Mottak og innlegging
Når du skal føde, ønsker vi at du ringer før du kjem til oss. Dette for at vi skal kunne ta imot deg på best mogleg måte. Ring Innleggelsestelefonen for fødande for å melde frå om at du kjem til KK når du trur fødselen nærmar seg. Her får du rettleiing, råd og informasjon av jordmor om kva du skal gjere, og kor og når de skal møte.
Kor skal eg føde?
Vi har tre kombinerte føde/barseleiningar hos oss - Føde A, Føde B og Føde C Storken. Når du kjem til oss, tar du kontakt med resepsjonen like innanfor inngangsdøra i opningstida til resepsjonen. Dei vil fortelje deg kor du finn vegen til rett eining. Kjem du utanom opningstida, må du ringe på klokka på høgre side for hovuddøra.
Kven møter du på Fødeavdelinga?
-
Jordmor er spesialist på det normale svangerskap, fødsel og barseltid. Ho har også eit stort ansvar og ein viktig rolle saman med legen, i å følgje opp gravide, fødande og barselkvinner som treng ekstra oppfølging, overvaking og behandling. Du vil alltid ha ei jordmor tilgjengeleg under heile fødselen og jordmødrer er og til stades i barseltida for å svare på spørsmål og gi vegleiing.
- Sjukepleiar følgjer deg og barnet ditt opp etter fødselen. Du møter dei helst i barseltida, saman med jordmor og barnepleiar/ hjelpepleiar.
-
Barnepleiarar / hjelpepleiarar er ei viktig yrkesgruppe. Dei vil saman med jordmor vere tilgjengeleg og følgje deg opp før, under og etter fødselen.
- På KK er det alltid fleire erfarne
gynekologar på vakt. Gynekologane og jordmødrene på kvart vaktskift samarbeider tett om å gjere svangerskapet, fødselen og barseltida for deg og barnet ditt best og tryggast mulig.
-
Anestesi- og operasjonspersonale og pediater / barnelege er alltid på vakt. Desse er i beredskap og kjem raskt til om det skulle bli bruk for deira tenester.
Merk at det av og til kan vere noko venting på å få epiduralbedøving, dersom anestesipersonale held på med ein operasjon.
-
Studentar. Det at vi er eit universitetssjukehus betyr at ein av våre viktigaste oppgåver er å utdanne nye helsearbeidarar. Som ein del av arbeidsteamet vårt vil vi ha studentar.
Studentane er alltid saman med ei erfaren jordmor eller lege, som er den ansvarlege for at oppfølging, pleie og behandling til deg og barnet ditt blir optimal. Dei fleste av våre fødande opplever at det å ha ein student med seg, betyr at ein ekstra fagperson er tilgjengeleg, følgjer opp og bidrar positivt.
Les meir om fødsel: Førebuingar og kva skjer før, under og etter fødsel
Føde A og Føde B
På fødeeiningane gir vi fødselshjelp ved ukompliserte fødslar og ved fødslar som krev ekstra oppfølging, overvaking og behandling.
Informasjonsfilm frå Føde A og Føde B:
Føde C Storken
Du som har hatt eit normalt svangerskap og som ventar eit friskt barn til termin kan føde på Storken. Avdelinga er ei kombinert føde- og barseleining. Vår hovudoppgåve er å legge forholda til rette for ein normal og god fødsel, og ein god start for det nyfødde barnet og familien.
På Storken har vi fire fødestover, fem familierom og fem tomannsrom. Nokre gonger kan du og barnet ditt få vere på rom med far til stades. Likevel er det viktig å vite at dersom det er fullt, får dessverre ikkje far overnatte, anna enn på dei romma som utelukkande kan brukast til enkeltrom. Det er til ei kvar tid kapasitet og behov som legg føringar for kor de skal ligge.
Informasjonsfilm frå Storken: