Barseltida

Barseltida er tida frå rett etter fødselen og til kroppen er tilbake til førgravid tilstand og amminga er vel etablert; dei første 6-8 vekene etter fødselen. For kvinner som ammar er det vanleg å bruke 6 veker før dei opplever god etablering av amminga.

Far, mor og baby liggande. Foto
 

Barseltida handlar mykje om omstilling og nye rutinar. Det er ei spennande og flott tid, men også ei tid som kan opplevast som krevjande og utfordrande. Det skjer stor endringar både i kroppen og i livssituasjonen etter ein fødsel. Dei fysiske endringane er dei fleste førebudd på.

Men etter fødselen kan mange også oppleve humørsvingningar, trøyttleik og følelsen av å ikkje vere heilt på høgde med den nye situasjonen og det som krevjast. Opplevelse av meistring som foreldre tar ofte litt tid. 

Barseltelefonen
Eit tilbod til deg som lurer på noko den første tida etter du har reist heim frå Kvinneklinikken - telefon 41 49 90 42.

Er du busett utanfor Bergen kommune?
Gjennom samhandling med sjukehuset har kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Os og Askøy etablert lokale barseltenester der jordmor følger opp mor og barn etter heimreise.

Les meir om tilbodet for barselkvinner utanfor Bergen kommune


Gode råd til nybakte mødrer 

For at barseltida skal bli ei god tid for deg som har fødd og for familien, er det viktig at du som nybakt mor tar godt vare på deg sjølv. Å leggje til rette for og gi den nybakte mora tid og moglegheit til eigenomsorg, til kvile, ro og avlasting frå kvardagens gjeremål er ei god investering for familien. 

Ernæring

Spørsmål knytta til ernæring / amming av barnet er barselkvinner og hennar partnar ofte opptatt av. Men det er også viktig å passe på at du sjølv også får regelmessige måltid og nok drikke.

For å få i gong og oppretthalde mjølkeproduksjonen er kroppen din avhengig av tilførsel av mat og drikke. Du treng ikkje mykje ekstra mat; pass på at du et regelmessig, at du får i deg sunn mat og at du får i deg nok drikke.

Mange barselkvinner får ulike kostråd etter fødselen. Nokon erfarer at barnet blir uroleg i magen av enkelte matsorter, mens andre kan ete alle typar mat utan at barnet reagerer. Du og barnet ditt må gjere eigne erfaringar. Ver medviten om kva du et og drikker; om barnet blir uroleg i magen kvar gong du et ein spesiell type mat, kan du unngå eller redusere inntaket av denne matsorten.

Har du eller nær familie sjukdom og allergiar som er knytta opp mot mat / kosthald / mage-tarm sjukdommar, snakk med jordmor, helsesøster eller lege før fødselen eller i barseltida. Då får du råd og rettleiing som er tilpassa deg og ditt barn.

Søvn

Som nybakt mor vil du raskt oppdage at døgnrytmen din no er avhengig av ein annan person. Kanskje vil barnet helst sove om dagen og vere vaken om natta, særleg den første tida.

Då kan det vere lurt at du tenkjer nytt og heller søv på dagen samstundes med barnet. Vi anbefaler at du prioriterer å få sove godt og nok framfor å til dømes gjere husarbeid, det kan vente. Kanskje familie eller venner kan låne syskena til babyen ei stund slik at de som foreldre får sove litt ekstra?

Les meir om søvn i barseltida - Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer SOVno

Renselse

Det er normalt med frisk bløding dei første dagane etter fødselen. Denne blødinga kallar vi «renselse». Blødinga er størst rett etter fødselen før ho avtar. Blødingane kan opplevast sterkare spesielt om morgonen eller etter at du har lege i ro ei stund. Dette er fordi blodet som har samla seg i livmora mens du låg i ro, kjem lettare ut når du reiser eller beveger deg.

Snakk med jordmor eller lege om du er usikker på om du blør meir enn normalt. Blødinga skal avta gradvis, og i løpet av eit par dagar skal ho vere merkbart mindre. Etter kvart blir blødinga meir brunleg på farge og blir deretter lik utflod med brunleg farge.

Det er individuelt kor lenge renselsen varer, men for dei fleste gir den seg i løpet av dei første seks vekene. Det er vanleg å få ei lita frisk bløding igjen ti til tolv dagar etter fødselen. Denne varer vanlegvis i to dagar, for nokon litt lenger. Denne blødinga kjem frå området der morkaka var festa til livmora. Her har det danna seg ei sårskorpe som no fell av og gir denne friske blødinga.

Renselsen inneheld mykje bakteriar. Ver derfor nøye med hygiene. Skift bind ofte den første tida, dusj dagleg og eventuelt kan du skylje deg nedantil eit par gongar dagleg dei første dagane etter fødselen. Ver forsiktig med «hard» dusjstråle mot underlivet dersom du har sydd nedantil. Vask alltid hendene godt etter toalettbesøk og når du har skifta bind. Den nyfødde er veldig sårbar og mottakeleg for infeksjonar. Vi tilrår at du ikkje badar i badekar eller offentlege basseng så lenge renselsen pågår.

Dersom renselsen skulle bli illeluktande, ta kontakt med jordmor / lege. Renselsen skal normalt ha same lukt som ei menstruasjonsbløding mot slutten av ein menstruasjon.

Ta kontakt med lege om:

  • Blødinga ikkje avtar eller aukar på
  • Om blødinga begynner å lukte sterkt - «stinkande» renselse
  • Om du får feber eller magesmerter

 

Sting - fødselsrifter

Har du fått ei rift eller episiotomi (klipp i mellomkjøtet / perineum) i samband med fødselen, vil dette kunne gjere vondt den første tida etter fødselen. Mest ubehag vil du kjenne dei første dagane, men det er ikkje uvanleg å kjenne ubehag i nokre veker etter fødselen. Den første tida må ein ta omsyn til at ein har sydd i underlivet og avlaste området med kvile. Legg deg gjerne ned framfor å sitte.

Om smertene i såret ikkje avtar eller aukar på, må du ta kontakt med lege / jordmor. Dei vil då sjå på stinga og såret for å utelukke at det har oppstått f.eks. infeksjon i såret. I så fall vil du få behandling for dette.

Eit tørt og reint sår gror som oftast utan problem. Det er derfor viktig å halde såret tørt og reint, noko som kan vere vanskeleg når ein også har bløding. Vi tilrår å dusje dagleg i barseltida. Eit par gonger om dagen kan du bruke ei rein kanne med lunka vatn (eventuelt tilsett litt intimvasksåpe), og skylje deg når du sit på toalettskåla. Når du vaskar deg nedantil, bruk ei mjuk og rein klut, tørk lett framfrå og bakover. Tørk deg godt.

Ved smerter kan du ta smertestillande tablettar. Snakk med jordmor før utreise frå sjukehus om kva for smertelindring du kan bruke.

Snakk også med jordmor på avdelinga før du reiser heim, om korleis du bør stelle såret ditt. Då får du råd og rettleiing tilpassa deg og din situasjon. Det kan vere lurt å sjå på stinga dine sjølv, saman med jordmor, før du drar frå sjukehuset. Då veit du korleis såret ser ut, og kan sjølv følge med om såret gror eller endrar seg.

Barseltårer

Barseltida er ei tid med store omveltningar og forandringar - både kroppsleg og i livssituasjon. Foreldre og barn skal bli kjende med kvarandre, det er mykje nytt å lære og ta stilling til. Ein kan bli både trøytt og sliten, og det er ikkje uvanleg å kjenne seg veldig sårbar i denne tida. Tårene kjem fort og det skal lite til før ein kan bli sint, trist og ute av seg. Dette er heilt normale humørsvingningar, men som kan opplevast som uvanlege for far / partnar. Det er viktig at far / partnar forstår at dette er ei sårbar tid for barselkvinna, og at dei gir ho omsorg, støtte og avlasting. For mange vil det hjelpe å snakke om dette med nokon som står deg nær og som du stoler på.

Det kan hende at den jublande lykkekjensla og mors- / farskjærleiken, som du hadde forventa straks barnet blei fødd, lar vente på seg. For mange tar det litt tid å fordøye opplevingane før gledja over barnet kjem. Dette er vanleg og ikkje unormalt.

Om du kjenner deg veldig trist, nedstemt og har mange negative tankar, bør du snakke med lege, jordmor eller helsesøster om dette. Depresjonar etter eit svangerskap og fødsel kan oppstå, og mange treng hjelp til å handtere dette.

Det er også nokon kvinner som utviklar psykose etter fødselen, med tap av verkelegheitsforståing, ekstrem uro og forvirring. Dette er ein alvorleg tilstand som ikkje barselkvinna sjølv kan setje ord på. Pårørande må i slike tilfelle straks søkje legehjelp til kvinna. 

Etterkontroll

Mot slutten av barseltida, innan 8 veker etter fødselen, anbefaler vi deg å gå til etterkontroll. Denne kontrollen er frivillig, og du må sjølv bestille legetimen enten hos eigen lege eller jordmor.

På etterkontrollen vil legen / jordmora høyre om du har spesielle plagar eller spørsmål etter fødsel og barseltid, undersøke at livmora er tilbake til førgravid tilstand, at renselsen er normal, høyre om ammestatus og korleis du har det.

Samliv og prevensjon er eit naturleg tema under denne konsultasjonen, og du kan snakke med legen / jordmora om du ønsker å starte med prevensjon.

Samleie etter fødselen

Det er individuelt når ein ønskjer å ha samleie igjen etter ein fødsel. Amming og hormonstatus etter fødselen kan gjere at slimhinnene i skjeden kan vere tørrare enn vanleg. Har du i tillegg hatt ei rift, kan det vere ubehageleg å ha samleie dei første vekene etter fødselen. Eit glidemiddel kan vere til god hjelp i denne fasen.

Det er også vanleg at lysten til å ha samleie lar vente litt på seg etter ein fødsel. Dette gjeld både for kvinna og mannen. Vent til du / de er klare og kjenner lyst. Hugs at du kan blir gravid sjølv om du ammar, så bruk prevensjon om du ikkje ønsker eit nytt svangerskap.

Heim frå barselavdelinga - kven kan vi snakke med då?

Når du og barnet ditt drar heim frå avdelinga blir det sendt melding til helsestasjonen i ditt distrikt om at du har fått barn. Helsesøster vil etter kort tid (vanlegvis innan ei veke) ta kontakt med deg for å avtale vidare oppfølging og kontroll av barnet.

Helsestasjonens helsesøstrer vil følge opp barnet i heile barnealderen; gi tilbod om vaksinasjon, følge utviklinga til barnet og vere til hjelp og støtte for de som er foreldre / føresette.

Det er også vanleg at helsesøster eller jordmor kjem heim til deg og tar første spedbarnskontroll heime. Dette avtaler de når helsesøster / jordmor tar kontakt.

Om du ikkje har blitt kontakta av helsestasjonen innan ei veke etter heimkomst, ringer du sjølv til helsestasjonen for å avtale vidare oppfølging.



Relaterte lenker 

Helsedirektoratet - Informasjon til gravideFolkehelseinstituttet - Temaside om svangerskap, fødsel og spedbarns helseNorsk helseinformatikk - Informasjon om svangerskapHelsenorge.no - Gravid uke for ukeNav - Permisjonsrettar under svangerskap, fødsel og barseltidaUng og gravidTrygg mammamedisin

Meir om barseltida

  • Stell og bading av den nyfødde

    Vask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk tynn klut eller berre hendene dine.

  • Fødselsdepresjon

    Å få barn er noko av det største som kan skje i livet. Samstundes er det ikkje uvanleg å kjenne seg nedstemt eller deprimert i samband med ein fødsel.

  • Førebygging av krybbedød

    Krybbedød er når eit tilsynelatande friskt barn dør plutseleg og uventa utan forvarsel. Sjølv etter grundig obduksjon og undersøking av omstende, finn ein ikkje nokon forklaring på kvifor barnet døydde.

  • Oppfølging av barnet etter fødselen

    Alle nyfødde barn får tilbod om å bli undersøkt for 23 sjukdommar, som utan behandling i verste fall kan føre til alvorleg sjukdom hos barnet eller tidleg død.

  • RS-virus og vasskoppar

    Informasjon til foreldre og andre besøkande på Storken, Føde 2 og Barsel ved Kvinneklinikken.

  • Nyfødde barn frå topp til tå

    Som nybakte foreldre er det ofte mange ting ein lurer på. Tida etter fødselen byr på undring og glede, ofte blanda med ei kjensle av usikkerheit og litt uro. De skal lære barnet å kjenne, få kontroll på stell og mating - og korleis familien...


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.