Nyfødde barn frå topp til tå

Som nybakte foreldre er det ofte mange ting ein lurer på. Tida etter fødselen byr på undring og glede, ofte blanda med ei kjensle av usikkerheit og litt uro. De skal lære barnet å kjenne, få kontroll på stell og mating - og korleis familien skal organiserast saman med den lille.

Nyfødd baby strekk seg på stellebordet. Foto
 

På sjukehuset er det barnepleiarar, jordmødrer og legar som kan hjelpe deg. Etter heimreisa er det helsesøster, kommunejordmor og fastlegen som følger opp barnet og deg som har fødd.

Før utreisa frå fødeavdelinga må du sikre deg at du veit kven du skal ta kontakt med om du treng hjelp, rettleiing eller råd om for eksempel eigen helse, stell og mating av barnet.

Gode råd til nybakte foreldre
 

Augo til den nyfødde

Det er vanleg at augelokka til barnet er hovne dei første dagane, og det kan kome ein del sekret eller tårer. Dette kan du vaske bort med lunka kokt vatn eller augebadevatn.

Bruk ein våt bomullsdott og tørk frå yttersida av auget og inn mot augekroken - eller frå den reinaste sida av auget mot der det er sekret.

Om augo ikkje viser teikn til betring, må det bli tatt bakterieprøve for å undersøke om det kan skyldast ein infeksjon som krev antibiotikabehandling. Du må då ta kontakt med lege som kan vurdere om behandling er nødvendig.

Øyra til den nyfødde

Barnet har ofte ein del belegg i øyra rett etter fødselen. Du kan sjå eit kvitaktig belegg som er restar etter det fettlaget som beskyttar huda til barnet under svangerskapet. Du kan og sjå restar av blod som har kome under fødselen.

Øyra til barnet skal kun tørkast av ytterst. Ikkje vask inne i øyra på barnet, berre tørk av heilt i ytre del av øyret.

Nysing

Nyfødde barn nys mykje. Dette er ikkje eit teikn på forkjøling eller sjukdom. Barnet nys for å rense opp i sine litt tronge nasekanalar.

Raping

Far holder nyfødd. FotoNokon barn raper mens andre barn ikkje raper. Barn har ulike «rapevanar». Det kan vere ein god vane å gi barnet anledning til å rape etter eit måltid. Lufta kjem som oftast opp etter få minutt, men hugs at ikkje alle barn  rape.

Om barnet ditt er uroleg kan du gjere det lettare for barnet å få rapt ved å halde barnet inntil deg med barnet sitt hovud mot skuldra di. Støtt rygg og hovud og stryk gjerne barnet lett over ryggen.

Hikking

Nokon barn hikkar mykje og følger ofte same «hikkemønster» som det hadde i svangerskapet. Dette er heilt normalt, og det er ikkje farleg eller eit teikn på sjukdom hos barnet. Legg barnet til brystet, så det får litt morsmjølk. Dette kan hjelpe til med å stoppe hikkinga.

Trøske

Trøske viser seg som eit kvitt belegg på tunga til barnet og / eller på innsida av kinna. Trøske er ein vanleg soppinfeksjon hos nyfødde. Vanlegvis forsvinn dette av seg sjølv utan andre symptom enn det kvite belegget.

Baby med trøske på tunga. Foto 

Snakk med jordmor, helsesøster eller lege om du ser at barnet har mykje trøske og alltid om barnet i tillegg vegrar seg for å ta brystet / maten.

Trøske kan smitte til brystknoppen og føre til at det blir smertefullt å amme for deg. Det er ikkje farleg, men krev behandling med soppdrepande middel. Ser du at barnet har trøske og du får smerter ved amming, må du oppsøke lege for å få behandling.

Les meir om trøske på ammehjelpen.no

Negler

Neglene til barnet er ofte lange og skarpe, og gjer at barnet kan klore seg i ansiktet. Neglene til nyfødde skal ikkje klippast då det er lett for at du klippar i huda under naglen. Neglene er veldig mjuke, og i ytterkanten er dei ofte litt flisete. Ta forsiktig tak ytterkanten og sjå om det er mogleg å rive av ein bit. Du kan også bruke tynne bomullsvantar eller ein babysokk på hendene til barnet, for å unngså at barnet klorer seg sjølv.

Urin og avføring

Den første avføringa til barnet er svart og blir kalla «barnebek». Denne er seig og luktar ikkje då tarmen til barnet enno er steril. Etter kvart som barnet får mjølk, vil den normale tarmfloraen bli etablert. Etter nokre dagar vil avføringa skifte farge frå svart til grønbrun, for deretter å bli kornete og sennepsgul, og ofte svært flytande når mjølkeproduksjonen er komen godt i gong.

Får barnet morsmjølkerstatning kan det nokon gonger gå fortare med etablering av avføringsmønsteret.

Omstillinga frå livmora der «maten» kom via navlesnoren, til at barnet sjølv skal ete er stor. Barnet skal lære å spise, og fordøyingssystemet skal venne seg til å ta imot og fordøye mjølka. Dette kan føre til litt uroleg mage hos barnet dei første dagane, og er ikkje eit teikn på begynnande kolikk eller sjukdom.

Etter 4-7 dagar bør barnet ha 4-6 tissevåte bleier og dagleg avføring. Dette er teikn på at barnet ditt får i seg nok mjølk. Brysternærte barn har ofte færre «bæsjebleier» enn de barna som får morsmjølkerstatning i starten. Går barnet fint opp i vekt, er det ingen grunn til å bli bekymra for om barnet får nok mat.

Oransje / raude flekkar i bleien til barnet dei første dagane etter fødselen er vanleg. Det er urat (kalkavleiringar) som skiljast ut via nyrene og som gir den oransje / raude fargen. Dette er heilt normalt, og er ikkje eit teikn på sjukdom hos barnet. Etter kvart som mjølkeproduksjonen kjem i gong og gjennomstrømminga i nyrene til barnet blir større, vil spor av urat i bleien forsvinne.

Les meir om avføring hos barnet på ammehjelpen.no

Utflod hos nyfødde

Jentebarn kan ofte ha kvitaktig utflod med noko raudt i. Dette skyldast hormonpåverknad frå mor og blir ofte kalla «minimens». Dette er ikkje farleg, og forsvinn gradvis av seg sjølv. Barnet kan også ha lange slimtrådar frå vagina som tørkar opp og løyser seg av seg sjølv.

Navlen

Mange foreldre bekymrer seg for navlestumpen til den nyfødde. Korleis skal dei stelle han? Den delen av navlesnoren som sit att på navlemansjetten (hudområdet der navlesnoren er festa) vil falle av i løpet av tre til ti dagar. Etter nokon dagar fil det komme ein litt emmen lukt av navlestumpen som eit teikn på at den normale prosessen er i gong.

Navlestumpen til nyfødd. Foto 

Hald navlestumpen til barnet tørr og rein. Det er vanleg at det kan sive litt blodvæske om for eksempel bleien har gnissa rundt navleområdet. Dette er ikkje farleg, men det er viktig å tørke dette vekk slik at ikkje huda rundt blir irritert. Blir huda rundt stumpen raud, varm og væskar utover dette - bør du ta kontakt med helsesøster, jordmor eller lege for råd om stell.

Huda til barnet


Hender og føter

Spedbarn har ofte litt blåleg farge på hender og føter dei første dagane etter fødselen. Dette er på grunn av litt dårlegare blodsirkulasjon i dei områda av kroppen som er lengst frå hjartet.

Då kan varme sokkar vere godt for barnet. Om du skal vurdere om barnet er passeleg varmt, kan du kjenne på det i nakken. Eit barn som er for varmt er ofte raud i andletet og irritabel.

Milier
Dei små kvite prikkane i andletet på barnet, spesielt på nasen, heiter milier. Desse prikkane er forstørra talgkjertlar og dette er heilt normalt. Det tar gjerne nokre veker før dei forsvinn av seg sjølv.

Spedbarnsutslett
Spedbarnsutslett artar seg ofte som små lyseraude flekkar, eller litt større område spesielt på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten hard og kvit prikk inne i flekken/området. Dette utslettet kjem fort og forsvinn fort. Årsaka er hormonell påverknad frå mor. 

Varmeutslett
Varmeutslett kjem når barnet har det for varmt. Det artar seg som små raude nuppar som forsvinn ved avkjøling.

«Heksemjølk»
Både gutar og jenter kan få litt opphovna brystkjertlar etter fødselen. Dette kjem som følgje av hormonpåverknad frå mor i svangerskapet og vil forsvinne etter nokre dagar. Det kan vere litt ømt for barnet, så ver forsiktig når du er borti området.

«Storkebitt»
Om barnet ditt har eit raudt merke på augelokk, i panna eller nakken, kallar vi det gjerne «storkebitt». Desse merka blir mindre synlege eller forsvinn etter kvart, helst innan første leveår. Iblant ser du at dei kjem fram igjen hos barnet når det anstrengjer seg.

Fødselsmerke
Det er vanleg med fødselsmerke hos nyfødde og dei fleste er godarta og ufarlege.