Fødselsdepresjon

Å få barn er noko av det største som kan skje i livet. Samstundes er det ikkje uvanleg å kjenne seg nedstemt eller deprimert i samband med ein fødsel.

Mor med gråtande barn på stellebord. Foto
 

Når lykkekjensla ikkje kjem, kan mange kjenne skyld og skam. Nokon gonger er nedturen forbigåande, andre gonger utviklar den seg til å bli ein mer alvorleg depresjon.

Det er viktig at du så tidleg som mogeleg snakkar med nokon du stoler på om korleis du opplev situasjonen din, og det som plagar deg.

Etter ein fødsel opplever ein del mødrer at dei græt lettare og meir enn vanleg. Dette kallast for barselstårar, og er ein heilt normal og forbigåande følelsesmessig tilstand som skjer med mellom 50-80% av alle nybakte mødrer.

Ein fødselsdepresjon er ein depresjon som inntreffer i forbindelse med fødselen. Depresjonar som oppstår i forbindelse med graviditet og fødsel skiller seg ikkje vesentlig frå andre depresjonar og behandlast på same måte.

Du bør oppsøke hjelp dersom du -

  • er likegyldig til å amme og stelle barnet ditt
  • ufølsam for barnets signal og behov
  • har vonde tankar og fantasiar om å miste kontrollen og å skade deg sjølv og barnet ditt
  • manglar initiativ eller evne til å glede deg
  • er irritert eller nedstemt, med varierande humør
  • er lei deg, sint, græt lett og alt kjennast vanskeleg

Les meir om fødselsdepresjon på helsenorge.no


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.