Derfor lanserer Helsedirektoratet ein ny kampanje for å informere om helserisikoen.
Det har vore ein sterk auke i snusbruk blant unge kvinner dei sista ti åra. 13 prosent av kvinner i alderen 16-24 år snuser dagleg. I tilleg snuser 5 prosent av og til. Om få år kjem desse kvinnene til å bli gravide, og då kan det vere vanskeleg å slutte.
– Vårt viktigaste råd er derfor at ein sluttar i god tid før ein blir gravid, og aller helst lar vere å begynne med snus, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.
Slit du med å slutte, finst det hjelp å få; snakk med fastlege eller jordmor, og du kan finne gode slutteverktøy på slutta.no.
Sjå video frå Helsedirektoratets kampanje:
Relevante lenker
Slutta.noGraviditet, snus og røyking - Helsedirektoratet