Det er frivillig å gå til kontroll under svangerskapet. Helsedirektoratet anbefaler at alle gravide går til svangerskapskontroll hos jordmor og lege.
Hovudmålet med svangerskapskontrollane er å gi oppfølging og rettleiing til deg som er gravid, samt bistå til at ditt svangerskap og fødsel går som normalt.
Det er ingen eigendeler på helsetenester til gravide.
Helsedirektoratet sine retningslinjer for svangerskapsomsorg
Svangerskapstilbod ved KK
Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus har ikkje tilbod om svangerskapskontroll til friske gravide. Poliklinikk for gravide hos oss er ein spesialklinikk, og du må ha tilvising frå eigen lege eller jordmor for å få time hos oss.
Vi vurderer og behandlar sjuke gravide, gravide med komplikasjonar som oppstår i svangerskapet, samt gravide med komplikasjonar ved tidlegare svangerskap og fødslar.
Vaksinasjon og graviditet
På KK følgjer vi dei nasjonale retningslinjene for vaksinasjon i svangerskapet, men vi tilbyr ikkje vaksinering hos oss. Om du som gravid skal på reise utanom land i Nord-Europa, må du snakke med fastlegen din om behov for vaksinasjon.
Medisinbruk når du er gravid
Fortell alltid legen din om medisinbruken din når du vert gravid. Snakk alltid med legen din før du sluttar med medisinar du tek, endrar dosane eller før du byrjar å bruke nye medisinar.
Gravide skal som hovudregel bruke så lite medisin som mogleg. Dersom du brukar medisin som legen din har gitt deg, må du ikkje slutte med han utan å ha diskutert det med legen din fyrst.
Endringar må skje i samråd med lege
Du bør heller ikkje endre på dosane / mengda medisin utan at dette skjer i samarbeid med legen din. Det kan vere større fare for barnet og deg å slutte eller endre på medisinar du tek for sjukdomen din, enn det er å utsetje seg for dei biverkader som nokre medisinar kan gje.
Informér legen om graviditeten
Om du vert sjuk og treng medisin du ikkje har brukt før, må du fortelje legen at du er gravid. Då kan legen velje type medisin ut ifrå det. Hugs at dette også gjeld kremar til huda, medikament som ikkje er på resept og naturmedisin.
Du kan også stille spørsmål angåande medisinbruk i svangerskap til
Trygg mammamedisin.
Relaterte lenker for gravide
Helsedirektoratet - informasjon til gravide
Folkehelseinstuttet - temaside om svangerskap, fødsel og spedbarns helse
Norsk helseinformatikk - Informasjon om svangerskap
Helsenorge.no - Gravid uke for uke
Nav - permisjonsrettar under svangerskap, fødsel og barseltida
Ung og gravid
Trygg mammamedisin