Observasjonspost for gravide er ein del av Føde A. Her blir sjuke gravide eller gravide med komplikasjonar i svangerskapet som treng overvaking og behandling på sjukehus innlagt.
Nord for sjukehuset, sør for Haukeland, Ibsensgate og Haukelandsveien.
Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. OBS: dette tilbodet finnst ikkje i helger og høgtider.
Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell.
Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.
Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.
Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over.
Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren.
Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg. Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.
Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.
Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Gi mor, partnar og dei nyfødde barna ro
Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og at mor har nok tid og ro til å komme i gang med bl.a amminga.
Vi ser at kvinnene som har fødd blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken og den første tida heim bør avgrensast til dei aller næraste.
Visittida på KK er derfor kun open for eigne barn.
Visittid for søsken er kl. 17.00-20.00.Les meir
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.