam sjukdom som dei fleste av oss har hatt som barn.

Barn av mødrer som har hatt vasskoppar vil vanlegvis vere beskytta gjennom antistoff. Om du ikkje har hatt vasskoppar sjølv - eller er usikker på om du har hatt det - må du vere merksam på menneske med vasskoppar i nærmiljøet, og halde det nyfødde barnet borte frå dei som har viruset.

Må vere friske for å besøke

Barn / søsken til den nyfødde må ikkje kome på besøk på barselavdelingane dersom dei er sjuke, har utslett av ukjend årsak, eller om ein har mistanke om at dei er smitta av vasskoppar.